Hylla Universitetet i Oslo på 200-årsdagen

– Høge ambisjonar innanfor utdanning og forsking er det usynlege reisverket i eit kvart universitet. Det unge universitetet i Christiania hadde ambisjonar. Universitetet i Oslo anno 2011 har store ambisjonar, sa rektor Ole Petter Ottersen i talen sin under markeringa av 200-årsjubileet i Universitetets aula i ettermiddag.

STOR APPLAUS: Barratt Dues Unge Symfoniorkester fekk mest applaus av alle dei som deltok på Festmøtet i Universitetets aula 2. september.

Foto: Ola Sæther

Litt før klokka 15.00 troppa majestetane kong Harald, dronning Margrethe av Danmark og dronning Sonja opp utanfor Universitetets aula, spaserte på den raude løparen opp Aula-trappa før dei kom inn i ein nyrestaurert aula stappfull av inviterte gjester. Så fylgde rektoratet, Universitetsstyret, dekanane og alle æresdoktorane.

Då kunne Barratt Dues Unge Symfoniorkester sleppa til med Johan Svendsens Fest-polonaise, Opus 12 i E-dur.  

Konferansier Nadia Hasnaoui kunne straks gi ordet til UiO-rektor Ole Petter Ottersen.

– Ein heider til alle lærestader

 KONGELEG VELKOMST: Rektor Ole Petter Ottersen tok imot kong Harald, dronning Margrethe av Danmark og dronning Sonja og fylgde dei til plassane deira i Universitetets aula.

– 200-årsjubileet til Universitetet i Oslo er samtidig ein heider til alle andre lærestader i Noreg som kan fylgja røtene sine tilbake til dette universitetet.  Den akademiske fellesskapen er viktigare enn nokon gong. Då Edvard Munch måla Alma Mater, tenkte han på universitetet som samfunnet si nærande mor, sa Ottersen. Han viste til at UiO sette det unge, frie Noreg på kartet gjennom forsking på høgt internasjonalt nivå, men også bokstaveleg talt gjennom Christopher Hansteens arbeid i Observatoriet. 

– I Noregs første universitetsbygning definerte Hansteen lengde- og breiddegrad så nøyaktig at det berre kunne vera ei feilrekning på 200 meter.I november er Observatoriet klar etter restaurering, og då opnar den for skuleelevar. Me kan visa at ting som me tar som sjølvsagt, som til dømes vår plass på jorda, er eit resultat av grunnleggjande forsking, presiserte han.

– Blei eit universitet for dei mange

Etter kvart gjorde UiO-rektoren eit langt sprang til 1960-talet og meir moderne tider.

– På 1960-talet gjekk universitetet frå å vera for dei få til å bli for dei mange. Korleis skulle så mange studentar klara å få nær kontakt med forskarane? Grunnlaget for eit universitet er jo forskingsbasert undervisning. Det er heile tida tett kopling mellom utdanning og forsking. Hovudoppgåva vår er å danna og utdanna borgarar som tar del i demokratiet og som også har empati for ting som strekkjer seg utanfor landegrensene, understreka Ottersen. 

– Treng disiplinsprengjande forskarar

I tida framover såg han fleire viktige utfordringar for Universitetet i Oslo.

– Me treng forskarar som kan sprengja grensene for sin eigen fagdisiplin. Satsinga vår på livsvitskap har eit spenn frå molekyl til samfunn. Viktige tema vil også vera kulturell kompleksitet, energi og helse. Universiteta skal ta vare på norsk kultur og språk, men dei skal også vera universelle, aktivitetane deira skal sprengja grensene for både tid og rom. Alma mater har aldri vore viktigare enn i dag, slo Ottersen fast.  

– Bestod prøven under krigen

Høgare utdannings- og forskingsminister Tora Aasland helsa 200-årsjubilanten på vegner av regjeringa.

– Gratulerer med dagen og til lykke med både Ole-Johan Dahls hus og den nyrestaurerte Aulaen, som altså var regjeringa si jubileumsgåve til Universitetet i Oslo. Ho tok utgangspunkt i 1943, då over 1200 studentar og universitetslærarar blei arresterte av Gestapo. 650 av dei blei sende til fangeleirar i Tyskland.

 – Universitetet i Oslo bestod prøven og blei aldri nazifisert. Tilsette og studentar har heile tida kome med kunnskap og vore dei fremste til å dyrka kritisk tenking og sjølvrefleksjon. Det har vore til glede og nytte for oss alle, meinte statsråden.

Åtvara mot høgreradikalismen og rasismen

Den einaste av talarane som kom med politiske føringar under seremonien, var leiaren for Studentparlamentet, Stian Skaalbones.

– Det er lett å tenkja at verda går framover og at med så mykje kunnskap som me rår over, bør det vera mogleg å redusera fattigdommen og skapa eit betre liv for alle. Faktum er at høgreradikalismen og rasismen er på frammarsj i Europa. Det skjer også ei sterkare og sterkare kommersialisering av utdanning i Europa. Studentparlamentet har valt inkludering og solidaritet som sin hovudbodskap. Universitetet skal vera sett saman av folk frå alle samfunnslag. Dyktige kvinnfolk skal inn i realfaga, kravde han.

– Må forska på fornybar energi

Til sist kom han med ein brannfakkel nettopp til realfagsmiljøet.

– I mange tiår har fleire av dei beste forskarane fått lov til å bruka talenta sine til å finna mest mogleg olje. No må me bruka desse forskarane til å utvikla fornybar energi, meinte Skaalbones.

Både Oslos ordførar Fabian Stang og leiaren for Universitets- og høgskulerådet  Jan I. Haaland tok del i hyllinga av 200-årsjubilanten Universitetet i Oslo. Alle fekk også velfortent applaus. 

Det var likevel dei aller yngste i Aulaen som fekk  mest applaus, nemleg Barratt Dues Unge Symfoniorkester. Dei skapte ein flott atmosfære rundt markeringa av Universitetet i Oslos 200-årsjubileum i Universitetets aula.

 

 GLAD ORDFØRAR: Ordførar Fabian Stang fekk nesten lyst til å bli dirigent etter å ha høyrt Barratt Dues Unge Symfoniorkester. Nadia Hasnaoui var konferansier for festmøtet.

 

 

Emneord: Universitetets Aula, UiOs 200-årsjubileum Av Martin Toft og Ola Sæther (foto)
Publisert 2. sep. 2011 18:49 - Sist endret 5. sep. 2011 13:06
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikke UiO- eller Feide-bruker?
Opprett en WebID-bruker for å kommentere