Humaniora-bok

Uniforum04-97
No har nokre av høgdepunkta frå Hunamioradagane i fjor komne i bokform. Boka heiter Nytt lys på middelalderen, og inneheld ny forsking om nordisk vikingtid og mellomalder. Her finst artiklar om livet i vikingbyane, nordbuaranes kontakt med øysamfunna i vest, frilleliv, drikkeliv og dauden i mellomalderen, Oslos eldste historie og mellomalderens mentalitet og myter. Stipendiat Jørgen Haavardsholm er redaktør for boka, og den er komen ut på Sypress forlag.
Uniforum04-97
Publisert 28. feb. 1997 15:24 - Sist endra 1. sep. 2014 13:24

Logg inn for å kommentere