Fest for tusen på Blindern

Etter vorspiela og festmøtet i Universitetets aula var det fest for mange tusen på Blindern. Bigbang-vokalisten Øystein Greni spelte opp til fest og inviterte mellom anna musikarvennen Lars Lillo Stenberg opp på scenen.

ROCKA FEST: Bigbang-vokalist Øystein Greni og Lars Lillo Stenberg frå DeLillos skapar jubileumsstemning på Blindern.

Foto: Ola Sæther

Mange tusen studentar og tilsette på Universitetet i Oslo møtte opp då Bigbang-vokalisten Øystein Greni med venner inviterte til jubileumskonsert på Frederikkeplassen på Blindern fredag 2. september. Konserten starta klokka 17.30 og heldt på fram til klokka 19.00.

Då gjekk folk vidare anten til fest i tre etasjar i det nyopna Ole Johan Dahls hus eller til klassiske konsertopplevingar i storstova Georg Sverdrups hus på Blindern. Og dei som heldt ut lengst, gjekk

ikkje heimatt før dei også hadde deltatt på nachspielet i Chateau Neuf. 

Det er tvilsamt om så veldig mange av dei kom seg opp tidsnok for å få med seg arrangementet Tre opne hus laurdag 3. september. Då opna Universitetet i Oslo dørene for folk flest til Midtbygningen med Univesitetets aula, Urbygningen med Gamle festsal og Domus Bibliotheca, med eit av landets finaste bibliotek.

 

Emneord: Kultur, Musikk, UiOs 200-årsjubileum Av Martin Toft og Ola Sæther (foto)
Publisert 3. sep. 2011 16:23 - Sist endra 5. sep. 2011 13:07
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere