Sluttar som kommunikasjonsdirektør

Siv Nordrum sluttar som kommunikasjonsdirektør ved Universitetet i Oslo frå årsskiftet. Etter det Uniforum kjenner til, går ho til ei nyoppretta stilling som kommunikasjonsdirektør i Statistisk sentralbyrå.

SLUTTAR: Siv Nordrum sluttar som kommunikasjonsdirektør ved UiO for å overta ei liknande stilling i Statistisk sentralbyrå. (Arkivfoto)

Foto: Ola Sæther

Siv Nordrum  er tilsett i den nyoppretta stillinga som kommunikasjonsdirektør.i Statistisk sentralbyrå. Det stadfestar Heidi Torstensen, som er seksjonssjef for personal og kompetanse i SSB.

Siv Nordrum har sjølv orientert både dei tilsette i Kommunikasjonsavdelinga og universitetsleiinga om at ho er blitt tilsett som kommunikasjonsdirektør i Statistisk sentralbyrå, og vil slutta på Universitetet i Oslo frå og med årsskiftet. 

Siv Nordrum begynte som kommunikasjonsdirektør ved Universitetet i Oslo hausten 2006. Då hadde ho tidlegare mellom anna vore statssekretær på Statsministerens kontor i Bondevik II-regjeringa og arbeidd i nyhendeavdelinga i NRK.

 

Emneord: Personalbehandling/politikk, Universitetspolitikk, Informasjonsavdelinga Av Martin Toft
Publisert 27. sep. 2011 11:07 - Sist endra 27. sep. 2011 11:54
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere