Førstekonsulentens gullalder ­ forbi for alltid?

Innhold Uniforum 05/97
Løysingsframlegga frå styringsgruppa i Effektiviseringsprosjektet ser ut til å peike i ei retning, nemleg ei «proletarisering» av saksbehandlarsjiktet, meiner førstekonsulent Narve Trædal.

Dei av oss som hugsar eit tiår attende, vil dra oss til minnes at den normale stillingskategorien innan høgre saksbehandling då var konsulent. Også dei fleste instituttsekretærane var plasserte i denne stillingskategorien. Ti år seinare er konsulenttittelen i hovudsak brukt til enklare sakshandsaming, og dei lågaste stillingskodane innan konsulentsjiktet blir no brukte til å utføre arbeidsoppgåver som på den tid blei utførte av kontorpersonell. Det kan peikast på fleire årsaker til denne utviklinga: For ti år sidan var det ei rekkje feilplasserte stillingar. Personar med kvalifisert saksbehandling og stort og sjølvstendig ansvar var plasserte i lågaste saksbehandlarkode, eller jamvel i kontorstillingar. Dette er gjennom åra blitt korrigert ved nytilsetjing og lokale forhandlingar.

Oppretting av storinstitutt og den tilhøyrande delegeringa. Då denne prosessen blei gjennomførd på slutten av 80-talet, blei det straks behov for fleire stillingar, både på fakultets- og instituttnivå. Ei normalbemanning på eit institutt, som før hadde vore instituttsekretær, studiekonsulent og kontorpersonale, kanskje ispedd ein og annan administrasjonssekretær, blei no (minst) tre høgre saksbehandlingsstillingar på kvart institutt (økonomi, personal og studiar) i tillegg til instituttsekretæren. Desse stillingane finn vi i dag att som førstekonsulentstillingar. Instituttsekretæren er som kjent blitt kontorsjef. På fakulteta blei det behov for nye stillingar innanfor personaladministrasjon, og delvis innanfor økonomi, også desse i hovudsak førstekonsulentar.

Tilførsle av nye oppgåver. Organisasjonsutvikling, forskingsadministrasjon, internasjonalisering (EU-forsking/studentutveksling) og ei rekkje andre spesialfunksjonar har dels ført til nye spesialstillingar spreidde litt ulikt ut på dei tre nivåa, dels til at dei tradisjonelle felta er blitt meir arbeidskrevjande. Student- og rapporteringseksplosjonen har i seg sjølv ført med seg behov for auke i bemanning. Mykje av IT-brukarstøtta lokalt har hittil òg blitt lagt til administrative stillingar.

Tariffpolitikk og rekruttering. For å sikre rimeleg lønnsutvikling for arbeidstakarane, har både organisasjonane og arbeidsgjevar i mange høve forhandla fram opprykk til saksbehandlarstillingar fordi vedkommande fortente lønnsopprykk. Det har blitt oppretta nestleiarfunksjonar berre med sikte på karriereutvikling. For å rekruttere høgt kvalifisert og stabilt personale, eller som skjulte lønnstillegg, har stillingar jamt over stige i avlønning for kvar gong dei blei lyste ut. Dette har ført til at den siste tiårsperioden har vore gode år for førstekonsulenten. Organisasjonen er blitt «førstekonsulenttung» på alle nivå, ikkje minst på institutta. Samstundes er det vanskeleg å peike på at realbehovet for høgt kvalifisert arbeidskraft har endra seg i same grad. Kontorsjefstillingane har etter kvart blitt definerte som reindyrka leiarstillingar. Det er likevel ikkje til å komme bort frå at realinnhaldet i stillingane er mykje det same som i den gamle instituttsekretærfunksjonen. "Husmor"- eller "vaktmeistar"-funksjon er framleis ein sentral del av stillinga. På same måten er det med førstekonsulentstillingane. Trass alt finst det ei avgrensa mengd høgkompetansekrevjande arbeidsoppgåver på eit institutt. I tillegg har regelendringar og ny teknologi gjort mange forvaltningsområde mindre kompetansekrevjande. Det kan difor bli tynt med interessante oppgåver på kvar førstekonsulent, sjølv om volumet på saksbehandlinga har auka i omfang. Det vitskaplege personalet er frustrerte, fordi dei treng sentralbordhjelp og kopieringstenester. Dei føler, som det sto i siste Uniforum, at dei får hjelp til dette fordi saksbehandlarsjiktet er snille og gjer det som i grunnen ikkje er deira jobb.

Effektiviseringsprosjektet har, med rette, identifisert desse problema. Og løysingsframlegga frå styringsgruppa ser ut til å peike i ei retning, nemleg ei «proletarisering» av desse stillingsgruppene. «Å styrkje den faglege linja», vil bety at kontorsjefen sterkare skal underordnast styrar. Kontorsjef skal heretter i større grad utøve vanlege saksbehandlingsfunksjonar. Det betyr ein renessanse for instituttsekretærfunksjonen. Kvalifisert saksbehandling innanfor personal- og forskingsadministrasjon blir tekne bort frå institutta. Dette betyr ikkje at dei administrative årsverka blir borte. Sjølv om effektiviseringsprosjektet har som målsetjing å flytte ressursar frå administrativ til vitskapleg sektor, er det vel mykje som tyder på at ein stor del av dei innsparde ressursane kjem til å hamne i kategoriane kontor- og IT-støtte.

Parallelt med at dei tradisjonelle områda blir «tømde» for innhald, har det vakse fram eit nytt behov for høgt kvalifisert arbeidskraft, ulike rådgjevarfunksjonar, som i hovudsak skal ha spesialistfunksjonar eller arbeide med endring/påverknad. Oppgåver som avansert utrgreiing, prosjektleiing og ulike former for lobbying aukar på. I stillingsannonsene frå departementa, vil ein sjå at denne typen stillingar snart er i fleirtal. UiO har hittil vore svært måtehaldne i samanlikning.

Kvar skal det så bli av oss, stakkars førstekonsulentar, som har sett på saksbehandling for UiO som vår misjon i livet? Så vidt eg kan sjå, har vi to alternativ. Vi kan anten bite i det sure eplet og innstille oss på at reine kontortenester blir ein stadig større del av arbeidsinnhaldet vårt. Eller vi kan gjere oss von om å få tilsetjing som slike rådgjevarar. Problemet er her at vi ofte ikkje har dei rette kvalifikasjonane. Ein litt losliten og velbrukt førstekonsulent med god kjennskap til gårsdagens organisasjon og regelverk, er nok ikkje det beste kortet på arbeidsmarknaden. Kanskje må vi sjå i augo at den eksistensielle omstillingskrisa som har ramma andre stillingskategoriar som har stått sterkt i gårsdagens samfunn, no også har ramma oss, med dei negative følgjene for sjølvtillit og framtidsvoner det fører med seg. Vi får vone at organisasjonane og arbeidsgjevar i fellesskap greier å finne fram til omstillingsordningar og omskoleringstilbod som kan få oss til å få att trua på at vi framleis har noko verdfullt å bidra med.

Narve Trædal
førstekonsulent og papir-/sabeltiger,
Institutt for informatikk


Innhold Uniforum 05/97
Publisert 14. mars 1997 14:19 - Sist endra 1. sep. 2014 13:25
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere