Prova at Einstein hadde rett 100 år etter - Får Nobelprisen i fysikk

Nobelprisen i fysikk for 2017 er tildelt dei amerikanske forskarane Rainer Weiss,  Kip S. Thorne og Barry C. Barish. Dei får prisen for å ha vore sentrale aktørar under den første observasjonen av universet sine gravitasjonsbylgjer. 

HALVE PRISEN: Rainer Weiss er knytt til Massachusetts Institute of Technology og halvparten av prisen går til han åleine for å ha leidd prosjektet.Laser Interferometer Gravitational-Wave Observatory (LIGO).

Foto: Bryce Vickmark/Massachusetts of Technology

Det skjedde den 14 september 2015, hundre år etter at Albert Einstein hadde varsla om at dei måtte eksistera. Bylgjene kom frå ein kollisjon mellom to eliminerte svarte hol. Det tok 1,3 milliardar år for bylgjene å nå fram til LIGO-detektoren I USA.  Dei tre forskarane har vore svært sentrale i forskingsprosjektet Laser Interferometer Gravitational-Wave Observatory (LIGO) der over tusen forskarar frå 80 institusjonar i 20 land har vore engasjerte.  

Ein revolusjon for astrofysikken

Sjølv om signalet var ekstremt svakt, lova det straks ein revolusjon for astrofysikken, heiter det i grunngjevinga frå Kungl. Vetenskapsakademien i Sverige.  Gravitasjonsbylgjer er ein heilt ny måte å sjå dei mest dramatiske hendingane i rommet på, og testa ut grensene for kunnskapen vår, heiter det i pressemeldinga frå Kungl. Vetenskapsakademien. Nobelprisvinnarane blir lovprisa for at dei endeleg har klart å prova det som mange forskarar har prøvd å få til gjennom mange tiår.

– Fortent

 – Dette er veldig fortent. Det er lenge sidan eit resultat har opna universet for oss på denne måten. Det er viktig å vita at gravitasjonsbylgjer er der, men LIGO viser i tillegg at me kan bruka dei til ny forståing. Gravitasjonsbylgjene sin tidsalder er inne. Me er alle spente på kva dei vil fortelja oss, seier fysikar Bjørn Hallvard Samset til NRK.

Rainer Weiss er knytt til Massachusetts Institute of Technology og halvparten av prisen går til han åleine for å ha leidd prosjektet. Dei to andre prisvinnarane Kip S. Thorne og Barry C.  Barish får ein fjerdedel av prisen kvar.

 

Emneord: Fysikk Av Martin Toft
Publisert 3. okt. 2017 14:12 - Sist endra 3. okt. 2017 17:11
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere