Gjesteforskarar tekne dårleg hand om i USA

Innhold Uniforum 05/97
Tilhøva for gjesteforskarar er vel så dårlege ute i verda som ved Universitetet i Oslo, meiner førsteamanuensis Sigvald Tveit.

I Uniforum av 27.2. tek de opp forholda for gjesteforskarar ved universitetet vårt. Det er bra! Som eit ledd i den internasjonaliseringsprosessen som det frå sentralt hald har vore signalisert ynskje om å utvikle, er det å ta vare på utanlandske kontaktar eit svært viktig tiltak.

Men det vert litt underleg når Uniforum tek akkurat ein amerikanar som eksempel. For dersom ein kjem til USA som gjest, vert ein oftast ikkje teken hand om i det heile. Eg har vore gjesteprofessor ved to ulike universitet i Los Angeles, på Fulbright-stipend, ein gong på 70-talet og ein gong for nokre få år sidan. Ingen der gjorde eit slag for at eg skulle få verken bustad eller arbeidsplass på universitetet. Og kjennskap til dei ulike reglane frå styresmaktene måtte ein versågod finne ut av sjølv. Dette kjenner eg frå fleire andre gjesteforskarar i USA òg. Eit av intervjuobjekta i den nemnde artikkelen peikar på at det ved mange universitet i utlandet finst kontor der ein kan gå med problem av denne typen. Dette gjeld i prinsippet også i USA, men dei hjelper vanlegvis berre med generell informasjon om aktivitet på universitetet, ikkje med den typen problem som vert nemnde i artikkelen. Ved universitetet her har vi trass alt 60 hyblar for gjesteforskarar! Heilt uvanleg i USA. Eg har òg liknande erfaring frå andre land, og eg har aldri møtt betre tilhøve på dette området nokon stad. Dette er sjølvsagt ikkje nokon grunn til at ikkje me skulle gjere ein innsats for våre gjester her. Men kanskje den intervjua amerikanaren sitt råd er det beste både for dei og oss når me skal til utlandet: ordne det meste før ein reiser heimanfrå!

Sigvald Tveit
Førsteamanuensis, Institutt for musikk og teater


Innhold Uniforum 05/97
Publisert 14. mars 1997 14:19 - Sist endra 1. sep. 2014 13:25
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere