Storslått opning av den nyrestaurerte Aulaen

Både kong Harald  og statsminister Jens Stoltenberg deltok under den høgtidelege opninga av den nyrestaurerte Aulaen i går ettermiddag. Rektor Ole Petter Ottersen og universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe kunne nøgde observera ein  aula smekkfull av inviterte gjester frå  regjering, storting, statsapparat, akademia og Oslo kommune.

PÅ FØRSTE BENK: Statsminister Jens Stoltenberg på første benk under opninga av den nyrestaurerte Aulaen i går. To plassar til venstre for statsministeren sit prorektor Inga Bostad, medan universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe sit på plassen til høgre for statsministeren. Ved sida av statsministeren i kvit jakke sit regjeringsråd Nina Frisak, og bortanfor sit ordførar i Oslo, Fabian Stang.  

Foto: Ola Sæther

- Universitetets aula er landets storstove, ikkje berre for kulturen, men gjennom mange tiår også for Nobels fredspris. Denne gåva er folket si gåve til folket, sa statsminister Jens Stoltenberg i talen sin under opninga. Restaureringa har kosta 500 millionar kroner, og arbeida i Aulaen har saman med fornyinga av heile det gamle universitetskvartalet i Oslo, fått ein samla prislapp på om lag 700 millionar kroner. Oslo filharmoniske orkester stod for den musikalske delen av programmet. 

Emneord: Universitetets Aula Av Martin Toft
Publisert 17. juni 2011 12:13 - Sist endra 17. juni 2011 14:13
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere