Bedriftsorgan eller vaktbikkje?

Universitetsavisene si rolle er i endring, men avisene strevar med motstridande forventingar frå omverda. Det viste ein debatt som vart arrangert i høve Uniforum sitt 25-årsjubileum.

TRANGT OM PLASSEN: Det var trangt om plassen då Uniforum og andre skandinaviske universitetsaviser inviterte til debatt om ytringsfridomen på universiteteta i Skandinavia.

Foto: Ola Sæther

Skal universitetsavisene vere uavhengige, journalistiske produkt, eller skal dei inngå i universitetet sitt profileringsarbeid? Korleis skal ein universitetsjournalist kunne kritisere institusjonsleiinga som betalar løna hennar? Og kva er samanhengen mellom pressefridom og akademisk fridom?

Journalistar og redaktørar frå norske, svenske og danske universitets- og høgskuleaviser sat i salen då desse spørsmåla vart debatterte i Fysikkbygningen før helga.

 – Akademisk fridom er utryddingstruga

– I Noreg held tradisjonen med internt demokrati ved utdanningsinstitusjonane på å forsvinne. Difor er det naudsynt at universitetsavisene arbeider etter Redaktørplakaten. No ser vi at UiO-leiinga vengeklipper Uniforum til fordel for eit sentralt propagandaapparat, og min konklusjon er at akademisk fridom må på raudlista over utryddingtruga artar, sa professor Kristian Gundersen ved Institutt for molekylær biovitskap.

Redaktørplakaten er ei erklæring om redaktøren sine etiske retningsliner og ansvar, mellom anna for å ivareta ytringsfridomen og leggje til rette for sakleg og fri informasjons- og opinionsformidling. Både Uniforum, Universitetsavisa ved NTNU og På Høyden ved UiB har no fått redaktørplakat som skal sikre avisene sin uavhengigheit.

 – Her må vi skilje mellom tre former for fridom, meinte viserektor Ragnhild Hennum.

 – Den akademiske fridomen, som i Noreg vil seie retten til fritt å velje forskingstema og metode, og til å offentleggjere resultata. Det største trugsmålet mot den akademiske fridomen er tematisk styrt forskingsfinansiering. I tillegg har vi ytringsfridom, som gjeld alle, og pressefridom, som er ein del av ytringsfridomen. Ein skal vere svært kritisk for å kalle Uniforum ein propagandakanal, men eg tykkjer det blir merkeleg å seie at ei universitetsavis først og fremst skal vere kritisk. Ei avis skal vel først og fremst vere sannferdig og gje korrekt informasjon?

 Må tene samfunnet

Paneldebatten viste at universitetsavisene risikerer å hamne i ei klemme mellom interessene til leiinga, forskarsamfunnet og samfunnet utanfor. Britta Collberg, journalist ved Lunds universitets magasin, peika på at universiteta blir drivne for skattepengar, og at samfunnet difor har rett til å vente at nokon tek ansvaret for å granske korleis midlane blir brukte. Sidan massemedia generelt ikkje tek dette ansvaret, må universitetsavisene gjere jobben.

 – Vi kan ikkje vente at folk flest skal sette seg inn i kva som skjer ved universiteta gjennom å lese rapportar. Eg meiner vi universitetsjournalistar bør ha same status som internrevisorar, men då treng vi redaktørplakat og eit klart mandat, sa ho.

 Men redaktørplakaten er ikkje alltid nok til å sikre pressefridomen, hevda redaktør i Universitetsavisen ved Københavns Universitet, Richard Bisgaard:

 – Eg må leve med at rektor kan seie meg opp. Representantar for leiinga har majoritet i styret for avisa. Det gjer arbeidet vårt vanskeleg å føreseie. Ytringsfridomen gjev offentleg tilsette rett til å uttale seg om tilhøva på arbeidsplassen, men vi opplever at mange tilsette ikkje vil uttale seg av frykt for å misse sjansen til å avansere i jobben, eller av frykt for å sverte instituttet og ikkje tiltrekke seg eksterne forskingsmidlar. Fleirtalet av forskarane våre er dessutan mellombels tilsette, og det får konsekvensar for kva ein vågar å seie.

 Nærleik gjev makt

Ved NTNU fekk Universitetsavisa redaktørplakat i 2007, etter ein hard strid om campuslokaliseringar der avisa vart skulda for å fungere som eit talerøyr for leiinga. Redaktør Tore Oksholen meinte å sjå to motstridande tendensar: Ein auke i pressefridomen for universitetsavisene, men ei avgrensing av den akademiske fridomen.

 – Eg trur Universitetsavisa berre vil bli viktigare i tida som kjem. Vi er tett på leiinga og kjeldene våre. Det set høge krav til ryggrad og personleg integritet hos redaktøren, heilt uavhengig av om vi jobbar under redaktørplakaten eller ikkje, men det gjev oss samstundes eit unikt innblikk i organisasjonen vi skriv om. Vi har innsikt, og det gjev oss makt – og det veit leiinga, sa han.

 Garanti mot maktovergrep

Panelet var samde om at eit universitet ikkje automatisk kan samanliknast med andre store organisasjonar.

IKKJE BEDRIFTER: - Universitet er ikkje bedrifter, 

men ei form for lokalsamfunn, meinte Kristian Gundersen. (Foto: Ola Sæther)

– Universitet er ikkje bedrifter, men ei form for lokalsamfunn. Det gjer pressefridom viktig, meinte Gundersen.

 – Men universiteta blir i dag oppfatta som vekstmotorar for økonomien. Vi held på å få styringsformer som tilsvarar dei som finst i bedrifter, og med det kjem nye lojalitetskrav til dei tilsette. Det endrar samfunnsrolla vår på ein uhyggeleg måte. I denne situasjonen er det viktig at vi som redaktørar gjev uttrykk for at vi vil halde på dei humboldtske ideala, sa Bisgaard.

 Oksholen var samd i det:

New public management får heile tida større innpass. Difor er fristilte universitetsaviser essensielle for å sikre tilsette mot maktovergrep.

 

 

 

Emneord: Internasjonalisering, Uniforum nett no, UiOs 200-årsjubileum, Universitetspolitikk Av Kjerstin Gjengedal
Publisert 4. okt. 2011 13:07 - Sist endra 4. okt. 2011 14:05
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere