200 år i teneste for folket

– Universitetet i Oslo blei til etter ei folkegåve. Det kan vera ein av grunnane til at universitetet alltid har hatt nær kontakt med politikarar og vanlege folk, seier John Peter Collett. Han er hovudredaktør for historieverket om Noregs første universitet, Universitetet i Oslo 18112011.

ALDRI ELFENBEINSTÅRN: – Universitetet har aldri vore eit elfenbeinstårn, og det har aldri vore yngleplass for ein udemokratisk elite, konstaterer John Peter Collett, som har vore hovudredaktør for bokverket om UiOs 200 år lange historie.

Foto: Ola Sæther

Dagen før den offisielle presentasjonen av det ni band store verket om Universitetet i Oslos første 200 år, er bøkene enno ikkje klare frå trykkeriet. Hovudredaktør John Peter Collett trippar difor smånervøst rundt i gangane i 4. etasje i Niels Henrik Abels hus, der han og staben i Forum for universitetshistorie har halde hus dei siste ti åra. Sjølv har han tatt føre seg dei første 50 åra av universitetshistoria.

– Bindestrekdisiplinar

– Det mest interessante er å sjå kor store delar av Noregshistoria som er tett samanvovne med universitetshistoria. Universitetet har heile tida tatt på seg store oppgåver for den norske staten og for det norske folket. Det har vore ein nasjonal institusjon som har vore avhengig av løyvingar frå staten, peikar han på.

Collett ser at det har prega fagdisiplinane på universitetet.

– Difor har det blitt satsa på havforsking, fiskeriforsking, polarforsking og meteorologi. Det er grunnen til at bindestrekdisiplinar som til dømes geokjemi og geofysikk har spela ei stor rolle i norsk forsking. Norske forskarar har vore meir opptekne av den praktiske bruken av desse faga i staden for å utvikla reint teoretisk kjemi og teoretisk fysikk. Der finn me grunnen til at så få av desse forskarane har fått Nobelprisen i fysikk og kjemi, konstaterer han.

Gullalderen

John Peter Collett har blinka ut tida frå slutten av 1890-åra til og med 1914 som perioden då universitetet markerte seg sterkast i den internasjonale forskingsfronten.

– På den tida var ein imponerande stor del av dei heller få professorane verdskjende. Då hadde universitetet professorar som Vilhelm Bjerknes, meteorologien sin far, Kristian Birkeland, mannen som vart verdskjend for metoden sin til å utvinna kunstgjødsel frå lufta, W. C. Brøgger, geologen og rektoren, Victor Moritz Goldschmidt, geokjemien sin far, og Fridtjof Nansen, hjerne- og polarforskaren og humanisten, for å nemna nokre. Innanfor språkvitskapen var Sophus Bugge verdskjend i denne perioden.

Sjølv om dette var ein glansperiode, var det ikkje like stor stas å vera student.

– Seinare stortingspresident C. J. Hambro skriv i memoarboka si om korleis studentar gjekk for lut og kaldt vatn, fortel Collett.

Kultur for fred

Seinare blei universitetet opptatt av korleis kultur kunne skapa fred.

– Etter initiativ frå seinare rektor Fredrik Stang og andre forskarar ved universitetet blei det starta eit institutt for samanliknande kulturforsking. Bakgrunnen var at Noreg etter den 1. verdskrigen gjerne ville byggja opp omdømmet sitt som ein fredselskande nasjon. Ideen var at dersom ein samanlikna dei ulike kulturdraga i Europa med kvarandre, ville ein finna mange likskapar hos alle desse folkeslaga, og det ville etter deira meining kunna vera fredsbyggjande. I den forskinga finst det ein raud tråd fram til Johan Galtung danna Institutt for fredsforsking i 1959, har Collett registrert.

Internasjonalisering

I mellomkrigstida var Oslo blitt eit universitetssentrum i Europa som aldri før.

– Mange norske forskarar reiste til andre land og knytte sterke band til internasjonale nettverk. Ein av dei var den seinare utanriksministeren Halvdan Koht. Han spelte ei svært viktig rolle for at det blei skipa til ganske mange internasjonale forskarkonferansar i Oslo i mellomkrigstida. Etter den andre verdskrigen gjekk denne tendensen tilbake, meiner Collett.

Likevel viser det seg at det var store skilnader mellom dei ulike fagområda. – Nokre vart tett integrerte i internasjonale nettverk, medan andre var mest opptekne av å byggja landet, poengterer historieprofessoren.

Frå protestantisk dogmevaktar til vitskapsinstitusjon

I løpet av dei første 100 åra av universitetet si historie ser Collett ei klar utvikling i synet på vitskapen.

– Frå å vera ein protestantisk institusjon som var opptatt av å formidla kunnskapen om den rette trua, utvikla universitetet seg til ein sann vitskapsinstitusjon der det viktigaste var å stilla dei kritiske spørsmåla.

 – Under 50-årsjubileet blei det snakka om vitskapen som ein idé og som eit ideal å strekkja seg mot. Under markeringa av 100-årsjubileet i 1911  skildra W. C. Brøgger vitskapen som ein dynamisk og skapande prosess. Vitskap vart til forsking, og universitetet trong då meir pengar til forsking og til finansiering av den høgare utdanninga, konkluderer Collett med.

Men universitetet var ikkje berre opptatt av utdanning, men også av danning, har Collett funne klare prov på.

Danningsideen er tona ned

– I mange tiår heldt universitetsprofessorane fast på behovet for eit halvtanna år langt innføringskurs for alle studentar. Alle måtte gå gjennom eit danningsstudium for å bli ein verkeleg akademikar, var tanken. Etter kvart blei det korta ned på dette innføringskurset, til det som står att er ex.phil. slik me no kjenner det, og slik det frå 1950-talet og fram til i dag fekk ein renessanse gjennom logikk- og filosofiundervisninga til Arne Næss, fortel Collett.

– Ut over ex.phil. er ikkje universitetsstudia i dag særleg innretta for danning, det er sakkunnskap som er det viktigaste.

– Jusstudiet held på tradisjonen

Han ser likevel at ein fagdisiplin på universitet framleis har halde fast på tanken om studiet som ein danningsprosess.

– Det juridiske fakultetet har som mål at studentane deira ikkje berre skal læra seg fag og tileigna seg kunnskap. Dei skal bli juristar, med ein særskilt tenkjemåte og eit særleg skjønn – og ein særleg måte å ordleggja seg på. Me finn noko av det same i fleire fag, men knapt nokon stad så medvite som hos juristane, understrekar Collett.

Same oppgåver – nye løysingar

Hovudformålet til universitetet har forandra seg lite.

– Det har heile tida vore å løysa oppgåver for samfunnet og utdanna og danna nye ungdommar til å bli nyttige og gode samfunnsborgarar. Oppgåvene har mange gonger vore dei same, men løysingane har skifta. Det ligg eit klart samfunnsengasjement og samfunnsansvar som ein raud tråd gjennom universitetshistoria.

– Universitetet har aldri vore eit elfenbeinstårn, og det har aldri vore yngleplass for ein udemokratisk elite. I Tyskland, England og til og med i Sverige var universiteta lenge aristokratiske og stod fjernt frå folk flest og låg ofte i ein rar, liten by, som til dømes Heidelberg eller Lund.

– I Noreg har det nasjonale universitetet lege i hovudstaden og vore i nær kontakt med dei andre samfunnsinstitusjonane. Difor har det ikkje distansert seg frå folket det skal tena, men vore nærverande og tilgjengeleg, seier Collett.

Først ute med å gi tillitsverv til studentar

Historieprofessoren viser til eit område der Universitetet i Oslo har vore verdsleiande.

– Det var eit av dei første universiteta i verda som gav studentar plass i dei styrande organa, og som samtidig gav dei høve til å ta initiativ. Eit resultat av det var etableringa av Studentsamskipnaden i Oslo på 1930-talet.

– No er de ferdige med eit historieverk om UiO på ni band. Trur du at det vil bli folkelesing?

– Bøkene vil i alle fall vera moglege å lesa også for dei som ikkje er historikarar, men som berre er interesserte i å lesa om universitetet. Alle dei tilsette skal kunne sjå samanhengen mellom det dei gjer i dag og den tidlegare historia til universitetet. Heile redaksjonen har også arbeidd hardt med språket og bakgrunnsinformasjonen, slik at det skal vera lett for folk som ikkje er ekspertar på dei ulike fagdisiplinane å setja seg inn i vitskapshistoria.

Fagmiljøet blir lagt ned

– Kva skjer med Forum for universitetshistorie no?

 Forum for universitetshistorie:

- starta i 1993

- har kosta 40 millionar kroner

- har gitt over 100 publikasjonar, av dei seks doktorgradar og 30 hovud-/masterfagsoppgåver

 

 

– Prosjektet blir avslutta neste år. Personleg synest eg det er synd, etter at me har bygd opp eit så godt fagmiljø på utdannings- og vitskapshistorie. For UiO er det dumt at den investeringa det har gjort i prosjektet, ikkje blir ført vidare innanfor dette fagområdet, seier John Peter Collett.

Bøkene blei leverte frå trykkeriet tysdag 18. oktober klokka 15.15. Det var ein time og 45 minuttar før hovudredaktør John Peter Collett kunne gi dei til rektor Ole Petter Ottersen i Gamle festsal. Det var eit talande symbol på at arbeidet med det ni band store verket om Universitetet i Oslos 200 år lange historie, var ferdig.

 

Universitetet i Oslo 1811–2011 er sett saman av ni bøker:

Seks kronologiske bøker:

1.   1811–1870       Universitetet i nasjonen                   John Peter Collett

2.   1870–1911       Vitenskapenes universitet               Jon R. Kyllingstad, Thor Inge Rørvik

3.   1911–1940       Inn i forskningsalderen                     Jorunn Sem Fure

4.   1945–1945       Universitetet i Kamp*                        Jorunn Sem Fure

      *Boka er tidlegare utgjeven med same tittel på Vidarforlaget, men er sett på nytt med bl.a. fleire bilete.

5.   1945–1975       Den store transformasjonen              Fredrik W. Thue, Kim G. Helsvig

6.   1975–2011       Mot en ny samfunnskontrakt              Kim G. Helsvig

Tre utfyllande bøker:

7.   Samtidshistoriske perspektiver (antologi)

- Eirinn Larsen: Jubileumshistorie nedenfra – UiO og nye studentgrupper

- Peder Anker: Den store økologiske vekkelsen som har hjemsøkt vårt land

- Bent Sofus Tranøy:         Fra knappe ressurser til overflod,
                                          Ernæring og samfunnsøkonomi – to fag i samfunnet

- Magnus Gulbrandsen: Kristian Birkelands spøkelse – Universitetet i Oslo og innovasjon

- Johannes W. Løvhaug:      Overlæreren i rampelyset:
                                             Universitetet i mediesamfunnet 1970–2011

8.   Jan Eivind Myhre: Kunnskapsbærerne 1811–2011– Akademikere mellom universitet og samfunn

9.   Tor Ivar Hansen (red.): Studentminner

 

 

 

 

 

 

Emneord: UiOs 200-årsjubileum, Universitetshistorie Av Martin Toft
Publisert 20. okt. 2011 11:51 - Sist endra 21. okt. 2011 15:55
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere