Professor i lingvistikk, Even Hovdhaugen blei vald til ny dekan ved Det historisk-filosofiske fakultetet med 63,2 prosent av røystene bak seg. Motkandidaten, professor i filosofi, Nils Roll-Hansen fekk ein oppslutnad på 36,4 prosent.
AV MARTIN TOFT
Desse prosenttala er rekna ut etter at vektinga for dei forskjellige typar tilsette ved fakultetet er tatt med. Det inneber at dei faste vitskapleg tilsette har ei stemmevekt på 52,2 prosent, medan dei åremålstilsette, dei teknisk-administrativt tilsette og studentar har ei stemmevekt på høvesvis 4,3, 17,4 og 26,1 prosent. Røystetala viser at Even Hovdhaugen vann valet fordi fleirtalet av studentane og dei teknisk-administrativt tilsette røysta på han. Roll-Hansen fekk ei røyst meir frå dei vitskapleg tilsette og fem røyster meir frå dei åremålstilsette enn Hovdhaugen. Blant studentane var det derimot full oppslutnad om Hovdhaugen som fekk 30 av dei 33 studentrøystene. Til saman deltok 524 røysteføre i dekanvalet. Even Hovdhaugen tok over som dekan etter Bjarne Hodne i går.
Logg inn for å kommentere