Universitetsstyret valde middelveg for Uniforum

Universitetsstyret vedtok på styremøtet tysdag å gje Uniforum ei ekstraordinær løyving for 2012 på 250 000 kroner. Det blir opp til styret i Uniforum å avgjere om pengane skal brukast på nett eller papir.

UEINIGE: Universitetsstyrerepresentant Kristian Mollestad og universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe diskuterer forslaget om å gi Uniforum 250 000 kroner i tilleggsløyving for 2012. Mollestad var mellom dei som ville støtta eit forslag om å gi 346 000 kroner, men sidan han var fråverande under voteringa, fall framlegget på grunn av dobbeltstemma til rektor. Bak står representantane Hanne Haavind og Dag O. Hessen som begge støtta forslaget om å gi Uniforum 346 000 kroner.

Foto: Ola Sæther

Styret i Uniforum bestemte i mars å leggje ned papiravisa frå haustsemesteret på grunn av ressursmangel. Universitetsstyret ba i juni Uniforum om å gå gjennom saka på nytt og utarbeide eit strategidokument med tilhøyrande budsjett. I notatet som vart lagt fram for Universitetsstyret til møtet tysdag, gjekk Uniforum-styret inn for å gjenopprette papiravisa. Føresetnaden var at Uniforum fekk midlar til å dekke utgiftene dette ville medføre, som for 2012 var berekna til 346 000 kroner.

På styremøtet gjorde universitetsdirektøren framlegg om å styrke Uniforum si løyving for 2012 med 250 000 kroner, som skulle hentast frå styret sin reserve. Framlegget tilsvarar litt meir enn det beløpet Uniforum søkte om i budsjettprosessen til oppgradering av nettavisa. I diskusjonen forut for røystinga vart det lansert eit alternativt framlegg til vedtak, der Uniforum vart løyvd dei 346 000 som trengst for å gjenopprette papiravisa.

– Vi veit no at Uniforum blir mykje lesen på papir, og det vil vere synd om papirutgåva blir lagt ned for godt no, sjølv om utviklinga på sikt kanskje går i retning av ei rein nettavis, sa representant for dei vitskapleg tilsette, professor Hanne Haavind, som føreslo å løyve 346 000 for å sikre papirutgåva av Uniforum.

Rektor Ole Petter Ottersen la vekt på at UiO treng ei livskraftig avis som har dei ressursane som er naudsynte for å drive på ein god måte, men han understreka for styret at ei ekstraordinær løyving til Uniforum utanom den ordinære budsjettprosessen ikkje måtte få skape ein uheldig presedens for seinare saker, og at styret måtte vege prinsipp opp mot styrking av Uniforum sine ressursar.

Dei interne styremedlemmane, inkludert studentrepresentantane, gav alle uttrykk for at sjølv om løyvinga gjekk utanom ordinær budsjettprosess, ville det likevel vere rett å gje ei ekstraordinær løyving no, under føresetnad av at driftsmidlane til Uniforum heretter kjem inn under ordinære budsjettinnspel.

Må unngå presedens

Ekstern medlem Grete A. Berget var skeptisk til at Universitetsstyret skulle opne opp for omkampar om løyvingar.

– Det bør vere opp til Uniforum sitt styre å prioritere midlane dei har til rådvelde. Dersom vegen for Uniforum på sikt går mot nettavis, kvifor ikkje leggje til rette for det allereie no? sa ho.

Ho fekk medhald av dei eksterne representantane Ole Enger og Kjetil Trædal Thorsen i at styret måtte unngå å skape presedens for liknande løyvingar.

Representant for dei teknisk-administrativt tilsette, Kristian Mollestad, måtte forlate møtet før Uniforum-saka kom opp, men gav uttrykk for at hans ståstad i saka var at styret burde løyve dei 346 000 for å sikre papirutgåva. Framlegget hans fekk fem røyster, medan fem stemte imot. Men i hans fråver fall dette framlegget mot røystene til dei eksterne representantane og dobbeltrøysta til rektor. Framlegget til universitetsdirektøren om ei ekstraordinær løyving på 250 000 vart deretter samrøystes vedteke.

– Vi er glade for at eit samrøystes styre står bak denne løyvinga, men er skuffa over at det alternative framlegget fall. Vi vil be om utvida rammer i budsjettinnspelet til 2013, sa redaktør for Uniforum, Martin Toft, etter møtet.

– Løyvinga på 250 000 gjev rom for å gje ut papiravis, men ikkje oftare enn ein gong i månaden i studieåret. No skal vi diskutere med styret korleis pengane best kan nyttast.

 

Emneord: Universitetspolitikk, Uniforum nett no, Økonomi Av Kjerstin Gjengedal
Publisert 18. okt. 2011 23:34 - Sist endra 19. okt. 2011 09:47
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere