Får millionar frå EU til å finna kur mot multiresistente bakteriar

Biostatistikkprofessor Jukka Corander ved UiO får nærare 22 millionar kroner frå Det europeiske forskingsrådet (ERC) for å utvikla datamodellar som kan gi svar på korleis det vil vera mogleg å utvikla medisinar som kan ta knekken på multiresistente bakteriar.

FANTASTISK; Biostatistikkprofessor Jukka Corander synest det er fantastisk å ha fått tildelt nærare 22 millionar kroner frå Det europeiske forskingsrådet (ERC). Forskinga hans skal finna fram til kur mot multiresistente bakteriar,

Foto: Ola Sæther

– Det er fantastisk flott å få ei slik tildeling. Truleg er det ei ein-gong-i-livet-oppleving, seier Jukka Corander til Uniforum. Professoren ved Avdeling for biostatistikk, Oslo Centre for Biostatistics and Epidemiology (OCBE) på UiO har tatt på seg findressen.

– Det er klart det er grunn til å feira. Derfor har senteret invitert til ei lita markering seinare i dag, fortel han.

Kan utvikla målretta medisinar

Denne månaden har Jukka Corander også tidlegare sett senteret og UiO på kartet. For ei veke sidan melde NRK at Jukka Corander og forskargruppa hans, hadde gjort funn som kunne gjera det mogleg å laga målretta medisinar mot antibiotikaresistente og multiresistente bakteriar. Det hadde dei klart gjennom å utvikla ein statistisk metode som gjer det råd å undersøkja alle moglege mutasjonar som kan oppstå, akkurat samtidig.

– Med millionløyvinga frå Det europeiske forskingsrådet blir det høve til å utvikla denne metoden med ti til 100 gonger større data, fortel Jukka Corander. Prosjektet ber namnet «SCARABEE» (Scalable inference algorithms for Bayesian evolutionary epidemiology) og planen er at dei no skal kunna laga datamodellar som kan gi eit endå sikrare bilete av korleis det vil vera råd å slå tilbake mot multiresistente bakteriar, som til dømes MRSA, men også tuberkulosebakteriar.

Håpar på nye medisinar mot multiresistente bakteriar

– Funna som me gjer, vil gjera det mogleg å utvikla medisinar som kan ta knekken på desse bakteriane utan at dei også tar livet av dei nyttige bakteriane. Me kan mellom anna finna ut når det er mest sannsynleg at smitte skjer frå menneske til menneske, men også frå dyr til menneske, seier Jukka Corander til Uniforum.

For å få det til måtte ei superdatamaskin behandla 100 milliardar ukjende faktorar. Det brukte den 200 000 timar eller to månader på å gå gjennom .

– Då den jobben var over, kunne me laga datamodellar som viste kvar det var sterkast interaksjon mellom ulike genar i bakteriane. Slik kan me koma fram til når det er mest sannsynleg at bakteriar overlever og mest smitte skjer, seier Jukka Corander.

For han er dette svært meiningsfull forsking.

– Hundretals millionar menneske blir smitta av ulike, farlege bakteriar i året. Kvart år døyr fleire millionar menneske av dei sjukdomane som desse bakteriane forårsakar. Med tanke på dette er det viktig å driva grunnforsking som kan føra til at det i løpet av kanskje 10 til 20 år blir utvikla nye medisinar som kan ta knekken på mange av desse bakteriane. Medisinane vil vera målretta slik at dei berre går til åtak på dei skadelege bakteriane, seier han.

100 gonger fleire data enn i dag

Med pengane frå Det europeiske forskingsrådet vil det bli mogleg å laga nye datamodellar som kan bruka ti til 100 gonger fleire data enn dei som dei har brukt til no.

– Dermed kan me koma fram til meir sannsynlege konklusjonar, enn berre ved å gå utifrå, slik dei gjorde før. Ein av kjernemetodane våre byggjer på eit «inferensparadigma» som blir kalla ABC (Approximate Bayesian Computation). Nestoren i statistikk, 92 år gamle Sir David Cox frå Oxford, meinte at det var det viktigaste funnet innanfor biostatistikk på 30 år, seier Jukka Corander.

Vil finna ut meir om spreiing og utvikling av multiresistente bakteriar

Med millionane frå Det europeiske forskingsrådet kan han utvida forskinga og utvikla nye modellar basert på langt fleire data enn før. – Gjennom forskingsprosjektet SCARABEE vil me kombinera maskinlærande algoritme med statistiske modellar som viser korleis epidemiar utviklar seg. Med enorme mengder data, Big Data, vovne saman med nye metodar for å dra moglege slutningar, vil det bli mogleg å få svar på mange spørsmål som me enno ikkje har klare løysingar på.

– Ikkje minst vil det  med desse modellane bli mogleg å finna fram til korleis multiresistente bakteriar som i dag trugar folkehelsa, utviklar seg og spreier seg. Håpet er at modellane me utviklar i framtida, vil vera til hjelp i innsatsen med å redusera talet på sjukdomar som desse bakteriane står bak, forklarar Jukka Corander.

Vil nytta modellen til å sjå på andre sjukdomar

– Vil det også bli mogleg å nytta seg av desse modellane for å få fleire svar på korleis også andre sjukdomar kan få kurar som kan halda sjukdomen i sjakk eller halda den borte?

– Me vil bruka modellen til å kartleggja ulike kreftformer saman med BigInsight-senteret ved Det medisinske fakultetet for å sjå kva funn me kan gjera også på det området. Ved UiO og SIMULA-senteret har det nyleg blitt gjort fine gjennombrot fram mot ein digital modell for hjarteinfarkt. Det hadde vore fint å kunna byggja ut våre (inferensmetodar) slutningsmetodar også på det området i framtida, seier Corander.

Tidlegare arbeidde Jukka Corander ved Helsingfors universitet. Innsparingane i forskingsbudsjettet til den finske regjeringa  førte til at det blei dårlege sjansar til å få god finansiering av forskinga som han heldt på med.

– Samtidig fekk eg tilbod om professorat frå Universitetet i Oslo. No vil eg rekruttera fleire av forskarkollegaene mine frå Finland til dette forskingsprosjektet.

Kona og dei to døtrene er framleis igjen i Finland.

– Ja, men eg pendlar dit så ofte eg kan. Uansett så trivst eg kjempegodt i Oslo, og eg angrar ikkje på at eg flytta hit, seier Jukka Corander.

Emneord: Forskning, Medisin, EU Av Martin Toft
Publisert 24. mars 2017 00:01 - Sist endra 24. mars 2017 10:18
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere