Inga arbeidsro

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 11 1998

Institutt for statsvitskap:

- Straumen blei slått av utan forvarsel og kom ikkje igjen før fire dagar seinare. Det skapte sjølvsagt masse frustrasjon blant dei tilsette ved instituttet, fortel kontorsjef Monica Bakken ved Institutt for statsvitskap.

Av Martin Toft

{short description of image}LAUSE LEIDNINGAR: Kontorsjef Monica Bakken ved Institutt for statsvitskap ser på dei lause leidningane i hovudkontakten på kontoret til professor Øyvind Østerud (Foto: Ståle Skogstad)

Det er arbeidet med nytt inneklimaanlegg som har ført til desse uventa avbrota i arbeidsoppgåvene for dei tilsette ved Institutt for statsvitskap.

- Allereie før sommarferien visste dei tilsette at det skulle installerast nytt inneklimaanlegg i 9. etasje i SV-bygningen. Då lova også entreprenøren oss at det ikkje skulle ta meir enn ei veke frå dei begynte arbeidet på eit kontor til arbeidet blei avslutta. I staden tar det no tre veker frå eit kontor blir avstengd til det kan brukast igjen, fortel Bakken. Dermed blei ikkje arbeidet med inneklimaet ferdig til semesterstart slik entreprenøren hadde lova. Det har ført til store vanskar blant anna for hovudfagsrettleiarane som ikkje kan driva med dette arbeidet på kontoret sitt på grunn av støyproblema.

Mangel på kommunikasjon

- For ei par veker sidan miste me straumen utan at nokon hadde gitt oss melding om det på førehand. Straumen kom ikkje tilbake før fire dagar seinare. Me ville gjerne hatt informasjon om dette slik at me kunne vera førebudd på at det skulle skje. No var det ingen som hadde tenkt på å ta kopi av sakene dei jobba med slik at dei kunne halda fram med å arbeida med dei heime, seier Bakken, som meiner det har vore mangel på kommunikasjon frå Teknisk avdeling og entreprenøren til Institutt for statsvitskap i denne saka.

- Me vil gjerne oppmoda universitetsleiinga til å syta for at det blir betre kommunikasjon mellom dei ulike avdelingane i denne og liknande saker. I framtida må det peikast ut ein koordinator som kan vera bindeledd mellom dei forskjellige avdelingane, meiner ho. Trass i vanskane arbeidet med det nye inneklimaanlegget har skapt, er ho glad for at noko endeleg blir gjort med inneklimaet ved instituttet.

29 varmegrader om vinteren

- Om vinteren kom innetemperaturen opp i 29 varmegrader. Dermed måtte dei tilsette opna vindauget for å få frisk luft, men det førte også til at dei blei forkjøla, fortel ho. Då blei det gjort målingar av kvaliteten på innelufta.

- Målingane viste at på ein skala frå 4 til 1, fekk innelufta i denne bygningen karakteren 3,5. Stort verre kunne altså ikkje inneklimaet bli, slår ho fast. Dette resultatet var ei medverkande årsak til at arbeidet med å installera nytt inneklimaanlegg blei sett i gang i sommar. Problemet er at tidsplanen ikkje har blitt halden og at kontora ikkje kan brukast så lenge handverkarane arbeider der.

Frustrerte tilsette

- Akkurat det kan me ikkje berre lasta entreprenøren for. Det viste seg nemleg at teikningane dei hadde fått ikkje samsvarte med måten bygningen var bygd på. Dermed oppdaga dei armeringsjern der det ikkje skulle vera det og vice versa, seier Bakken før ho tar oss med på ein demonstrasjonstur i 9. etasje. Der treff me leiaren for Maktutgreiinga, professor Øyvind Østerud, som er ein av dei frustrerte tilsette ved instituttet.

- Tenk at i fire dagar var eg heilt utan straum-, telefon- og datasamband berre fordi handverkarane skulle installera ein spesiell del. Då dei til slutt kopla det til igjen, hadde den delen dei venta på, enno ikkje kome, fortel Østerud, som gjerne viser oss kontoret sitt. Der stikk lause leidningar ut frå alle stikkontaktane. Men han har i alle fall sluppe å ta bøkene ut av hyllene slik mange andre forskarar har måtta gjera. I slutten av september skal arbeidet vera avslutta. Då skal det igjen vera mogleg å få fred og ro ved Institutt for statsvitskap.

Framdriftsplan på Internett

- Straumbrotet i 9. etasje hadde ingenting med arbeidet med inneklimaanlegget å gjera. Det var ein elektrikar som gjorde ein feil, som førte til at straumen blei borte i heile SV-bygningen. Det opplyser teknisk sjef Kirsten Lindberg i Teknisk avdeling, som også viser til at framdriftsplanen til arbeidet med inneklimaet ligg inne på SV-fakultetets heimeside dersom dei tilsette vil vita kor langt arbeidet har kome.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 11 1998
Publisert 3. sep. 1998 11:30 - Sist endra 1. sep. 2014 13:41
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere