Både Marianne Reusch og Mikkel Christensen vil representera Austlandet i landsfinalen i Forskar-Grand Prix i Bergen neste helg. Marianne Reusch fekk i tillegg eit reisestipend på 10 000 kroner.
Fekk ekstrasjanse av dommarane
Truleg var Marianne Reusch sjølv den som blei mest overraska over at ho klarte å vinna landsdelsfinalen. Etter den første utslagsrunden var ho nemleg ikkje mellom dei som hadde høgast poengsum totalt frå publikum og dommarane. Det var det Anne Chapuis frå Universitetet for miljø- og biovitskap, Mikkel Christensen frå Kjemisk institutt/Kulturhistorisk museum ved UiO og Lene Berge Holm frå Akershus universitetssykehus som hadde. Men dommarane hadde rett til å plukka ut ein ekstra deltakar til superfinalen, og då valde dei Marianne Reusch.
Kjole dekorert med lovparagrafar
Ho takka for tillitten ved å halda eit glitrande foredrag om fordelar og ulemper med måten dagens allemannsrett og andre lovar og føreskrifter som regulerer friluftslivet blir praktiserte. I ein kjole dekorert med lovparagrafar viste Reusch til dilemmaet mellom trekanten staten, grunneigaren og ålmenta, og fekk til slutt ein av dommarane til å bli overtydd om at det var naudsynt å skjerpa inn ein del av allemannsretten, om den ikkje skulle gå over stokk og stein. Med begge foredraga sine, i første runde og i superfinalen, vann Marianne Reusch sympati og fine ord frå dommarane, og fekk 16 poeng av dei i superfinalen.
Fekk finaleplass med "Musevisa"
Mikkel Christensen kom derimot berre på tredjeplass hos dommarane med 13 poeng i superfinalen. Dei meinte at Anne Chapuis frå Universitet for miljø- og biovitskap var betre og gav henne 15 poeng. Men med visa si om korleis det er mogleg å reparera øydelagt treverk i fornminne frå vikingtida til melodi av "Musevisa" vann han publikum sine hjarter og fekk publikum til å syngja med, og han kunne difor ta andreplassen og den siste av dei to finaleplassane til Austlandet under landsfinalen i Bergen neste helg.
- Redninga for forskinga
UiO-rektor Ole Petter Ottersen var godt nøgd med alle dei åtte deltakarane:
- Det er ingenting som er viktigare enn å skapa entusiasme for forsking. Dette er redninga for forskinga, meinte han.
Landsdelsfinalen i Forskar-Grand Prix blei fint losa i hamn av dei godt rutinerte programleiarane Haddy N'jie og Erik Solbakken. Og det var jubileumssekretariatet for UiO:200 som hadde administrert Forskar-Grand Prix.
Logg inn for å kommentere