Effektiviteten under lupa


­ Omplassering og omskulering kan bli nødvendig. Ein del stillingar vil kunne forsvinne ved naturleg avgang, seier assisterande personaldirektør Erik Gulbrandsen. Han er prosjektkoordinator for effektiviseringsprosjektet som no er i gang ved universitetet.

AV NILS H. HARNES

Målet for prosjektet er å frigjere ressursar frå administrative og tekniske støttefunksjonar og dermed få meir ressursar til forsking og undervisning.

­ Vi er i gang med forprosjektet, der vi har leigt inn eit konsulentfirma som vil kartleggje ressursbruken, seier Gulbrandsen.

Konsulentfirmaet AT Kearney er i ferd med å skaffe seg oversikt over universitetet, mellom anna gjennom intervju med ein del leiarar. Ein prosjektplan om korleis arbeidet skal gjerast vidare kjem rundt 1. mai. Allereie ved juletider vil evalueringa av prosjektet vere klar, og dermed kan nye tiltak setjast i verk frå 1996. Universitetet har sett av 500 000 kroner til prosjektarbeidet i år.

­ Prosjektet vil involvere alle tilsette ved universitetet på ein eller annan måte. Det skal sendast ut spørjeskjema, og mange vil bli intervjua. Dessutan skal det dannast mange arbeidsgupper og undergrupper, seier Gulbrandsen.

Omplasseringar aktuelt

Han strekar under at oppseiingar er uaktuelt, men at omplassering og omskulering kan bli nødvendig. Dessutan ser han ikkje bort frå at ein del stillingar vil forsvinne ved naturleg avgang.

­ Vi er interesserte i å få oversikt over i kor stor grad det skjer overlappande arbeid ved universitetet. Ei tilsetjingssak vert til dømes handsama både på institutt-, fakultets- og administrativt nivå. Her kan det vere mogeleg å spare ressursar, trur Gulbrandsen. Det skal også vurderast om universitetet i dag utfører tenester det hadde vore meir tenleg å få utført andre stader.

Tidsbruken i valde organ er eit tredje område som skal undersøkjast. Gulbrandsen opplyser at ein tredjedel av dei vitskapleg tilsette sit i eit eller anna styringsorgan.

­ Spørsmålet er om det er rett bruk av ressursar at ein så stor del av dei vitskapleg tilsette sit i slike organ eller om dei bør frigjerast til sine eigentlege oppgåver, seier Gulbrandsen. Han legg til at det kan dukke opp andre aktuelle tiltaksområde ettersom prosjektet utviklar seg.

Apropos effektivitet

Kollegierådet diskuterte effektiviseringsprosjektet som siste sak før pausen på sitt møte 3. mars. De som tok ordet, hilste tiltaket velkommen og mente at det hadde mye for seg. Men at effektivitet også kan ha med møtekultur å gjøre, ble ikke nevnt. Kanskje ikke så rart da at bare 18 av 30 medlemmer i rådet møtte presis etter pausen og at de til måtte vente i sammenlagt halvannen bortkastet time før møtet tok til etter fem minutters forsinkelse...
Publisert 24. jan. 1996 21:07 - Sist endra 1. sep. 2014 12:56
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere