Dei ber folk stemma dei inn i Universitetsstyret

Elleve kandidatar ynskjer ein av dei fire faste plassane i Universitetsstyret. Men Anne Birgitte Rønning er den einaste som er sikra plass.

KJØRER DEBATT: Ordstyrar Aslak Bonde set i gang debatten for kandidatane til plassane for dei fast vitskaplege tilsette: F.v. Erling Sverdrup Sandmo, Dag Harald Claes, Olav Gjelsvik, Anne Birgitte Rønning og Sverre Stausland Johnsen.

Foto: Martin Toft

Kandidater i gruppen fast vitenskapelig ansatte

Kandidater i gruppen midlertidig vitenskapelig ansatte

Kandidater i gruppen teknisk-administrativt ansatte

Studentvalg

Valg av representanter for studentene gjennomføres av Studentparlamentet.

Valg til universitetsstyret 2017

* Valgstart: mandag 22. mai
* Valgslutt og kunngjøring: torsdag 1. juni
* Universitetsstyret er UiOs øverste organ. Styret har elleve medlemmer og består av styreleder, tre medlemmer valgt blant ansatte i undervisnings- og forskerstilling, ett medlem valgt blant de teknisk og administrativt ansatte, to medlemmer valgt blant studentene og fire eksterne medlemmer. Rektor er styrets leder.

Alle dei elleve kandidatane til Universitetsstyret stilte opp, då Universitetet i Oslo inviterte til valdebatt i Scene Humsam i Georg Sverdrups hus i dag. Ordstyrar Aslak Bonde leidde ein debatt med fem kandidatar til dei to plassane som representantar for dei vitskaplege tilsette: Historieprofessor Erling Sverdrup Sandmo, statsvitskapsprofessor Dag Harald Claes, filosofiprofessor Olav Gjelsvik , litteraturprofessor Anne Birgitte Rønning og førsteamanuensis i nordisk språkvitskap, Sverre Stausland Johnsen.

Sidan Anne Birgitte Rønning er den einaste kvinna som stiller, er ho allereie sikra fast plass i Universitetsstyret.

Kandidatane som kjempar om den eine plassen for stipendiatane og dei mellombels tilsette, er språkforskar Ingrid Lossium Falkum og jusstipendiat Henriette N. Tøssebro. Samtidig knivar fire kandidatar om den eine plassen som representant for dei teknisk-administrative tilsette. Det er avdelingsleiar Ole Martin Nodenes, Ceres, som har sete ein periode i Universitetsstyret og no ynskjer attval. Utfordrarane hans er kontorsjef Astrid Waaler Kaas, Institutt for lærarutdanning og skuleforsking, seniorrådgjevar Marianne Midthus Østby frå Institutt for klinisk medisin og tillitsvald Cecilie Wingerei-Lilleheil i Forskarforbundet.

Ordstyrar Aslak Bonde bad kandidatane om å fortelja litt om som skal gjerast for at Universitetet i Oslo skal bli endå betre.

Han gav først ordet til Olav Gjelsvik:

– Eg trur me skal sikta endå høgare enn det som er gjort i denne valperioden. Det er viktig å få med innspel frå dyktige forskarar, meinte han.

Dag Harald Claes var opptatt av ei anna problemstilling:

– Mange får beskjed om at du er ein så god forskar at du treng ikkje undervisa lenger. I USA er det dei beste forskarane som underviser bachelorstudentane, konstaterte han.  

Imot kalling av forskarar

Debattleiar Aslak Bonde drog også inn framlegget frå SAB-utvalet (Strategic Advisory Board) om bruk av kalling av framifrå forskarar. Anne Birgitte Rønning hadde ingen sans for det forslaget. – Ryggmergsrefleksen min seier meg at det vil gi færre kvinnelege forskarar og færre med ein annan bakgrunn.

Ingen av kandidatane for dei vitskaplege tilsette kunne heller tenkja seg ei felles kalling av ektefeller. Men Sverre Stausland Johnsen presiserte gjerne litt nærare kva det ville gå ut på.

– Det vil ikkje seia at ektefellen også skal vera garantert ei vitskapleg stilling. Det kan like godt vera at ektefellen får tilbod om ei teknisk-administrativ stilling, peika han på.  

For moderat kjønnskvotering

Ingen var nøgd med at under 30 prosent av professorane ved UiO, er kvinner. Likevel var det ingen av kandidatane som ville ha radikal kjønnskvotering.

– Nei, eg er for moderat kjønnskvotering. Universitetsstyret bør gå gjennom alle tilsetjingar og oppfordra til moderat kjønnskvotering, sa Erling Sverdrup Sandmo. Det var Anne Birgitte Rønning og dei tre andre kandidatane for dei vitskaplege tilsette, einige med han i. Det var også dei to kandidatane som kjempar om plassen som representant for dei mellombels vitskaplege tilsette.  

– På Det juridiske fakultetet er det mange fleire kvinner enn menn i mellombels stillingar. Dei søkjer seg ikkje over til forskarstillingar. Om dei er universitetslektorar, får dei aldri tid nok til å søkja på ei fast vitskapleg stilling, sa Henriette N. Tøssebro. Motkandidaten hennar Ingrid Lossium Falkum, jobbar med språkleg kommunikasjon ved HF-fakultetet. – Eg skal jobba for heile universitetet, lova ho.

Forsvara seg mot kritikk frå NTL-leiar

Mellom dei fire kandidatane som ynskjer å bli representant for dei teknisk-administrative tilsette i Universitetsstyret, var det heller ikkje stor usemje kandidatane i mellom.

Den einaste som fekk litt ekstra kritiske spørsmål frå salen, var kontorsjef Astrid Waaler Kaas ved Institutt for lærarutdanning og skuleforsking. NTL-leiar Ellen Dalen peika på at ho som mellomleiar hadde andre kanalar der ho kunne få informasjon enn ved å vera representant for dei teknisk-administrative tilsette i Universitetsstyret.

– Eg har jobba praktisk som kontorsjef både på Øvre og Nedre Blindern. Derfor har eg eit annan utsiktspunkt enn dei tre motkandidatane mine som alle har bakgrunn frå ulike fagforeiningar. Men eg kan visa til at instituttet eg er kontorsjef for administrerer Lektorprogrammet ved UiO, og det omfattar fem fakultet, så det er verkeleg eit tverrfagleg samarbeid, slo ho fast.

EINIGE OM DET MESTE: Også kandidatane til plassen for dei teknisk-administrative tilsette var ganske einige. F.v. Ole Martin Nodenes, Astrid Waaler Kaas, Cecilie Wingerei-Lilleheil og Marianne Midthus Østbø. Bak til høgre sit Henriette N. Tøssebro og Ingrid Lossius Falkum. Bak til venstre sit Dag Harald Claes og Olav Gjelsvik. (Foto: Martin Toft)

Ville ha vanleg tilsett i styret

Marianne Midthus Østbø tykte at det var viktig at det er folk frå grasrota som representerer dei teknisk-administrative tilsette i Universitetsstyret.

– Dei sakene som me er opptekne av, blir ikkje tatt opp i Universitetsstyret om ikkje me er der og kan leggja dei fram. Ole Martin Nodenes har gjort ein god jobb dei fire åra han har representert dei teknisk-administrative i styret. Men no er han blitt avdelingsleiar for Ceres. Difor er det viktig at ein vanleg tilsett representerer oss i styret, meinte ho.

Ole Martin Nodenes peika på at han hadde lang fartstid som vanleg tilsett ved UiO.

– Eg begynte som sekretær, og heldt fram som overingeniør før eg blei leiar for Parat, som stort sett har teknisk-administrative tilsette som medlemar. Eg føler absolutt at eg er godt kvalifisert til å representera den gruppa i Universitetsstyret. Eg vil halda fram med å jobba for at det er minst mogleg uynskte mellombelse tilsetjingar ved UiO, understreka han.

Cecilie Wingerei-Lilleheil trekte derimot fram som ein fordel at ho i dag er tillitsvald for Forskarforbundet.

– Det er ingen hemsko. Det gir meg eit godt nettverk. Eg vil arbeida for å fjerna barrierar som hindrar tverrfagleg samarbeid.

Vil at alle lærer seg norsk

Alle kandidatane var einige om at alle med utanlandsk bakgrunn som blir tilsette i fast vitskapleg stilling ved UiO, må læra seg norsk.  Rønning var også opptatt av å ta vare på norsk som forskingsspråk. Stausland Johnsen meinte at det var heilt i orden å skriva vitskaplege artiklar på engelsk i alle fag, bortsett frå det faget han sjølv arbeider med: Norsk språkvitskap.

– Det seier seg sjølv at det er mest naturleg å skriva på norsk innan mitt fagområde, slo han fast.

Valet på kandidatar til Universitetsstyret startar måndag 22. juni kl. 08.00 og varer fram til torsdag 1. juni kl. 12.00. Eit par timar seinare blir valresultatet kunngjort. 

Emneord: Universitetsstyret, Valg Av Martin Toft
Publisert 16. mai 2017 18:39 - Sist endra 19. mai 2017 09:45

Eg vil koma med ei retting. Spørsmålet me fekk om publiseringsspråk var om me var samde med Curt Rice i at all publisering skulle vera på engelsk. Eg svara at attåt engelsk er det òg naturleg å publisera på norsk når forskingsobjektet er norsk språk (språk og litteratur) og norske tilhøve (kultur, samfunn, historie osb.). Det meste av det eg sjølv har publisert om norsk språk har eg skrive på engelsk. På mange andre fag er det derimot meir naturleg at publiseringa stort sett er på engelsk, sidan ein til dømes ikkje kan tala om "norsk matematikk" og "norsk kjemi" på same måten.

Stausland Johnsen - 18. mai 2017 00:57

Jeg vil også komme med en rettelse. Alle de fast vitenskapelig ansatte i panelet var for moderat kjønnskvotering, men ingen ga uttrykk for at "Universitetsstyret bør gå gjennom alle tilsetjingar," som det står her. Styret bør selvsagt ha god kjennskap til ansettelsene på UiO, men det skal selvsagt ikke gjøre seg til noe slags tilsettingsorgan. Samtalen gjaldt her prinsippet om moderat kvotering og om retningen for UiOs likestillingsarbeid, ikke om styret plutselig skulle utvide sitt mandat til å drive detaljstyring og kontroll med ansettelsene.

Erling Sverdrup Sandmo - 18. mai 2017 09:46
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere