Vil ha tilbake Uniforum på papir

Styret i Uniforum går inn for å gjenopprette papirutgåva som vart nedlagt i juni. Saka skal opp i Universitetsstyret 18. oktober.

SÆRLEG VIKTIG: – Vi trur at det på eit universitet er særleg viktig å ha eit internt organ som kan utnytte papiravisa sine kvalitetar når det gjeld grundige artiklar og lengre debattinnlegg, seier Nils A. Butenschøn. (Arkivfoto)

Foto: Ola Sæther

– Styret held fast på det vi heile tida har meint: at ein så godt som råd bør utnytte styrken både ved papiravis og nettavis, og utvikle dei to vidare side om side, seier leiar i Uniforum sitt styre, Nils A. Butenschøn.

Nedlagt grunna pengemangel

Styret vedtok i mars i år å leggje ned papirutgåva av Uniforum frå og med haustsemesteret. Redaksjonen var samd i vedtaket, som hadde si årsak i ressurssituasjonen i redaksjonen. Pengane som ein sparte på trykking og distribusjon av papiravisa, vart i staden omdisponert til lønsmidlar for å sikre tilstrekkelege personalressursar i redaksjonen.

Styret i Uniforum har no gått igjennom vedtaket på nytt, etter oppfordring frå Universitetsstyret som skal ha saka opp som vedtakssak på oktobermøtet. Gjennomgangen tek mellom anna omsyn til resultata frå lesarundersøkinga som vart gjennomført i juni. Styret i Uniforum har no vedteke at ein går inn for å omstøyte nedleggingsvedtaket frå mars, men dette føreset at Universitetsstyret løyver dei midlane som trengst for å gje ut papiravisa. For 2012 utgjer dette nær 350 000 kroner. Samstundes vil Uniforum satse på å vidareutvikle nettavisa.

Meir tilgjengeleg på papir

Resultata frå lesarundersøkinga har synt at Uniforum var mest lesen i papirutgåve, og mange oppgav at dei ikkje ville bytte til å lese nettavisa. Styret peikar på at papirutgåva gjer Uniforum meir tilgjengeleg.

– Det er ei interessant utvikling at når det no blir publisert så mykje informasjon på nettet, så er ikkje nødvendigvis alt like lett tilgjengeleg. Uniforum er ikkje godt synleg på UiO sine nettsider, seier Butenschøn.

Han trur ei nettavis og ei papiravis som utfyller kvarandre er ei god løysing for Uniforum totalt sett, og er glad for ansvaret redaksjonen har vist i å utarbeide planar for dette.

 Delte meiningar i Universitetsstyret

I styrevedtaket blir det også lagt vekt på at Uniforum skal vere ei felles, uavhengig og identitetsskapande avis for hovudmålgruppa, som er dei tilsette ved UiO. Difor er det viktig at avisa også når ut til dei som ikkje har høve til å lese nyheiter på PC i arbeidstida. Papiravisa er meir synleg på campus, og betre eigna til å synleggjere kva som skjer ved UiO gjennom faste spalter.

Uniforum sin lagnad har tidlegare vore oppe som orienteringssak i Universitetsstyret, og meiningane om saka har vore delte. Nokre av styremedlemmane har vist til at universiteta i Trondheim og Bergen har gode røynsler med å omgjere internavisene sine til reine nettaviser. Styremedlem Dag O. Hessen uttala at han for nokre år sidan ville ha vore tilhengar av ei rein nettavis, men at Uniforum i dagens situasjon vil vere meir tilgjengeleg for dei tilsette i papirutgåve.

– Vi trur at det på eit universitet er særleg viktig å ha eit internt organ som kan utnytte papiravisa sine kvalitetar når det gjeld grundige artiklar og lengre debattinnlegg, seier Nils A. Butenschøn.

Universitetsstyret avgjer 18. oktober om Uniforum vil få midlar til å gje ut papiravis.

Les også:

 – Uniforum engasjerer: http://www.uniforum.uio.no/nyheter/2011/09/uniforum-engasjerer.html

 Uniforums skjebne avgjøres i oktober: http://www.uniforum.uio.no/nyheter/2011/06/uniforums-skjebne-avgjores-i-oktober.html

 Ønsker Uniforum som vedtakssak i Universitetsstyret: http://www.uniforum.uio.no/nyheter/2011/06/vil-ha-mer-diskusjon-om-uniforum.html

 Papirutgaven av Uniforum legges ned: http://www.uniforum.uio.no/nyheter/2011/03/papirutgaven-av-uniforum-legges-ned.html

 

Emneord: Uniforum nett no, Økonomi, Universitetspolitikk Av Kjerstin Gjengedal
Publisert 5. okt. 2011 16:30 - Sist endra 5. okt. 2011 16:43
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere