FEM I FARTA
Har du vore på nokre av musea til Universitetet i Oslo?
![]() Tone Gjerding, informasjonskonsulent ved Senter for
studentinformasjon ved HF-fakultetet og hovudfagsstudent i
statsvitskap- Ja, eg har vore på Vikingskipsmuseet på
Bygdøy. Det synest eg er flott, men presentasjonen kunne ha vore
mindre keisam. Eg har også vore på musea på
Tøyen.
|
![]() Jean Pierre Arnoulin, hovudfagsstudent i fransk- Ja, eg var
på Vikingskipsmuseet for ti år sidan. Det synest eg er eit
veldig fint museum som har sett dei tinga som er viktige i sentrum. Eg
håpar verkeleg ikkje dei flyttar Vikingskipsmuseet. |
![]() Reidun Andersen, hovudfagstudent i samanliknande politikk ved
Universitetet i Bergen - Ja, eg har vore på musea på
Tøyen. Dessutan har eg vore på Vikingskipsmuseet på
Bygdøy. |
![]() Anne Ma Eide, kontorsjef på Pedagogiske forskingsinstitutt ved
UV-fakultetet- Ja, eg har vore på Etnografisk museum,
Vikingskipsmuseet, musea på Tøyen og på Baroniet i
Rosendal som også tilhøyrer UiO.
|
![]() Kristin Rød Andersen, førstekonsulent ved
SV-fakultetet - Ja, eg har vore på Etnografisk museum,
Oldsakssamlinga, Vikingskipsmuseet og på musea på Tøyen.
Dessutan har eg vore på Baroniet i Rosendal.
|





Logg inn for å kommentere