Nobelprisen i kjemi til forskarar som har revolusjonert biokjemien

Nobelprisen i kjemi 2017 er tildelt Jacques Dubochet, Joachim Frank og Richard Henderson for utviklinga av kryoelektronmikroskopi, ein metode som gjer det mogleg og samtidig forenklar det å ta bilete av biomolekyl.

DELER NOBELPRIS I KJEMI: Richard Henderson frå MRC Laboratory of Molecular Laboratory, Cambridge i Storbritannia. deler Nobelprisen i kjemi med Jacques Dubochet frå Lausanne-universitetet i Sveits, og Joachim Frank frå Columbia-universitetet i New York. Biletet er frå ei tidlegare pristildeling.

Foto: MRC- Laboratory of Molecular Biology, Cambridge

Metoden har tatt biokjemien inn i ein ny era.Takk vera deira oppdagingar, har me snart ei detaljert nedteikning over livets komplekse maskineri på atomnivå,skriv Kungl. Vetenskapsakademin i Sverige i grunngjevinga si for å gi prisen til Jacques Dubochet frå Lausanne-universitetet i Sveits, Joachim Frank frå Columbia-universitetet i New York og Richard Henderson frå MRC Laboratory of Molecular Biology, Cambridge i Storbritannia.

Ser det me ikkje kunne sjå før

Nobelpriskomiteen viser til at eit bilete er ein nøkkel til forståing. Vitskaplege gjennombrot byggjer ofte på at menneska har lykkast i å visualisera ting som auget vårt eigentleg ikkje kan sjå. Nettopp innanfor biokjemien har det vore mange kvite flekkar på dette området, fordi det har vore vanskeleg å visa fram bilete av alle livets molekylære maskineri. Kryoelektronmikroskopien forandrar dette. . No kan forskarar frysa biomolekyl midt i deira rørlser og visualisera det som skjer på ein måte som ein aldri tidlegare har sett. Det er avgjerande for så vel den grunnleggjande forståinga av livets kjemi som for utvikling av legemiddel.

Tar bilete av levande organismar

Dei tre nobelprisvinnarane i kjemi har kvar for seg vore delaktige i utviklinga av kryoelektronimikroskopien, slik at det er i dag er mogleg å ta bilete tredimensjonalt også av levande organismar. Før trudde ein at elektronmikroskopet var best eigna til å ta bilete av død materie.

Men 1990 lykkast Richard Henderson med hjelp av elektronmikroskopet å få fram eit tredimensjonalt bilete i atomoppløysing av eitt protein. Det prova potensialet til teknikken, går det fram av pressemeldinga frå Kungl. Vetenskapsakademin.

 

Emneord: Kjemi, Naturfag, Realfag, Priser
Publisert 4. okt. 2017 16:13 - Sist endra 4. okt. 2017 16:13
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere