Pavebullen var frå Innocens den fjerde

Pavebullen som blei funnen under utgravingane i Bjørvika for tre veker sidan, blei sendt ut av pave Innocens den fjerde.  Det har forskarar frå Norsk institutt for kulturminneforsking og Kulturhistorisk museum funne ut.

PAVEBULLEN: Dette viser pavebullen frå Gamlebyen i Oslo som har eit tydeleg teikn på at den tilhøyrer pavegenerasjonane frå 1050 til 1530, med eit ansikt av Sankt Peter. 

Foto: Martin Toft

For tre veker sidan fann arkeologar frå Norsk institutt for kulturminneforsking noko som det berre fanst ein ting av frå før i Noreg - ein pavebulle eller eit pavesegl.  Men dei kunne ikkje slå fast kva pave pavebullen kom ifrå, før dei hadde undersøkt den nærmare. Difor tok arkeologane ved NIKU pavebullen med til konservatorar ved Kulturhistorisk museum for å kunne identifisera paven bak pavebullen. 

Ein pave i strid med keisaren

Det var ein svært nøgd prosjektleiar Egil Lindhart Bauer som i ettermiddag kunna kalla inn pressa til NIKUs lokale i Oslo sentrum for å avsløra opphavsmannen: 

– Pavebullen blei sendt av pave Innocens den fjerde.  Det klarte me å finna ut ved å lysa gjennom pavebullen og tyda bokstavane og tala.  Me fann ut at det stod Innocentius iiii, altså Innocens den fjerde. Først prøvde me å finna det ut gjennom å bruka røntgen, men sidan pavebullen er laga av bly, var det eit ganske umogleg prosjekt. Så derfor måtte me bruka lys frå alle moglege kantar for å avsløra dei synlege teikna på pavebullen, fortalde Egil Lindhart Bauer. 

VISER FRAM PAVEBULLE: Prosjektleiar Egil Lindhart Bauer hos NIKU viser fram pavebullen frå Innocens den fjerde (Foto:Martin Toft)

Sidan dei gjorde det på den måten, har pavebullen også meir verdi for ettertida. – Om me hadde prøvd å bretta den ut med makt, hadde det vore stor sjanse for at heile pavebullen ville blitt knekt.  No er den intakt, og vil vera meir verdifull, understreka han.  

Fann ein fjerde -i-

Det tok ei stund før dei var sikker på kva pave som hadde sendt pavebullen. – Ei stund trudde med det var Innocens den tredje, men det var før me fann den fjerde i-en midt i bretten. Så laga me ein kopi av avtrykka på pavebullen, som viser Inno centius P.P. Med dei fire i-ane på plass er konklusjonen altså at det var Innocens den fjerde som var paven bak denne pavebullen. Pave Innocens den fjerde var fødd i Genova i 1195 og var pave i elleve år frå 1243 til 1254, fortalde Lindhart Bauer.

Latinist Espen Karlsen frå Nasjonalbiblioteket var kalla inn for å tolka dei latinske uttrykka.  – Innocens den fjerde var slett ikkje nokon uskuldig pave, slik namnet seier. Han budde i Lyon i Frankrike av tryggingsgrunnar  og var ein ivrig aktør i kampen mellom kyrkjemakta og den kongelege makta til den tysk-romerske keisaren Frederik den andre, sa han. Ein annan ting som denne paven er kjent for er at han kalla inn til eit svært kyrkjemøte i Lyon i 1245, der han skjelte ut den tysk-romerske keisaren Frederik den andre. 

– Men før han blei pave, var han og keisar Frederik gode venner. Keisaren er derfor sitert på at då Innocens den fjerde blei pave, mista han ein kardinal som venn, og fekk ein pave som fiende, sa Lindhart Bauer.  – Han var også kjent for å førebu fleire krosstog og eit mislukka forsøk på å konvertera mongolane til kristendommen, la Lindhart Bauer til.

Oppdaga pavebullen ved den gamle bispegarden i Gamlebyen

Pavebullen blei funnen rett ved der den gamle bispegarden har lege i gammal tid i Gamlebyen i Oslo. 

– Det tok tre veker før me kunne visa den fram til pressa fordi me måtte finna ut kva me skulle gjera for å finna ut kva pave som hadde sendt ut denne pavebullen. Når me no har gjort det, er me glade for at me klarte å finna det ut utan å måtta risikera å øydeleggja den. Som de ser er den bretta saman. Grunnen til det kan vera at den ikkje er juridisk gyldig. Ein slik pavebulle var alltid festa til eit brev, forklarte han. Når me no får tidfesta denne pavebullen får me også vita om lag når den pavebullen kom til bispegarden i Oslo, understrekar han. – Det må altså ha vore etter at han blei pave i 1243.

Etter planen skal pavebullen stillast ut i Kulturhistorisk museum. Då vil det bli den andre pavebullen som museet har. Den første er brukt til andre ting og har derfor blitt påført eit hol i midten.  – Denne er mykje betre bevart, syntest Lindhart Bauer. 

Håkon Håkonsson fekk utnemna prestar

Pave Innocens den fjerde sende også andre kjente brev til norske styresmakter. 

– Ja, han sende mellom anna eit brev til erkebiskopen av Nidaros, som gjekk ut på at biskop Paul i Hamar skulle gi Håkon Håkonsson lov til å utnemna prestar sjølv til alle dei kyrkjene han hadde bygt på gardane sine. Dette var rett etter at borgarkrigen i Noreg var slutt og Håkon Håkonson hadde vunne over hertug Skule. Dette var også eit bilete på striden mellom kyrkjemakt og kongemakt i Noreg, fortalde arkeolog Håvard Hegdal ved NIKU.

– Det som også er fantastisk er at me fann denne pavebullen akkurat den same dagen riksantikvar Jørn Holme besøkte utgravingsfeltet, opplyste Hegdal til Uniforum.

 

Emneord: Historie, Kulturhistorisk museum, Arkeologi, Teologi Av Martin Toft
Publisert 13. sep. 2017 16:47 - Sist endra 13. sep. 2017 16:48
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere