UiO-leiinga tilset ingen som ny kommunikasjonsdirektør

37 kandidatar søkte den ledige stillinga som kommunikasjonsdirektør ved UiO før fristen gjekk ut 27. februar. No har UiO-leiinga bestemt seg for ikkje å tilsetja nokon i stillinga.

INGA TILSETTING: Det blir inga tilsetting av ny kommunikasjonsdirektør ved UiO i denne omgang. – Me har hatt eit skifte av rektorat denne hausten, og me  ynskjer at nytt rektorat skal ha påverknad på innretninga av stillinga, seier universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe til Uniforum.

Foto: Ola Sæther

Rett før jul i fjor slutta Marina Tofting som kommunikasjonsdirektør ved Universitetet i Oslo etter at ho hadde takka ja til stillinga som kommunikasjonsleiar ved Vitskapsakademiet. Den ledige stillinga blei lyst ut like etterpå med søknadsfrist 27. februar. 37 søkjarar låg til slutt i bunken som ei eiga intervjugruppe skulle vurdera. I går fekk alle søkjarane denne meldinga frå hovudjegerfirmaet Amrop Delphi:

«Vi vil nå informere om at Universitetet i Oslo i denne omgang har valgt å ikke ansette. Når stillingen eventuelt blir utlyst senere, vil det være anledning til å søke igjen.»

Vil at rektoratet skal vera med på avgjerda

Universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe stadfestar i ein epost til Uniforum at UiO-leiinga har bestemt seg for å lata vera å tilsetja nokon av dei 37 søkarane i den ledige jobben som kommunikasjonsdirektør. Samtidig understrekar ho at ein kommunikasjonsdirektør er ein viktig støttespelar for leiinga ved UiO:  

– Me har hatt eit skifte av rektorat denne hausten, og me  ynskjer at nytt rektorat skal ha påverknad på innretninga av stillinga. Me har derfor vedtatt å stansa utlysinga i denne omgang. Me håpar sjølvsagt at så mange kvalifiserte søkjarar som mogleg vil søkja på nytt når stillinga igjen blir lyst ut. Det er for tidleg å seia når dette vil skje, opplyser universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe til Uniforum.

Dei mest kjende av dei 37 søkjarane er NRK-veteranen Øystein Rakkenes og Jorge Jensen, som er fagdirektør for finans i Forbrukarrådet. Også fungerande kommunikasjonsdirektør Stein Roar Fredriksen ved Universitetet i Oslo søkte stillinga.  Det same gjorde tidlegare sportsredaktør i VG, Frode Nakkim.

  • Les i Uniforum: Ny kommunikasjonsdirektør lar vente på seg

  • Les i Uniforum: Desse vil bli kommunikasjonsdirektør ved UiO

– Uprofesjonelt

Uniforum har vore i kontakt med nokre av søkjarane. Ein av dei ber om å få vera anonym, men kritiserer heile prosessen. – Det blir opplevd som svært uprofesjonelt av UiO-leiinga å setja i gang ein så omfattande rekrutteringsprosess, som ein så let renna ut i sanden. Det kom neppe som ei overrasking at det var rektorval -  noko som kanskje har noko med saka å gjera? spør denne søkjaren. Det blir peika på at hovudjegerfirmaet Amrop Delphi har vore inne i rekrutteringsjobben heile tida. – Det er ikkje gratis å engasjera ein seniorpartnar i Amrop Delphi.

Denne søkjaren trur ikkje det blir lettare å få nye kandidatar ved ei ny utlysing.

– Kommunikasjonsfagleg er det jo krise: Kven giddar å melda seg til teneste igjen med ei så uprofesjonell handtering?

UiO-toppar intervjua søkjarane

Det var 17 menn og 20 kvinner mellom dei 37 søkjarane. Seks av dei bad om at namnet deira ikkje skulle bli offentleg kjent. Etter at søknadsfristen var gått ut, blei det sett ned ei eiga intervjugruppe. Dei kalla inn nokre av søkjarane til stillinga som direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt. I gruppa sat dekan Aud Tønnessen ved Det teologiske fakultetet, universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe og hovudtillitsvald Tina Næss i Akademikarane, UiO. Etter det Uniforum tidlegare har erfart, skal ikkje gruppa ha vore godt nok nøgd med utvalet av søkjarane. Det fekk Uniforum derimot ikkje stadfesta av Aud Tønnessen.

Emneord: Personalbehandling/politikk, Arbeidsforhold, kommunikasjon Av Martin Toft
Publisert 3. okt. 2017 11:33 - Sist endra 3. okt. 2017 11:33
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere