Mindre til petroleumsforsking, men ikkje mykje meir til forsking på fornybar energi

Investeringane i norsk petroleumsforsking har gått ned etter 2014,  men satsinga på forsking på fornybar energi har ikkje gått tilsvarande opp. Det viser Indikatorrapporten for forsking og utvikling for 2017 som blir lagt fram i dag.

FRAMGANG: Administrerande direktør John-Arne Røttingen i Forskingsrådet kan gleda seg over ein framgang i norsk forsking dei siste 20 åra.

Foto: Martin Toft

I Noreg er det teikn til omstilling når det gjeld kva det blir satsa på i forsking og utvikling. Indikatorrapporten viser at Noreg har satsa store ressursar både på petroleumsrelatert forsking og utvikling og meir miljøvennleg energi. Sjølv om petroleumsforskinga ser ut til å ha gått ned etter oljenedturen i 2014, er det få teikn til tilsvarande auke i forsking på fornybar energi, står det i rapporten. Indikatorrapporten 2017 har hatt forskarane Espen Solberg og Kaja Wendt  frå NIFU (Nordisk institutt for forsking på innovasjon, forsking og utdanning) som hovudredaktørar . Arbeidet er gjort på oppdrag frå Forskingsrådet.

 NIFUs forskingsleiar Espen Solberg var ikkje imponert over satsinga på fornybar forsking, då han presenterte rapporten i ettermiddag.  – Det har ikkje vore noko stort grønt skifte innanfor investeringane i energiforsking. 60 prosent av løyvingane går framleis til petroleumsforsking, peika han på. 

Gode vilkår for omstilling

Det er ikkje lenger snakk om at ein tredel av alle jobbar i Noreg kan forsvinna på grunn av digitalisering og automatisering, slik  OECD tidlegare har spådd. Mange arbeidsoppgåver vil derimot endra innhald, heiter det, og det vil krevja at arbeidstakarane har evne og kultur for å endra arbeidsmåtar og utnytta nye ting. For mange arbeidsoppgåver vil endra innhald. På dette området er Noreg godt rusta, konstaterer Indikatorrapporten.

Høgare kvalitet på norsk forsking

Målet om å auka kvaliteten på norsk forsking ser ut til å ha blitt nådd. Nye tal for vitskapleg publisering viser at Noreg er blant dei vestlege landa som har sterkast vekst når det gjeld publisering av vitskaplege artiklar. Artiklane blir også siterte langt oftare enn tidlegare.  Rapporten viser at Noreg no har kome opp på nivå med Finland og Sverige når det gjeld talet på siteringar for kvar artikkel. Framleis ligg likevel Danmark, Nederland og Sveits eit stykke lenger framme i løypa enn Noreg. 

– Dei siste tiåra er det berre Irland som har hatt høgare vekst i talet på siteringar og vitskaplege publikasjonar enn Noreg. Samtidig har desse tala gått tilbake i Russland og USA, opplyste Kaja Wendt, som er den andre hovudredaktøren for Indikatorrapporten. Eit anna interessant poeng ho trekte fram under lanseringsseminaret var kva land i verda som har høgast forskartettleik: - Der ligg Israel, Danmark og Sør-Korea på dei tre øvste plassane. Men Noreg kjem på åttandeplass, fortalde ho.

I EUs forskingsprogram Horisont 2020 har Noreg henta meir av dei samla ressursane enn i dei tidlegare programma, men Noreg ligg likevel bak land som Finland og Danmark. Også i Det europeiske forskingsrådet (ERC) gjer Noreg det svakare enn dei to nemnde landa. Det er den delen av programmet som legg mest vekt på vitskapleg kvalitet.

Meir internasjonalt samarbeid

Endå eit hovudtrekk er at det internasjonale forskingssamarbeidet aukar. Dei siste tala viser at to tredelar av norske vitskaplege artiklar har ein utanlandsk medforfattar, medan det talet berre var på 17 prosent på byrjinga av 1980-talet. Tala viser at norske forskarar samarbeider mest med forskarar frå USA og Storbritannia. Litt mindre med Danmark og Sverige. 

– Sjølv om fleirtalet av utanlandske forskarar i Noreg kjem frå Tyskland, viser ikkje det igjen på statistikken over kva land forskarar i Noreg samarbeider mest med. Faktisk så er det meir samarbeid med Canada enn med Tyskland, opplyste spesialrådgjevar Michael Spjelkavik Mark i NIFU på lanseringskonferansen.

Rundt 1997 var berre 10 prosent av doktorgradane utførte av utlendingar. I dag blir 38 prosent av doktorgradane gjennomførte av utlendingar.

IKKJE HEILT GRØNT: NIFU-forskar Espen Solberg er ein av hovudredaktørane for Indikatorrapporten 2017.  – Det har ikkje vore noko stort grønt skifte innanfor investeringane i energiforsking. 60 prosent av løyvingane går framleis til petroleumsforsking, peika han på. (Foto: Martin Toft)

Oslo og Trøndelag på topp

I Noreg har Oslo og Trøndelag i mange år vore mellom dei mest forsking- og utviklingsintensive regionane. På EUs siste rangering av dei mest innovative regionane i Europa,  er Trøndelag dei einaste norske innslaget. Derimot er Oslo/Akershus heilt på topp i ei heilt ny rangering for av dei fremste regionane for nye næringar som er i sterk vekst.  Det er spesielt digitale næringar som blir omfatta av den rangeringa. 

Tenesteytande næringar utfører mest forsking og utvikling

På midten av 1990-talet stod industrien for over halvparten av FoU i næringslivet, medan tenesteytande næringar stod for ein tredel. No er styrkjeforholdet nesten snudd på hovudet. Tenesteytande næringar står no for over halvparten av all FoU. Den store trenden er at FoU-innsatsen i næringslivet i har auka gjennom dei siste 20 åra. Unntaket er rett etter finanskrisa i 2008.  Veksten begynte igjen frå 2010. 

Meir innovasjon

Eit tredje trekk er at fleire og fleire føretak melder at dei driv med nyskaping (innovasjon).  Den siste undersøkinga frå 2014-2016 viser at nesten to av tre norske føretak er nyskapande (innovative). Det er langt over nivået frå tidlegare undersøkingar, står det i Indikatorrrapporten 2017.  Grunnen kan både vera nye målemetodar og ein reell auke i kunnskapsutvikling og fornying. 

Mogleg svekka koordinering

Norsk forskingspolitikk har gjennom dei siste 20 åra fylgt sektorprinsippet. Kvart departement har ansvaret for å fremja og finansiera forsking på og for eigen sektor.  Fram til for få år sidan blei mykje av koordineringa gjort av Regjeringas forskingsutval, som var eit eige underutval sett saman av statsrådane frå dei mest forskingstunge departementa.  I 2014 blei utvalet lagt ned, og erstatta med tosidige møte, ofte med eksterne aktørar. Fondet for forsking og nyskaping, som blei oppretta i 2001, blei av tekniske årsaker lagt ned i 2011. Pengane blei overførte til Kunnskapsdepartementet.  Indikatorrapporten vurderer det slik at dette kan ha ført til at koordineringsfunksjonen er svekka.

Ekspansjon i helserelatert forsking og utvikling

Sidan 2007 har årsverka i forsking og utvikling i helseforsking auka med 50 prosent. Samtidig har universitetssjukehusa sin del av FoU-innsatsen i helseføretaka gått tilbake. Dvs. at andre helseføretak og private, ideelle sjukehus har høgare vekst i FoU, går det fram av indikatorrapporten.

Etter samanslåingar er SINTEF blitt eitt av Nord-Europas største forskingsinstitutt.

Like mange kvinnelege som mannlege professorar i 2030

Seniorrådgjevar Hebe Gunnes i NIFU hadde gått gjennom forholdet mellom kvinnelege og mannlege forskarar i forsking og høgare utdanning. – Det er stort sett likestilling på alle område og i alle stillingar opp til førsteamanuensis. Framleis heng likevel professorstillinga litt tilbake når det gjeld likestilling. Med dagens utvikling vil det vera like mange kvinnelege som mannlege professorar i Noreg i 2030, slo ho fast.

Men når det gjeld utviklinga av doktorkandidatar var ho nøgd. – I 2015 var det for første gong fleire kvinner enn menn som tok doktorgraden. Men i 2016 var det flest menn igjen. Det som er annleis enn før er at medan det for nokre år sidan var 500 norske menn som tok doktorgrad kvart år, har det talet no gått ned til 400. Derimot har menn med utanlandsk statsborgarskap som tar doktorgrad auka i den same perioden, hadde ho funne ut.

Fakta om internasjonal og norsk forsking:

1981: 500 000 vitskaplege artiklar i verda. I 2015:1,5 millionar

Kina: 30 gonger meir til forsking og 20 gonger fleire vitskaplege artiklar

USA er framleis verdas største nasjon i forsking og utvikling

India, Sør-Korea og Iran stormar fram

Mindre oppgang: Frankrike, Storbritannia og Tyskland

 Horisont 2020 har samla budsjett på rundt 70 milliardar for perioden 2014-2020.

Per juni 2017 har rundt 1,8 prosent av dei utlyste midlane i Horisont 2020 gått til norske fagmiljø. Litt under målet om returdel på 2 prosent.

Fusjonar/samanslåingar i Noreg:

1997: Noreg hadde 4 universitet, 10 vitskaplege høgskular og 26 statlege høgskular

2017: 8 universitet, 8 vitskaplege høgskular og 8 statlege høgskular

Talet på årsverk i forsking og utvikling har auka: 7000 i 1997 til 14 000 i 2015.

Les heile Indikatorrapporten 2017

(Oppdatert kl. 16.23)

 

Emneord: Forskningspolitikk Av Martin Toft
Publisert 19. okt. 2017 12:23 - Sist endra 19. okt. 2017 16:34
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere