– Teljekantsystemet bra for norsk språk

– Det er aldri publisert så mange forskingsartiklar ved norske universitet og høgskular som etter at teljekantsystemet blei innført. Mange av dei er også på norsk. Slik forsvarte NIFU-forskar Gunnar Sivertsen systemet han har vore fødselshjelpar for på Språkdagen 2011 i går.

POSITIVT: – Teljekantsystemet er eit positivt språkprosjekt i ei tid der forskingspublisering i internasjonale, vitskaplege tidsskrifter blir viktigare og viktigare, sa NIFU-forskar Gunnar Sivertsen på Språkdagen 2011 i går.

Foto: Ola Sæther

Det var det akademiske språkparadokset NIFU-forskar Gunnar Sivertsen var invitert til å halda foredrag om under Språkdagen 2011, som Språkrådet skipa til i Konserthuset i går. Han gjekk offensivt til verks for å grunngi behovet for eit teljekantsystem ved universitet og høgskular.

– I utgangspunktet var ein god del av budsjettet til universitet og høgskular basert på kor mange studiepoeng studentane oppnådde i løpet av eitt år. For at ikkje forsking skulle spela andrefiolin i høve til undervisning, blei det innført ei ordning som også premierte dei institusjonane som kunne visa til at forskarane deira hadde publisert i internasjonale tidsskrifter med godt ord på seg. Dermed fekk institusjonane også inn ein del pengar i høve til kor mykje forskarane deira publiserte, forklarte han.

Samtidig viste han til at det blei innført eit nivå 1 for dei nestbeste internasjonale forskingstidsskrifta og eit nivå 2 for dei aller beste tidsskrifta.  I det høgaste nivået skal berre dei 20 prosent beste av dei vitskaplege tidsskrifta vera representerte.

Stor auke i publiseringa

– Resultatet av dette er at det aldri er blitt publisert så mange forskingsartiklar ved norske universitet og høgskular som etter at teljekantsystemet blei innført, fortalde han.

Gunnar Sivertsen viste til at det norske systemet også inkluderer norske, vitskaplege publikasjonar, og ikkje berre baserer seg på artiklar som er registrerte i den internasjonale nettportalen «Web of Science». – På den måten får me også med vitskaplege artiklar som er publiserte på norsk i norske vitskaplege tidsskrifter. Det er viktig for humaniora, samfunnsvitskap og jus, der forskarane ofte skriv artiklar på norsk, men også ofte parallellpubliserer dei på engelsk. Det gler meg å sjå at land som Belgia og Danmark som først berre baserte seg på «Web of Science» no har begynt å bruka den norske modellen, sa Sivertsen, som stod fast på at det generelle biletet av språkbruken i vitskaplege artiklar ikkje er så ille.

Stabilt mellom engelsk og norsk

– Når det gjeld forholdet mellom vitskapleg publisering på norsk og engelsk, så er forholdet heilt stabilt. Teljekantsystemet er eit positivt språkprosjekt i ei tid der forskingspublisering i internasjonale, vitskaplege tidsskrifter blir viktigare og viktigare, konkluderte Gunnar Sivertsen med.

Økonomiprofessor Håvard Teigen frå Høgskolen i Lillehammer var ikkje einig i denne konklusjonen.

– Me veit ikkje om dette er eit resultat av teljekantsystemet eller av ei allmenn utvikling i samfunnet. Samtidig tilsvarar dei forskingspengane som blir tildelte på grunnlag av teljekantsystemet, ikkje meir enn den generelle lønns- og prisstiginga, peika han på.

– Kunnskapsdepartementet pressar på

For han var Kunnskapsdepartementet den store syndaren i utviklinga mot fleire engelskspråklege vitskaplege artiklar.

– Departementet pressar heile tida institusjonane til å publisera meir på engelsk. Det fører til at 80 prosent av dei vitskaplege publikasjonane fell utanfor det høgaste nivået, medan 20 prosent er innanfor. For meg ser det ut som ein omvendt, sosialdemokratisk klassemodell. Fylgja av det blir at me publiserer der det er enklast å få artikkelen på trykk, meinte Teigen. Så fyrte han av ein provoserande konklusjon til slutt:

– Danning på universitet og høgskular tyder no at ein skal få flest mogleg av forskarane til å publisera på dårleg engelsk. Tidlegare var danning å senda barna på musikkurs, slik at dei kunne læra seg å spela dårleg på piano.

– Norsk fagspråk er vårt viktigaste verktøy

I debatten etterpå fekk statsråd for høgare utdanning og forsking, Tora Aasland høve til å ta til motmæle mot kritikken av at engelsk overtar meir og meir for norsk på universiteta og høgskulane.

– Alle universiteta og høgskulane har ansvaret for å ta vare på og utvikla vidare eit norsk fagspråk. Det står i Universitets- og høgskulelova, minte ho om.

Retorikk- og medieprofessor Anders Johansen frå Universitetet i Bergen kom også med eit sterkt forsvar for norsk fagspråk.

– Det er vårt viktigaste vitskaplege verktøy. Språklege operasjonar står og fell med språkkunnskapen vår. Me kan tenkja på engelsk, men endå betre på norsk. Universiteta og høgskulane bør difor ha eigne, fast tilsette omsetjarar som kan hjelpa til med å gi ut vitskaplege artiklar på andre språk. Dei bør altså ikkje bruka innleigde personar til å gjera den jobben, understreka Johansen.  

Prorektor Dag Morten Dalen frå Handelshøyskolen BI, måtte derimot stå til rette for å ha innført engelsk som undervisningsspråk på alle fag utanom revisjonsstudiet på masternivå.

– Det gjer me trass i at ikkje alle forelesarane våre er like gode i engelsk. Målet vårt er å skapa eit internasjonalt læringsmiljø. Studentane våre skal ut i eit arbeidsliv som vil stilla strenge krav til at deira tilsette skal ha gode engelskkunnskapar, sa Dalen.

DEBATTERTE NORSK FAGSPRÅK: Statsråd Tora Aasland, viserektor Marit Aamodt Nielsen ved Universitetet i Agder, retorikkprofessor Anders Johansen ved Universitetet i Bergen, økonomiprofessor Håvard Teigen ved Høgskolen i Lillehammer og prorektor Dag Morten Dalen ved Handelshøyskolen BI. (Foto: Ola Sæther)

– Truga av undervisningssystemet

Økonomiprofessor Håvard Teigen hadde ein klar konklusjon på denne utviklinga.

– Dette er svært trist. Norsk språk er altså ikkje truga av teljekantsystemet, men meir av undervisningssystemet. Grunnen er at institusjonane håpar å kunna trekkja til seg fleire utanlandske studentar på den måten. Denne utviklinga må det gjerast noko med, tykte han. Statsråd Tora Aasland meinte det var viktig å halda fast på morsmålet ved dei høgare utdanningsinstitusjonane.

– Det er inga motsetjing mellom kvalitet og norsk fagspråk. Me må likevel vera klar over at 99,5 prosent av all internasjonal forsking skjer utanfor Noreg. Forskinga vår har god kvalitet, og me vil gjerne vera med i det internasjonale forskingsmiljøet. Dei norske forskings- og utdanningsinstitusjonane må difor klara å vera både internasjonale og ta vare på norsk fagspråk. Å kunna dei to norske målformene og engelsk må vera eit krav for dei som jobbar der, meinte Tora Aasland.  

Anders Johansen vedgjekk at han var ein av dei som skreiv under på eit protestbrev mot teljekantsystemet.

– Det er rett at den vitskaplege publiseringa på norsk har auka. Mellom 2005 og 2009 auka den med 13 prosent. Men samtidig har den vitskaplege publiseringa på engelsk auka med 49 prosent i den same perioden, konstaterte han.

 

 

 

 

Emneord: Språk, Språkpolitikk Av Martin Toft
Publisert 16. nov. 2011 16:33 - Sist endra 17. nov. 2011 14:19
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere