Fryktar at vikingskipa blir "uopprettelig skadet"

Noregs Museumsforbund  fryktar for lagnaden til vikingskipa og gjenstandane frå vikingtida, dersom det blir store kostnadskutt på  nytt Vikingtidsmuseum på Bygdøy. Det er  Kunnskapsdepartementet som har kome med krav  overffor Statsbygg og UiO om å kutta ned kostnadene på bygginga av museet.

"Når finansiering til det nye Vikingskipshuset nå blir delvis trukket så er det overhengende fare for at arbeidet med å sikre arbeidet med å sikre vikingskipene stopper opp og disse unike kulturminnene blir uopprettelig skadet", heiter det i ei pressemelding underskriven av styreleiar Lars Magne Andreassen og generalsekretær Liv Ramskjær i Noregs Museumsforbund.

Dei meiner det er nødvendig at dei naudsynte ressursane vert stilte til rådvelde for å unngå ei forringing av desse kulturminna. Av pressemeldinga går det også fram at forbundet støttar initiativet til Europa Nostra og Foreningen Kysten om å nominera vikingskipa til lista over Europas 7 mest utsette kulturminne. 

• Les meir: Vikingskipene nomineres til listen over Europas 7 mest utsatta kulturminner

Emneord: Vikingskipshuset, Vikingskipene
Publisert 13. juni 2022 15:10
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere