– Velferdsstaten overlever kriser

– Velferdsstaten si historie gir oss både trøyst og håp om at den også overlever finanskrisa. Det er dessutan den som er best til å avgrensa fattigdomen, sa statsvitskapsprofessor Kees van Kersbergen på Eilert Sundt-forelesinga i går.

HÅP: – Velferdsstaten si historie gir oss trøyst og håp om at den overlever, sa statsvitskapsprofessor Kees van Kersbergen.

Foto: Ola Sæther

– Verken velferdsstaten eller meir liberalistiske statssystem har klart å fjerna risikoen for å bli fattig. Men risikoen for å bli fattig i samband med sosiale endringar er langt mindre i velutbygde velferdsstatar enn i statar med ein meir liberalistisk økonomi, som til dømes USA,  slo Kees van Kersbergen fast og synte fram ein statistikk som viste at Nederland og Noreg var dei to landa som var flinkast til å halda den største delen av innbyggjarane i trygg avstand frå fattigdomsgrensa.  

Kees van Kersbergen er til dagleg professor i statsvitskap ved Århus Universitet i Danmark, og er mest kjend for å ha skrive ei bok om forholdet mellom kristelegdemokratane og velferdsstaten. Det var Institutt for statsvitskap som bad han om å halda årets Eilert Sundt-forelesing på SV-fakultetet.

Nederland og Noreg mest effektive mot fattigdom

Heimlandet hans Nederland og Noreg får altså best karakter når det gjeld kva land som er best til å hindra fattigdom. Tala si tale viser at trass i dette står rundt 11,2 prosent og 11,7 prosent av innbyggjarane i dei to landa heile tida i fare for å bli fattige når det skjer sosiale endringar.

– Den godt utbygde velferdsstaten hindrar også for store ulikskapar mellom ulike klassar, nettopp fordi desse statane satsar på omfordeling av den nasjonale rikdomen. Ein tar meir skatt frå dei rike, som gjer det mogleg å gi pengar til dei som treng økonomisk støtte frå staten, anten det er arbeidsledige, ugifte mødrer eller andre svake grupper. Dette er Robin Hood-prinsippet i praksis, tykte han. I dei mest liberalistiske statane, som til dømes USA, meinte han at det var det omvende Robin Hood-prinsippet som galdt, slik som bibelteksten frå Matteus 25,29: ”Den som har, skal få endå meir, og den som ikkje har, skal mista jamvel det han har.”

Dei 99 prosenta i USA

Kersbergen viste nok ein gong til USA som døme på ein slik liberalistisk økonomi.

– Dei 1 prosent rikaste innbyggjarane mottar 35 prosent av alle inntektene i USA. Det er difor protestrørsla ”Okkupér Wall Street” med stor rett kan seia at dei representerer dei 99 prosent andre innbyggjarane i USA. Denne gongen er det ikkje velferdsstaten som er målet for kritikken, derimot finansfolka, som får skulda for finanskrisa og gjeldskrisa som verda opplever akkurat no, sa Keersbergen. 

– Nøkkelen er høg sysselsetjing

Forskinga hans viste også klart kva som var grunnen til at dei best utbygde velferdsstatane også var flinkast til å hindra at store delar av folket hamna i fattigdom.

– Grunnen er at dei har lykkast i å halda eit høgt sysselsetjingsnivå, med ei heller låg arbeidsløyse. Sosiale støtteordningar til arbeidsledige, ugifte mødrer og andre grupper i risikosona, hindrar at mange av dei blir fattige, gjentok han.

Tre modellar for velferdsstaten

Kersbergen teikna tre ulike modellar for velferdsstaten. I USA har systemet omsut for dei fattige, men berre dei fattige. I Sør-Europa blir velferdsstaten kanalisert mot forskjellige yrkesgrupper med opparbeidde rettar, samtidig som dei er avhengige av at familiane tar omsorga for eigne slektningar. I Skandinavia syter staten gjennom Robin Hood-prinsippet for ei omfordeling av den nasjonale rikdomen ved at dei rikaste betaler meir i skatt enn dei dårlegare stilte, slik at desse inntektene kan brukast til å hjelpa dei som ikkje klarer seg økonomisk på eiga hand.

Kersbergen hadde også registrert at i dei mest liberalistiske statane må folk kjøpa ei sosialforsikring for å hindra ein total kollaps om dei mister jobben eller blir arbeidsuføre.

Åtak på velferdsstaten

Når det galdt spådommar om velferdsstaten sitt fall, gjekk han heilt tilbake til oljekrisa på 1970-talet, då OPEC-landa i Midtausten nekta å selja olje til Vesten fordi dei hadde støtta Israel i Yom Kippur-krigen mot Egypt og Syria i 1973.

– Då meinte mange ekspertar at velferdsordningane ville vera så gode at statane ikkje ville ha råd til å betala ut alle dei summane som folk ville gjera krav på. Det var eit åtak på ein stor statleg sektor. På same måte som USAs tidlegare president Ronald Reagan på 1980-talet kunne seia at den mest skremmande setninga på engelsk ville vera: ”I am from the government. I am here to help you” (Eg kjem frå styresmaktene, og eg er her for å hjelpa deg). Seinare la han til ”Unemployment insurance is a prepaid vacation for freeloaders”. (”Arbeidsløysetrygd er ein førehandsbetalt ferie for dei som lurer seg unna”), siterte han.  

TIL ÅTAK PÅ STATEN: USAs tidlegare president Ronald Reagan gjekk ofte til verbalt åtak på offentlege velferdsordningar og statstilsette, fortalde Kees van Kersbergen i årets Eilert Sund-forelesing. (Foto: Ola Sæther)

Kersbergen var heilt klar på at dei som spådde at auka globalisering og harmonisering av reglane for verdshandelen ville føra til mindre offentleg pengebruk, og ein reduksjon av velferdsstaten, tok feil.

– Velferdsstaten døyr ikkje ut

– Difor er det i dag forhasta å spå at velferdsstaten vil døy ut. Historia til velferdsstaten viser oss noko heilt anna. For velferdsstaten har i fleire land halde meir enn den har lova, til dømes i Skandinavia. I Sør-Europa har den lova meir enn den kunne halda, fordi politikarane frå ulike parti ikkje har kunna inngått konsensus om varige ordningar. I Hellas har også eit dårleg fungerande statsbyråkrati gjort det naudsynt for folk å betala pengar under bordet for å få dei goda som dei har rett til å få, peika han på.

Likevel såg han andre klare trekk i dei tre søreuropeiske landa Spania, Hellas og Italia.

– Både Hellas og Spania har opplevd blodige borgarkrigar som har sett djupe spor i samfunna fram til i dag. Dei har heller ikkje klart å omfordela statens inntekter for å jamna ut dei økonomiske skilnadene mellom folk. Samtidig er Italia delt i to mellom dei som støttar Berlusconi og dei som hatar han. Det som er synd i Hellas, er at dei som lir på grunn av gjeldskrisa, ikkje er dei same som har skulda for krisa, trekte han fram.  

– Pensjonsfond i trøbbel

Trass i dette såg han at krisa kunne bli endå verre.

– Pensjonsfonda er i skikkeleg trøbbel akkurat no. Den offentlege pengebruken eksploderer og trugar med å fjerna fundamenta for velferdsstaten. Med fallande fødselstal i mange land i Europa, er det naudsynt med ei viss grad av innvandring. Men det må vera ei klok innvandring av produktive personar. Det vil nemleg bli stor etterspurnad etter bestemte yrkesgrupper, spår han.  

Kees van Kersbergen var optimistisk på vegner av velferdsstaten og brukte OECD som sanningsvitne på at han har rett.

– OECD gjorde ei svært positiv evaluering av velferdsstaten si evne til å kjempa for å få ned fattigdom og ulikskap i eit samfunn. Organisasjonen påviser dessutan at dess høgare  utgiftene til sosiale velferdsordningar er i eit land, dess mindre ulikskap vil det vera mellom innbyggjarane. Til og med USA har no begynt å auka utgiftene til sosiale velferdsordningar, konstaterte Kersbergen.

 

 

 

 

 

Emneord: Økonomisk institutt, Sosiologi, Statsvitenskap Av Martin Toft
Publisert 8. nov. 2011 16:15 - Sist endra 8. nov. 2011 16:41
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere