Paul Brand laga i 1999 også kunstverket «Magisk kvadrat» som er døra inn til Universitetsbiblioteket frå vestibylen. Plasseringa av den nye skulpturen «Uten tittel» vil ha samband med kunstverket inne i biblioteket.
Skulpturen er ei gåve frå Henning Olesen, som tidlegare var innehavar av pelsforretninga Studio Olesen i Oslo.
– Tusen takk for plasseringa, sa han og vende seg til universitetsdirektør Gunn-Elin Aa. Bjørneboe. – Eg vil oppfordra alle til å koma hit og sjå på skulpturen, og gå til Universitetsbiblioteket og sjå «Magisk kvadrat» etterpå, sa Bjørneboe. – Eg forstår at du Paul Brand er glad i matematikk, la ho til.
Det kunne kunstnaren Paul Brand skriva under på: – Desse tre figurane som dannar denne skulpturen, er forma slik at dei til saman utgjer 360 grader, peika han på.
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere