No kan alle lettare få tilgang til miljøinformasjon

Ei nyleg avgjerd i etterlevingskomiteen til Århus-konvensjonen kan gjera det lettare å få tilgang til miljøinformasjon frå offentlege etatar i Noreg. Jussprofessor Ole Kristian Fauchald måtte venta i seks år før han denne veka fekk endeleg svar på klagen han leverte inn.

FEKK DELVIS MEDHALD: Etterlevingskomiteen til Århus-konvensjonen gav jussprofessor Ole Kristian Fauchald delvis medhald i ei klagesak mot staten. - Eg håpar og trur saka fører til at det no blir ei meir effektiv gjennomføring av Miljøinformasjonslova, seier han til Uniforum.

Foto: Ola Sæther

Det var i 2011 jussprofessor Ole Kristian Fauchald ved Institutt for offentleg rett, UiO, leverte inn ein klage om mangel på innsyn til Sivilombodsmannen. Bakgrunnen var at han

Dette er Miljøinformasjonslova:

Lova blei vedtatt i 2003, og den skal gi alle borgarar rett til opplysningar både frå offentlege styresmakter og private verksemder om forhold som har noko å seia for miljøet.

Lova skal gi forbrukarar tilgang til miljøinformasjon om produkt i alle slags kategoriar.. Og lova skal gi krav om innsyn i miljøsaker hos forvaltninga– der  offentleglova ikkje gir eller unntar innsyn.

I 2010 fekk Naturvernforbundet medhald i Høgsterett med grunnlag i Miljøinformasjonslova i ei sak foreininga hadde gått til mot Løvenskiold-Vækerø for å få utlevert opplysningar om skogsdrifta i Oslomarka.

Denne veka fekk jussprofessor Ole Kristian Fauchald delvis medhald i ei klagesak mot staten som ikkje ville gi han tilgang til delar av vurderinga før regjeringa i 2009 avgjorde at Naturmangfaldslova berre skulle gjelda innanfor  tolv nautiske mil frå kysten. Han kom med kravet om innsyn med grunnlag i Miljøinformasjonslova.

Her finn du heile Miljøinformasjonslova.

(Kjelder: Wikipedia, Insittutt for offentleg rett, Ole Kristian Fauchald)

bad om den juridiske vurderinga som førte til at Noreg valde ikkje å lata store delar av naturmangfaldslova vera gjeldande utanfor Noregs territorialfarvatn.

Regjeringa føreslo den gongen å lata den vera avgrensa til å gjelda berre innanfor 12 nautiske mil frå kysten. Grunngjevinga var at Noregs internasjonale forpliktingar innanfor mellom anna internasjonal havrett ville hindra oss å innføra slike reglar for område utanfor territoriet. 

Fekk avslag på innsyn i vurdering

Ole Kristian Fauchald ville granska dette vedtaket meir nøye, og difor bad han Klima- og miljøverndepartementet om innsyn i den juridiske vurderinga som blei gjort før avgjera blei tatt.  Han fekk avslag frå Klima- og miljøverndepartementet som viste til at vurderinga var ledd i den interne saksførebuinga. Då kom Fauchald fram til at departementet ikkje hadde tatt omsyn til miljøinformasjonslova av 2003. Den gir ein særeigen rett til innsyn i miljøsaker, og difor sende han inn klage til Sivilombodsmannen.

Etter ti månader bad dei departementet om  å revurdera avslaget. Åtte månader etterpå valde Sivilombodsmannen ikkje å gå vidare med saka. Til slutt valde Fauchald å nytta seg av klagetilgangen til Århuskonvensjonen.  Den vernar retten til miljøinformasjon, deltaking i avgjerdsprosessar og tilgang på eit klageorgan. 

Fekk delvis medhald

Kort fortalt klaga han på at Sivilombodsmannen og departementa hadde brukt altfor lang tid i vurderingane sine. Dessutan hadde ikkje departementet overhalda pliktene i Århuskonvensjonen i si vurdering og  at grunngjevinga frå departementet ikkje var grundig nok. Sist måndag avgjorde komiteen endeleg saka, melder Institutt for offentleg rett på sine nettsider. Den gav Fauchald medhald i at Noreg hadde brukt for lang tid på å handsama klaga frå Fauchald. Samtidig konkluderte den med at den ikkje hadde nok prov for å klarleggja dei andre klagepunkta. Hovudankemålet er at tidsbruken frå  Sivilombodsmannen og Klima- og miljøverndepartementet var for lang. 

Har fått internasjonal støtte

Jussprofessor Ole Kristian Fauchald trur og håpar at saka får konsekvensar.

– Det viktigaste for norske styresmakter er å syta for at det blir ei effektiv gjennomføring av miljøinformasjonslova også utanfor Klima-  og miljøverndepartementet, til dømes innanfor Olje- og energidepartementet, Nærings- og fiskeridepartementet, Landbruksdepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Denne lova har nesten ikkje vore i bruk fordi styresmaktene har konsentrert seg om  offentleglova, understrekar han.

Avgjerda som til ein viss grad, gav han medhald, gir han håp om at positive ting kan skje. – No har  Klima-  og miljøverndepartementet fått internasjonal støtte til arbeidet med å få  dei andre departementa og statsinstansane til å fylgja opp miljøinformasjonslov, understrekar han.

Den juridiske vurderinga som låg bak den dåverande regjeringa si avgjerd om ikkje å lata Naturmangfaldslova gjelda utanfor den norske territorialgrensa på tolv mil, har han framleis ikkje fått innsyn i.

– Difor lever framleis mistanken i meg om at regjeringa underslo informasjon overfor Stortinget, då dette vedtaket blei gjort. Så lenge styresmaktene ikkje utleverer den juridiske vurderinga, vil mistanken min bli verken avkrefta eller stadfesta, understrekar han. 

- Svært lærerikt

Fauchald har også gjort seg nokre dyrkekjøpte erfaringar.

– Å melda inn ei sak for ein internasjonal organisasjon er svært tidkrevjande og krev store eigne ressursar. Det gjeld både for Århuskonvensjonen og Den europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg. Men  det er også organisasjonar som er lettare å nytta, til dømes ESA, som  vil ta seg av det meste sjølv eller avvisa saka. Eg vil likevel ikkje åtvara  folk mot å gå til ein internasjonal organisasjon eller domstol med ei sak. Uansett utfall, så er det svært lærerikt, har Ole Kristian Fauchald erfart.

Les meir om saka på nettsidene til Institutt for offentleg rett:

Professor får medhold

Her finn du heile avgjerda

 

Emneord: Juss, Miljøpolitikk, Klima Av Martin Toft
Publisert 24. juni 2017 00:05
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere