Margareth Bredal Bentsen ved Universitetet i Oslo har laga ei undersøking av korleis Humanioradagane i 1994 og 1995 vart dekka i Oslo-pressa. Temaet for Humanioradagane i 1995, «Arven fra antikken - død kunnskap eller levende tradisjon?», fekk relativt brei omtale i avisene, medan temaet i 1994 om europeisk kultur fekk mykje mindre spalteplass.
Bredal Bentsen forklarar brosjyra om arven frå antikken sin suksess med at teksten klarer å dramatisere situasjonen for den klassiske arven, og at vinklinga i denne brosjyra er klår og eintydig. Ho meiner også at problema som Humanioradagane elles har med å få gjennomslag i pressa til dels kan forklarast med at pressa har lite rom for humanistisk forskningsstoff.
Til dagleg arbeider Margareth Bredal Bentsen i Informasjonsavdelinga, og undersøkinga hennar er publisert i KULTs skriftserie.
Uniforum04-97
Logg inn for å kommentere