– Ingen diktator kan føla seg trygg

– Folket i Tunisia viste at det var mogleg å styrta eit autoritært regime. Om folket i Egypt klarer det same, skal ingen diktator i Midtausten og Nord-Afrika føla seg trygg, seier førsteamanuensis Bjørn Olav Utvik ved UiO til Uniforum.

VIL KASTA MUBARAK: Egyptarar krev at president Hosni Mubarak skal gå av .

Foto: Mohammed Abed/AFP/Getty Images

– Det er heilt umogleg å svara på kvifor Tunisia var først ute med å kasta diktatoren sin. Truleg var styret mykje meir undertrykkjande enn det me trudde tidlegare.  For nokre veker sidan måtte me svara på kvifor ingen av innbyggjarane i Midtausten gjorde opprør mot desse autoritære regima. Det ser ut til at dei held krutet tørt, heilt til misnøya eksploderer, seier førsteamanuensis Bjørn Olav Utvik ved Institutt for kulturhistorie og orientalske språk (IKOS) på UiO. 

Både aviser og kringkasting vil ha vurderingane hans av det som skjer akkurat no. Utvik er overtydd om at opprøret vil kunna spreia seg frå Tunisia og Egypt til andre land i regionen.

– Når det kunne skje i Tunisia, kan kva som helst skje. Ingen av regima i området har politisk legitimitet. Difor har den folkelege misnøya bygd seg opp til den kokar over i Tunisia og Egypt. Dette var land der dei politiske regima ein gong jobba for sosial rettferd, men dei har begge rotna på rot, meiner Utvik. Og eitt vestleg land bør gå ekstra stilt i dørene.

– Frankrike har delt ut menneskerettsprisar både til Tunisias avsette diktator Ben Ali og til Egypts president Hosni Mubarak.

– Mubarak er gått av

– Trur du at Hosni Mubarak vil gå av slik demonstrantane krev?

– Eg trur at han har gått av allereie, for både sønene hans og dei næraste medarbeidarane hans har reist frå Egypt og gått frå stillingane sine. Hæren har truleg gitt han ordre om dette, samtidig som den også står bak utnemninga av den tidlegare etterretningssjefen Omar Suleiman som visepresident. Så dersom Mubarak blir sjuk eller trekkjer seg av andre grunnar, kan Suleiman overta presidentembetet.

– Dermed har i alle fall hæren sett bom for den planlagde arverekkjefylgja i Egypt. Hosni Mubarak har lenge arbeidd for at sonen hans Gamal skal etterfylgja han som president. Den andre sonen hans, Ali Mubarak er frykteleg upopulær og styrtrik, fordi han er sonen til faren sin, konstaterer Utvik.

Medan politiet og regimet det forsvarar, er hata av vanlege egyptarar, har hæren stor respekt blant folk flest.

– Hæren er kjernen i regimet. No står det overfor to drastiske val: Hæren må prøva å slå ned opprøret. Det kan bli svært blodig, for opprøret går ikkje føre seg berre i Kairo, men også i byar som Alexandria og Suez. I verste fall kan resultatet bli ein borgarkrig. Det andre alternativet hæren har, er å ta kontakt med representantar for demonstrantane som kan forhandla seg fram til ein avtale om ei overgangsregjering.

– Etter mi meining vil det då vera naturleg å halda eit nytt parlamentsval samtidig med det planlagde presidentvalet til hausten. Først burde dei også ha organisert ei grunnlovgjevande forsamling som kunne ha redusert litt av den makta som dagens grunnlov gir Egypts president, seier Utvik. Han oppheldt seg fire månader i Egypt i fjor haust, og opplevde gjennomføringa av eit svært tvilsamt parlamentsval. – Nesten alle opposisjonspartia, inkludert Den muslimske brorskapen trekte seg etter første runde på grunn av omfattande valfusk.

Den muslimske brorskapen best organisert

Mange ser på den tidlegare direktøren for FNs atomenergibyrå (IAEA) fredsprisvinnaren Mohamed ElBaradei som ein reddande engel for Egypt.

– Eg trur han kan bli ein overgangsfigur, men historia har vist at overgangsfigurar kan bli permanente om dei gjer det bra, peikar han på.  

I Egypt er Den muslimske brorskapen den best organiserte opposisjonsgruppa.

– Kravet om frie val, organisasjons- og ytringsfridom står også dei bak. Om det hadde vore frie val under Mubarak, kunne dei truleg fått mellom 40 og 60 prosent av stemmene. Men ein av leiarane for brorskapen, som eg snakka med i fjor haust, meinte at i eit demokrati med fleire parti og med ytringsfridom ville dei få mellom 20 og 30 prosent av stemmene. Han meinte at grunnen til at dei har så stor oppslutnad i dag, er at folk vil visa motstand mot dagens regime.  

– Ingen ny islamsk revolusjon

 MEIR KRITISK: – Ein annan egyptisk president enn Hosni Mubarak vil vera langt meir kritisk til både Israel og USA, meiner Midtausten-ekspert Bjørn Olav Utvik.(Foto: Ola Sæther)

– Kan ein då risikera at opprøret i Egypt i 2011 endar opp som Den islamske revolusjonen i Iran i 1979?

– Nei, på ingen måte. Sunni-islam har ikkje den same tradisjonen som shia-islam for at islamske leiarar også blir politiske leiarar. I Iran blir det ikkje sagt, men folk flest ser på dei islamske lærde som har makta i landet, som litt nærmare Allah enn dei sjølve. I Iran hadde dei heller ingen politisk kultur før Den islamske revolusjonen, fordi undertrykkinga frå sjahens regime hadde vore så total, slår Utvik fast. 

– Den muslimske brorskapen i Egypt er ei lekmannsrørsle som er sett saman av legar, universitetsprofessorar og andre intellektuelle. Der får dei geistlege respekt av di dei har godt ord på seg som tolkarar av Koranen, ikkje fordi dei har svara på alle politiske spørsmål, forklarar han.

– Meir kritisk til USA og Israel

– Har Israel og USA noko å frykta om det blir regimeskifte i Egypt?

– Ja, for Israel vil det vera negativt. Og ein annan president enn Mubarak vil vera langt meir kritisk til både Israel og USA. Difor har Jordans kong Abdullah og Israels statsminister Benjamin Netanyahu gått ut med klar støtte til Hosni Mubarak. Om USA vil ha ein statssjef som gjer akkurat det dei seier, eller om dei vil støtta kravet om demokratiske reformer som truleg vil gi dei mindre kontroll og påverknad i Egypt, blir spennande å sjå, synest Utvik.

I eit av nabolanda til Egypt sit den statssjefen som har sete lengst med makta i verda, med unntak av Cubas president Fidel Castro.

– Libyas diktator Muammar Gadaffi var den einaste statssjefen som uttrykte at han var lei seg for at Tunisias statssjef Ben Ali måtte gå. Om Egypt får eit regimeskifte, vil det smitta over til både Libya, Algerie, Syria og Yemen. Også regimet i Saudi-Arabia vil bli svært uroleg, trur Utvik.

– Kva trur du kjem til å skje i Egypt?

– Eg er grunnleggjande optimistisk, så eg trur det skal gå bra. Men samtidig er eg litt nervøs. Så lenge hæren ikkje brukar vald mot demonstrantane, kan eg vera optimistisk. Uansett kva som hender, vil det vera mange skjer i sjøen.

 

 

 

Emneord: Afrika, Egypt Av Martin Toft
Publisert 1. feb. 2011 16:22 - Sist endra 1. feb. 2011 16:58
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere