-Universiteta må ikkje gi frå seg grunnfaga!

Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 11 1997

Rektor Lucy Smith:

Universitetsrektor Lucy Smith tok avstand frå alle framlegg om å la universiteta konsentrera seg om hovudfags- og doktorgradsundervisning og lata dei statlege høgskulane overta ansvaret for all undervisning på grunnfag- og mellomfagsnivå. Det sa rektor Lucy Smith då ho heldt velkomsttalen sin for dei nye studentane på Universitetsplassen tysdag.

AV MARTIN TOFT

-Universiteta skal også i framtida ha ansvaret for heile utdanningsløpet frå lågare grad til doktorgrad, understreka Lucy Smith som meinte det var viktig for universiteta å ta vare på dette systemet.

-Nettopp denne store spennvidda ved universitetet mogleggjer dei breie fagmiljøa ved denne utdanningsinstitusjonen. Det er dette som er fruktbringande både for studentar og for forskarutdanninga, slo Lucy Smith fast overfor dei 3000 nye studentane som hadde møtt fram på Universitetsplassen.

Dermed fylgde ho opp 74 år lange tradisjonen med at studentane skal bli tekne i mot av rektor. Fram til hausten 1989 blei denne seremonien fylgd av ei immatrikuleringsmarkering der dei nye studentane fekk overrekt det akademiske borgarbrevet sitt med eit handslag frå universitetsrektor, prorektor , ein dekan eller eit medlem av Det akademiske kollegium. Denne ordninga fall bort på grunn av den store auken i studenttalet i 90-åra.

No er det studentane sjølve som tar i mot dei nye studentane. Det skjer ved at alle dei nye studentane som ynskjer det får plass i ei faddergruppe. Dermed representerer fadderane i dag den første personlege kontakten studentane har med universitetet.


Forrige Innhold Neste Uniforum nr. 11 1997
Publisert 22. aug. 1997 16:23 - Sist endra 1. sep. 2014 13:29
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere