Baroniet Rosendal: Der skulle du ha vore

Innhold i Uniforum nr. 9 - 1997


Baroniet Rosendal ligg i Kvinnherad i Sunnhordland og høyrer til Universitetet i Oslo. Den Weis-Rosenkroneske stiftelse er formelt eigar. Baroniet er ein av dei best besøkte turistattraksjonane i landet og ein av dei fremste kulturinstitusjonane om somrane.

Også i år byd Baroniet på ei rad kunst- og konserttilbod.

Kunstutstillingar
Frå 4. mai til 22. juni held Jon Jahren salsutstilling i Thee&Caffe-Salongen. Dagleg ope frå klokka 11 til 17. Jahren studerer kunsthistorie og viser landskapsfoto frå området i svart/kvitt.

Den kjende biletkunstnaren Kjell Nupen har utstillinga Emblem i den gamle vinkjellaren på Baroniet frå 11. mai til 22. juni. Eit møte mellom meir abstrakt moderne målemåte og fragment frå tradisjonell rosemåling og dekorasjonskunst.

I tida 28. juni - 17. august syner kunstgalleriet målarstykke av kunstnaren Frants Diderik Bøe. Utstillinga Stilleben viser ein motivtype Bøe var spesielt kjend for.

Baronikonsertane
Fredag 30. mai kl. 22 spelar Håvard Gimse, klaver, og Sølve Sigerland, fiolin.

Fredag 6. juni kl. 20 kan du høyra Kirsten Bråten Berg syngja og Arild Andersen på bass.

Sundag 15. juni kl. 19 opptrer Kammerskoret frå Kvinnherad ute i sjølve Borggarden.

Fredag 20. juni kl. 20 spelar Jan Henrik Kayser klaver.

Fredag 27. juni kl. 20 syng Per Vollestad, baryton, med tonefylgje frå Liv Glaser på klaver.

Laurdag 12. juli kl. 20 er det Oslo Strykekvartett sin tur, med Geir Inge Lotsberg på 1. fiolin.

Fredag 18. juli spelar kvartetten Bergen Barokk. NB! Klokka 14.00.

Fredag 25. juli kl. 20 syng Karoline Krøger med tonefylgje frå Atle Halstensen.

Og sundag 17. august kl. 18 rundar stamgjesten Leif Ove Andsnes av konsertsesongen i Baroniets Gule Sal med klaverkonsert.

Føredrag
Sundag 22. juni held landskapsarkitekt Astrid M. Høye føredrag om hagen på Baroniet, den historiske utviklinga og plantemangfaldet. På Avlsgarden klokka 18.

Fredag 4. juli fortel/framfører skodespelar og dramatikar Morten Jostad Et digt i digtet gjemt - ein dialog mellom Brand og Peer Gynt. I Den Gule Sal klokka 20.

Borggardsteateret
Torsdag 17., fredag 18., begge dagane kl. 18, og laurdag 19. juli kl. 15 og 20.30 framfører Shakespeare-kompaniet Theatre Set-Up frå London den frodige forviklingskomedien Twelfth Night i Baroniet, med mykje maskespel, forvekslingar og kjær leik.

Elles er det mykje anna godt og vakkert å få med seg i Rosendal, både sjølve Baroniet, Baronihagen og Rosehagen, Paddetårnet og Ja-benken, Avlsgarden og Fruehuset, Borgstovo og Gamlakjøkenet, Thee&Caffe-Salongen og husmannsplassen Træo, som er open dagleg

kl. 11 til 17 i tida 15. juni til 10. august. Du kan også besøkja båthuset eller få deg hesteskyss.

Og sjølve vertskommunen Kvinnherad er ei natur- og kulturperle som er verd eit par dagar ekstra der vest.

Vil du vita meir før du dreg, kan du ringja Informasjonsavdelinga, tlf. 22 8 / 5 62 55, og få heile programheftet for sommaren.


Innhold i Uniforum nr. 9 - 1997

Publisert 29. mai 1997 15:25 - Sist endra 1. sep. 2014 13:28
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere