Aksel Tjora vil bli vitskapsombod på UiO

NTNU-professor Aksel Tjora er den einaste søkaren til stillinga som vitskapsombod for humaniora og samfunnsvitskap ved UiO.

EINASTE SØKAR:: Sosiologiprofessor Aksel Tjora ved NTNU er den einaste søkaren til stillinga som vitskapsombod for humaniora og samfunnsvitskap ved UiO.

Foto: Kristoffer Furberg/Universitetsavisa

I dag fekk Uniforum oversendt lista over søkarane til den nyoppretta stillinga som vitskapsombod for humaniora og samfunnsvitskap ved Universitetet i Oslo. Den inneheld berre eitt namn, Aksel Tjora (49) som er professor i sosiologi ved NTNU i Trondheim. 

– Svært interessant

Om han bli tilsett, vil stillinga vera ei 20 prosent stilling, som tilsvarar ei professor II-stilling. Han kan difor halda fram som sosiologiprofessor ved NTNU. Aksel Tjora sit også i styret for NTNU, som representant for dei faste, vitskaplege tilsette:

– Eg synest stillinga som vitskapsombod for humaniora og samfunnsvitskap ved UiO er svært interessant.  Som rettleiar for Ph.d.stipendiatar har eg ofte opplevd problem rundt eigarskap til forsking og til idear, seier Tjora til Uniforum.  Han fekk tipset om den ledige stillinga som vitskapsombod frå ein forskarkollega ved Universitetet i Oslo.

 – Eg tykte den høyrdest svært spennande ut, og derfor sende eg inn ein søknad, fortel han.

God erfaring med toarstillingar

I dag arbeider Aksel Tjora som sosiologiprofessor ved Institutt for sosiologi og statsvitskap ved NTNU. Dessutan er han altså representant for dei faste, vitskaplege tilsette i NTNU-styret. – Eg trur ikkje det vil vera noko problem, om eg får stillinga som vitskapsombod for humaniora og samfunnsvitskap ved UiO. Eg har hatt fleire slike toarstillingar ved andre institusjonar, og det har gått fint, understrekar han overfor Uniforum.  

Tjora har også eit klart bilete av kva saker han vil få på sitt bord om han får stillinga som vitskapsombod:  – Det vil truleg handla om i kor stor grad rettleiar og birettleiar også kan vera medforfattarar av ei avhandling.  Det er forskjellige tradisjonar frå institutt til institutt. Og det vil handla om eigarskap til forsking og idear. Det som ikkje er greit, er at det er nokre institutt som opererer med æresmedforfattarskap.  Det er ikkje bra for stipendiatane.

Naudsynt med reglar

– Trur du det vil vera andre problem som vil dukka opp?

– I ph.d.-komiteane er det ofte for lite gjennomsiktig når det gjeld kor mykje kvar av bidragsytarane har medverka i arbeidet med til dømes ei doktoravhandling. I mange tilfelle har birettleiarar kome med større bidrag enn hovudrettleiaren, sjølv om hovudrettleiaren insisterer på å ha hatt ei sentral rolle som medforfattar. På den måten blir det ofte ubalanse i forholdet mellom rettleiar og stipendiat.  Eg vil også difor sjå nærare på rollefordelinga mellom den som kan kallast for kommentator og den som er medforfattar, seier Tjora.

Etter hans meining er det naudsynt å få inn eksplisitte reglar om forholdet mellom dei ulike rollene rettleiaren, birettleiaren og stipendiaten har i arbeidet med ei avhandling.

– Det er i alle fall det eg håpar å få til. I dag er det ofte stor urettferd i dette systemet, synest Aksel Tjora. 

Etter første utlysing melde det seg ingen søkjarar til stillinga som vitskapsombod for humaniora og samfunnsvitskap. Derfor utsette UiO  først søknadsfristen til 18. april og seinare til 30. april. Resultatet blei dermed at det melde seg ein søkjar, altså Aksel Tjora.  

Les også: Ingen søkere til stillingen som vitenskapsombud

                Nå får humsam-fagene eget vitenskapsombud

 

Vitskapsombod

* UiO vedtok i desember 2015 å oppretta to vitskapsombod. Mandatet for omboda blei vedtatt i UiOs styre i juni 2016.
* Førebels er ingen tilsett i stillingane.
* Aksel Tjora er den einaste søkjaren på stillinga som vitskapsombod for humaniora og samfunnsvitskap.
* Vitskapsombodet skal ifylgje utlysingsteksten vera ein uavhengig bistandsperson som har i oppgåve å gi rettleiing og råd til vitskaplege tilsette i forskingsetiske spørsmål.  Ombodet kan også opptre som uformell meklar.
* Det blir stilt krav om at søkjarane er professor eller professor emeritus.
* Stillinga som ombod for medisin og realfag er også lyst ut, men førebels er ikkje søkjarlista offentleggjort.

(Kjelder:Uniforum og UiO)

 

Emneord: Arbeidsforhold, forskningsetikk Av Martin Toft
Publisert 5. mai 2017 13:05 - Sist endra 5. mai 2017 13:56
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere