Kan enda i rektorstolen etter klassereise frå Fredrikstad

Universitetet i Oslo kan få ein japansktalande kjemiprofessor med arbeidarklassebakgrunn frå Fredrikstad som ny rektor. Uniforum har prøvd å koma bak maska til rektorkandidat Svein Stølen.

Foto: Ola Sæther

Det låg ikkje i korta at Svein Stølen (57) skulle bli kjemiprofessor og rektorkandidat ved Universitetet i Oslo. Arbeidarsonen frå Fredrikstad begynte på realfag på UiO fordi han

Svein Stølen:

♦57 år

♦Professor i kjemi og prodekan ved MN-fakultetet

♦Tilsett ved UiO sidan 1991

♦Gift, tre søner

♦Bur på Røa

♦Frå Fredrikstad

hadde lærarar som inspirerte han til det på gymnaset.

– Far kom frå Jostedalen i Sogn og begynte å jobba som maskiningeniør hjå vaskepulverfabrikanten Denofa i Fredrikstad. Det var den byen mora mi kom ifrå, og der hadde eg ein god oppvekst.Det blei mykje fotballsparking på løkka gjennom nesten heile året. Kom det snø, sopa me den berre vekk, og så var det råd å sparka fotball igjen. Litt handball og friidrett vart det også, seier han.

Men då han seinare blei far til tre søner, var det ikkje fotballen som fekk førsteprioriteten.

– Dei begynte å spela fotball og handball og etter kvart tok ein av dei til å driva med friidrett. Den mellomste sonen min er faktisk ein lovande sprintar på 100 og 200 meter, fortel han.

I idrettslaget Tyrving er han oppmann for eliteutøvarane i friidrettsgruppa. Og i ungdomsmeisterskapen og i Tyrving-leikane har Svein Stølen brukt ei side av seg sjølv som er ukjend for mange. – Då har eg hatt jobben som speaker, saman med Jo Nesset, som også er speaker under Bislett Games.

– Kona di, Ingvil Gausemel synest du har vore svært flink til å fylgja opp dei tre gutane dykkar?

– Seier ho det? Ja, det har eg likt svært godt. Men det har jammen ho også gjort.

Frå Fredrikstad gjekk turen direkte til Universitetet i Oslo. – Det var eit naturleg val for meg sidan eg ville studera realfag. Men eg hadde aldri vore inne på tanken om at eg skulle bli kjemiprofessor.

Drog til Japan for å få litt luft under vengene

For etter doktorgraden i realfag gjorde Svein Stølen noko som skilde han frå mange andre uteksaminerte doktorkandidatar i realfag. Han valde å dra til Japan for å halda fram med studia der.

– Eg hadde behov for å få litt luft under vengene, og så er det heller ikkje sunt å gro for godt fast i eit fagmiljø. Andre drog som regel til USA eller Storbritannia, men eg ville gjerne prøva meg i eit land med ein heilt annan kultur. Derfor blei det Japan.

Men det blei mykje tøffare enn han hadde rekna med.

– Det første halvåret gjekk eg på eit intensivkurs i japansk i byen Nagoya, nord for Tokyo. Dei som ikkje hadde gjort heimeleksa si, rykte nedover på karakterskalaen, medan dei som kunne visa framgang, klatra oppover. Og det som var mest pedagogisk, var at dei ikkje var så opptatt av om uttalen av orda og grammatikken var heilt perfekt, men om du klarte å gjera deg forstått. Så då eg var ferdig med kurset kunne eg endeleg gå vidare med forskinga i realfag.

– Blei du god i japansk?

– Ja, eg var ganske god på den tida. I dag ville eg ha store problem med å føra ein samtale på japansk, men nyleg var eg på ein konferanse i Sapporo, og då kunne eg i alle fall halda ei to minutt lang innleiing på japansk.

Etter at han kom tilbake til Noreg og Universitetet i Oslo, møtte han Ingvil Gausemel som han gifta seg med og fekk tre søner med. Og som 31-åring fekk han fast jobb som vitskapleg tilsett på Kjemisk institutt ved Universitetet i Oslo. Men Japan-interessa har han halde på, og den har smitta over på resten av familien. – Me reiser ofte dit.

Set stereoanlegget på fullt guffe med klassisk musikk

Når Svein Stølen skal kopla av, set han stereoanlegget på full guffe med klassisk musikk. Kanskje det er det som har inspirert han til å kalla rektorvalprogrammet for «Samspel»? Og han har også fått kona interessert i det. – I byrjinga var ho mest interessert i rock og meir moderne musikk, men no er ho også blitt glad i klassisk musikk. Saman har me eit måndagsabonnement i Operaen. Det nyttar me oss av seks-sju gonger i året.

Den dagen Uniforum møtte Svein Stølen var ein av dei dagane dei to skulle i Operaen. – Eg gler meg til å sjå «Gengangere» /«Ghosts» med musikk av jazzmusikaren Nils Petter Molvær. Faktisk så likar eg også jazz, og heile slekta mi er full av folkemusikarar.

Eit uforståeleg underskot

Etter å ha forska på materialvitskap og kor godt eigna materialar er til ulik bruk, valde han å takka ja til den første leiarstillinga ved UiO. – Eg blei først nestleiar og så leiar for Kjemisk institutt. Jobben som leiar begynte med at me oppdaga at instituttet hadde eit underskot på 17 millionar kroner. Heldigvis klarte med å få budsjettet i balanse igjen etter nokre år.

– Blei du ikkje bitter på forgjengaren din, som hadde klart å skapa dette underskotet?

– Nei, eg hadde vore nestleiar i den same perioden, og ingen av oss klarte heilt å finna ut korleis dette underskotet hadde blitt til. Det viktigaste var at me klarte å få økonomien i balanse igjen.

– Du skreiv også boka «En cocktail av kjemikalier» Kva var målet med den?

– Eg ville visa noko anna enn alt det negative som er knytt til kjemi. Folk har ei oppfatning av at det er kjemikaliar som står bak alt som går gale, anten det gjeld innhaldet i maten, i havet, i lufta eller i materialar. Eg ville gjerne visa eit heilt anna bilete, og då er det viktig å formidla det slik at folk som ikkje er kjemikarar, også forstår det.

STOLT: – Eg er mest stolt over at eg har klart å leia fram rundt ti kandidatar til ferdig doktorgrad, seier Svein Stølen. (Foto: Ola Sæther)

Svein Stølen har vore ein leiande, internasjonal forskar i materialvitskap. Ein gong var han med på to søknader som kom til finalen i konkurransen om å få status som senter for framifrå forsking.

– Eg måtte velja, og valde den eg hadde størst rolle i, – og den vann ikkje fram i finalerunden. Det har likevel ikkje vore eit nederlag for meg. Eg er mest stolt over at eg har klart å leia fram rundt ti kandidatar til ferdig doktorgrad. Nokre av dei er framleis på UiO, medan dei andre har fått forskarstillingar utanfor institusjonen.

Framleis svært god venn med dekanen

For fire år sidan blei Svein Stølen forskingsdekan på MN-fakultetet i tospann med dekan Morten Dæhlen. Sjefen hans markerte seg i så stor grad, at han ofte blei med i spekulasjonane som ein mogleg rektorkandidat. I staden var det forskingsdekan Svein Stølen som kom fram bak den lange skuggen av Morten Dæhlen, og ganske overraskande lanserte seg sjølv som rektorkandidat.

– Var dette avtalt spel med dekan Morten Dæhlen?

Nei, det var det ikkje, men eg informerte han om planane mine. Og me var allereie attvalde som dekan og prodekan for MN-fakultetet. Begge kunne kanskje ikkje forlata dekanatet? Me er framleis svært gode venner, og han har invitert meg til den legendariske festen sin på Husøy til sommaren.

– Når bestemte du deg for å bli rektorkandidat?

– Det må ha vore i oktober. Grunnen til at eg stiller, er at eg føler ein varm kjærleik til universitetet, og det gjer at eg har lyst til å vera med på å styra det.

Dei som kjenner Svein Stølen godt, meiner det er ein ting som karakteriserer han: Han er alltid entusiastisk. Sjølv er han berre delvis einig i det.

– Det er berre i dei oppgåvene som eg går inn i med liv og sjel, at eg er entusiastisk.

– Og ei av dei oppgåvene må vera den innsatsen du legg inn i arbeidet med å etterfylgja Ole Petter Ottersen som rektor for Universitetet i Oslo?

– Det er ein jobb eg trur eg vil få, men det vil ikkje gå utan at eg arbeider svært hardt for det. Difor må eg gi masse honnør til seksjonssjef Ingse Noremsaune ved MN-fakultetet, som klarer å halda verksemda i seksjon for forskarstøtte gåande, trass i at eg er ute og driv rektorvalkamp. Faktisk tar ho på seg mange av oppgåvene mine. Men me snakkar saman når der er naudsynt.

– Om du blir vald til rektor, kva er det første du vil gjera?

– Når eg blir vald til rektor, vil eg bruka tid til å tenkja meg om og leggja opp løpet fram mot 1. august. Så vil eg halda fram med å treffa og bli kjend med nye menneske på UiO.

– Kva er det som gjer deg til den beste rektorkandidaten?

– Eg har vist gjennom handling at eg har stor gjennomføringskraft og evne til å få med meg mine kollegaer. Dessutan dekkjer rektorlaget mitt fire fakultet på UiO. Me har alle forskjellig kjernekompetanse som gjer at me saman dannar eit sterkt team, noko som er viktig for å leia eit stort universitet.

– Kva vil du seia om motkandidaten din, Hans Petter Graver?

– Eg kjenner han ikkje spesielt godt, men me har gode debattar. Valkampen går føre seg på ein god måte og er ein sterk akademisk institusjon som UiO verdig. Det er eit godt argument når somme tar til orde for ikkje å halda fram med rektorval.

Det er ikkje ofte Svein Stølen får tid til å ta seg av husarbeidet i rekkjehuset på Røa under rektorvalkampen. Når han er heime, høyrer familien det fordi dei høyrer lyden av fingrane som slår mot tastaturet på datamaskina. – Det er nok kona som har måtta ta jobben på heimebane dei siste månadene, vedgår han.

Stølen har knapt fått tid til å lesa noko anna enn faglitteratur. – Den siste vanlege boka eg las, var sjølvbiografien til Jens Stoltenberg.

– Eg elskar sushi

– Du likar også å romstera litt på kjøkkenet?

– Ja, eg elskar sushi. Men eg skal ikkje skryta på meg store kokkekunstar. Men sushi er eigentleg ganske enkelt, for det er ikkje eingong naudsynt å bruka varme. I huset på Røa blir det ete ganske mykje japansk mat i løpet av året.

– Og Japan-interessa har gått vidare til neste generasjon?

– Den yngste sonen som går på IB-linja ved Blindern videregående skole, har tatt japansk på si, og no har han planar om å eit friår i Japan før han startar på studia.

– Og hytta i Valdres. Har du vore der i vinter?

– Det har blitt færre turar enn vanleg. Og eg som er så glad i å gå i fjellet …

 

 

 

Emneord: Rektorvalget 2017 Av Martin Toft
Publisert 28. mars 2017 19:21 - Sist endra 28. mars 2017 19:37
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere