Nelson Mandela, Marie Curie, Albert Einstein og Isaac Newton er fire av dei verdskjende intellektuelle som no prydar murveggen langs Gaustadbekken ved Forskningsparken. Men også norske vitskapsmenn, som informatikkprofessoren Ole-Johan Dahl har fått sin fortente plass på Universitetet i Oslos svar på Hollywood Walk of Fame. Det er kunstnarkollektivet Påfuglen som står bak kunstprosjektet.
Ifylgje prosjektleiar Ask Rosseland er fylgjande kjende personar portretterte på murveggen: Albert Einstein, Nelson Mandela, Marie Curie, Nicolas Tesla, Leonardo da Vinci, Steve Jobs, Camilla Collett, Sitting Bull, Fridtjof Nansen, Frida Kahlo, Ole-Johan Dahl, Isaac Newton, Gregory Bateson og Stephen Hawking. Aftenposten melder i dag at Påfuglen – med kunstnarar frå det store atelierfellesskapet i Oslo sentrum – fekk i oppdrag å laga ei utsmykking som også kan bidra til å hindra tagging.
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere