Rektorkandidatane er ikkje einige i absolutt alt

Ei viss usemje om omfanget av mellombelse stillingar, konkurranseutsette midlar og automatisk grunngjeving av eksamenskarakterar. Det er framleis dei viktigaste skilnadene mellom rektorkandidatane Hans Petter Graver og Svein Stølen. Det kom fram i rektorvaldebatten i Akademisk forum i går.

PÅ REKKJE OG RAD: Dei to rektorteama var sett opp på rekkje og rad:  Frå venstre Hans Petter Gravers team: Jan Frich, Inger Sandlie og Hans Petter Graver (delvis skjult). Så Svein Stølens team: Gro Bjørnerud Mo, Svein Stølen (skjult) og Per Morten Sandset. Ordstyrar var Johan Storm (lengst bak).

Foto: Ola Sæther

Rundt 100 personar møtte opp då Akademisk forum inviterte rektorkandidatane Svein Stølen og Hans Petter Graver med team til valdebatt i Georg Sverdrups hus i går. Debattleiar Johan Storm gav dei først sjansen til å fortelja dei frammøtte kvifor dei burde stemme på dei.

Hans Petter Graver var først i elden.

– De skal stemma på oss fordi kompetansen og kunnskapen til å leia Universitetet i Oslo sit i fagmiljøa. Oppgåva vår er å få til ordinære prosessar, slik at dei som har gode forslag kan koma med dei og prega utviklinga. Folk har ulike måtar å takla konfliktar på. Det er utfordringa for oss, meinte Graver.

Lova å gjenoppretta tillit og respekt

Han peika på at han sjølv og resten av rektorteamet hans, prorektorkandidat Inger Sandlie og viserektorkandidat Jan Frich, ikkje var opptekne av å vedta mål, strategiar og handlingsplanar.

– Me må få utvikla prosessar som utnyttar ressursane som er hos dei tilsette. Me lovar å gjenoppretta tillit og respekt. Difor må me få vekk uvissa, og hindra at det skjer maktutøving bak stengde dører. Derfor bør de stemma på oss, sa Hans Petter Graver .

Må ha dialog med folk

Motkandidat Svein Stølen var ikkje mykje dårlegare til å fortelja om kor godt det vil gå med Universitetet i Oslo om folk stemmer på han og hans team under rektorvalet.

– Det er like bra å ha dialog med folk som å ha alle svara. Folk er engasjerte, det viser alle innlegga i Uniforum og Universitas. Det er grunnleggjande verdiar som opptar forskarane. Samtidig har me interne forventingar, eksterne forventingar og forventingar frå studentane. Vårt rektorteam skal utvikla ein leiarskap på grunnlag av alle desse forventingane, lova Stølen.

– Grunnen til at de då må stemma på Gro Bjørnerud Mo og meg, er at de då vil få eit leiarteam som representerer det aller beste frå det heterogene Universitetet i Oslo. Me må ha løysingar som passar for alle. Vårt team har til saman kunnskapsgrunnlaget for å ta dei rette avgjerdene. Det er framleis usemje mellom oss og team Graver når det gjeld saker som automatisk grunngjeving av eksamenskarakterar og om det skal vera null mellombelse stillingar ved UiO. Når det gjeld det første spørsmålet vil me etter kvart gi eit svar på det, medan me også gjerne vil arbeida for å ha færre mellombelse stillingar ved UiO. Men me må ta kvar sak etter kvart, understreka Stølen.

Har utvikla eit god lag

Han meinte at det var ein styrkje for rektorteamet hans at dei representerer fire forskjellige fakultet, Gro Bjørnerud Mo frå HF, Åse Gornitzka frå SV, Per Morten Sandset frå Medisin og han sjølv frå MN-fakultetet.

– Me skal jobba som eit team. Og me har allereie utvikla eit godt lag saman. Det er svært viktig om me endar opp som leiarar ved UiO, slo han fast.

– Sjølv blei eg tilsett ved UiO som 31-åring, eg har vore med i to forskargrupper som kom til finalen i konkurransen om å bli senter for framifrå forsking (SFF) innanfor materialvitskap og nanoteknologi. Dessutan fekk eg på vegner av Kjemisk institutt tildelt UiOs formidlingspris i 2011. Og eg har vore leiar for Kjemisk institutt og forskingsdekan ved MN-fakultetet, fortalde han.

Meir samarbeid mellom fakulteta

Inger Sandlie er prorektorkandidat for Hans Petter Graver. Også ho fekk koma med visjonar om korleis dei vil leia UiO.

Me vil ikkje at universitetet trekkjer inn store pengar for at toppleiinga skal ha handlingsrom. Derfor meiner me at det er naudsynt at fakulteta samarbeider meir seg i mellom. Me vil invitera dei i fagmiljøa som veit best til oss for å høyra på dei, lova ho.

Rektorkandidat Hans Petter Graver meinte alle på UiO måtte bli høyrde.

– Det er viktig med arenaer for folk utanfor leiingslinja, slik at dei også kan koma med innspel, tykte han.

Viktig med satsingar på tvers av fag

Rektorkandidat Svein Stølen forklarte gjerne kvifor folk kunne stola på hans rektorteam, om dei vinn rektorvalet.

– De kan sjå på satsinga på endringsmiljø som me klarte å få til på Det matematisk-naturvitskaplege fakultetet. Kvar gruppe fekk tildelt stillingar, men dei kunne sjølve bestemma kva område dei skulle jobba med. Å laga denne typen satsingar på tvers av fag, er svært viktig. To tredelar av professorane våre var involverte i denne prosessen, fortalde han.

NTL-leiar Ellen Dalen ville vita kva dei to rektorkandidatane tenkte om konkurranse om finansiering. Svein Stølen var først ute med å svara.

– Forsking, utdanning og formidling handlar i stor grad om kunnskapsoverføring til samfunnet. Innanfor forskinga er det konkurranse som gjeld, medan det innanfor utdanning handlar om samarbeid. Det som er viktig er at me spelar på lag med samfunnet rundt oss. Men me må kopla det betre til oss. Konkurranse er noko som me heile tida må ha med oss i forskingsmiljøa, konstaterte han.

Entusiasme er naudsynt

På dette området var ikkje Svein Stølen og Hans Petter Graver heilt på linje.

– Her tenkjer me forskjellig. For å få til god forsking, er det naudsynt med entusiasme. Det gir god undervisning og god formidling. Me må likevel halda oss til at UiO som institusjon er meir konkurranseutsett. Men me må jobba for at UiO blir endå betre til å henta inn konkurranseutsette midlar.

Svein Stølens prorektorkandidat Gro Bjørnerud Mo greip tak i slagordet til team Stølen & Mo «Samspel». – Samspel byggjer ikkje på at alt er harmonisk og uproblematisk på UiO, men at me får løyst alle problema og vanskane ved universitetet, sa Gro Bjørnerud Mo.

Neste rektorvaldebatt går av stabelen tysdag 28. mars klokka 14.00 i Gamle festsal i Urbygningen i sentrum.

 

INTERESSERTE TILHØYRARAR: MN-dekan Morten Dæhlen og biologiprofessor og universitetsstyrerepresentant Kristian Gundersen var interesserte tilhøyrarar under rektorvaldebatten i Akademisk forum.  Men berre sistnemnde brukte høvet til å stilla spørsmål til rektorkandidatane. (Foto: Ola Sæther)

 

Emneord: Rektorvalet 2017, Universitetspolitikk Av Martin Toft
Publisert 22. mars 2017 16:02 - Sist endra 22. mars 2017 16:38
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere