– Dette er pengar som skal brukast til PC og skuleutstyr for dei sjuandeklassingane i Oslo som skal få ein dag i året på Observatoriet, fortel Jan B. Ommundsen. Han er prosjektleiar for skulesatsinga i Observatoriet, medan Ragna Weider i Teknisk avdeling er prosjektleiar for rehabiliteringa.
Tidlegare har Sparebankstiftelsen gitt 850 000 kroner til innsamling og rehabilitering av dei gamle instrumenta som ein gong stod i Observatoriet.
– Det er klart me er nøgde. No må me samla inn fire til fem millionar kroner til, før me når målet på 7,5 millionar. Me har mange gode søknader ute, så me reknar med at det skal kome meir pengar inn før fristen me har sett oss går ut rett etter påske, slår han fast.
Ommundsen veit også kva dei pengane skal brukast til. – Dei skal finansiera oppussinga av langfløya i Observatoriet.
Planen er at alle rehabiliteringar innandørs skal finansierast av eksterne sponsorar.
– No er målet litt nærmare, synest han.
Logg inn for å kommentere