Ber om pengar frå UiO for å redda Argument

I ti år har studenttidsskriftet Argument kome ut jamt og trutt på Universitetet i Oslo. No slit publikasjonen i motbakke. – Derfor ber me UiO om å støtta oss økonomisk, seier redaktør Joakim Pedersen Berg.

YNSKJER UiO-STØTTE:  Redaktør Joakim Pedersen Berg håpar UiO kan gi økonomisk støtte til Argument, slik at tidsskriftet kan koma opp av den økonomiske bølgjedalen.

Foto: Ola Sæther

Då Argument blei etablert i 2006 fekk studenttidskriftet økonomisk draghjelp både frå UiO og frå Kulturstyret i Velferdstinget. – Det har me fått kvart år seinare, men i fjor fekk me

Fakta om Argument:

- studentpublikasjon ved UiO.

- starta opp i 2006.

- vitskapleg argumentasjon og fagleg aktualitet er viktige grunnsteinar, som blir gjort  levande ved at studentane slepp til.

- Argument viser breidda av studentane sine meiningar og fagleg kompetanse på tvers av fakultet og institusjonar.

- redaktør Joakim Pedersen Berg.

- søkjer om løyving på 401 000 kr (2017).

(Kjelder: Argument og Joakim Pedersen Berg)

mindre enn me hadde bruk for, og me måtte difor redusera talet på nummer frå fem til fire nummer i året, fortel Joakim Berg.

– Blir ikkje rik av jobben

Til saman har studenttidsskriftet eit årsbudsjett på 400 000 kroner. Halvparten av summen går til trykking og distribusjon av tidsskriftet.

– Som redaktør får eg utbetalt 4500 kroner per nummer. Det seier seg sjølv at eg ikkje blir rik av den jobben. Skribentane våre får ingenting i honorar, men berre skriveopplæring og gleda av at dei har fått publisert ein artikkel i Argument, fortel redaktør Joakim Pedersen Berg.

Med bidrag frå Torbjørn Røe Isaksen

Tidsskriftet blei starta opp i 2006, med Anne Viken som redaktør og Kristian Meisingset som kulturredaktør. Mellom bidragsytarane i det første nummeret var dagens kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen.

– Fleire av skribentane våre har seinare skrive bøker eller gjort det godt i politikken. Nokre av dei har også jobba for Universitas, fortel Joakim Berg. Han er stolt over det Argument har fått til på dei ti åra tidsskriftet har eksistert. – Kurset i forskingsjournalistikk på Mat.Nat.-fakultetet, MNKOM, kom i gang i 2013 etter initiativ frå oss. Det har også rektor Ole Petter Ottersen trekt fram både i opningstalen sin, og i bloggen sin. Dessutan var det Argument som også begynte debatten om forskingsformidling i Nytt Norsk Tidsskrift i 2016, peikar Berg på.

Foreslår øyremerkt formidlingspott ved UiO

Etter hans meining har UiO og Argument felles interesse i å driva formidling av det som skjer på UiO.

– Det hadde difor vore fantastisk bra om UiO kunne ha etablert ein øyremerkt formidlingspott til tverrfakultære studenttidsskrift som både Argument og andre studentorgan kunne søkja om å få. Akkurat no er årsaka til den økonomiske krisa at Velferdstinget har flytta kunngjeringa av kven som får tildelingane frå desember til påske. – Derfor må me trykkja det første nummeret av Argument på krita hos trykkeriet, avslører Joakim Berg.

Publiserer fleire og fleire artiklar på nett

Sidan tidsskriftet er tverrfakultært, kan det ikkje søkja om pengar frå kvart fakultet, der mesteparten av midlane til studentaktivitetar ligg i dag.

– Derfor går me til UiO sentralt for å høyra om det er mogleg å få pengar til dette tidsskriftet, seier Joakim Berg.

Dei har tidlegare søkt og fått støtte frå Fritt Ord, Frifond og Bergesens-stiftelsen. – Men det var til jubileumsfeiring og møte, ikkje til drift av tidsskriftet, fortel han.

Også i Argument blir det færre og færre artiklar som blir publiserte på papir, medan fleire og fleire blir publiserte på nett.

– Me har difor gått ned i opplag frå 6000 til 3500 eksemplar. Me er sikre på at UiO også vil ha stor nytte av at studentane skriv i Argument, og på den måten lærer seg å kritisera andre, samtidig som dei også får kritikk. For skribentane våre er det også viktig å kunna visa fram på CV-en at dei har skrive for oss. I framtida kan dei jo bli UiO-tilsette, og då har dei allereie fått god trening i å ytra seg offentleg, trekkjer han fram.

Måtte skjera ned frå fem til fire utgjevingar i 2016

– Men vil ikkje Argument koma i for sterk konkurranse med Universitas, om de får for sterke økonomiske musklar?

– Nei, me ser på Universitas som ei nyhendeavis, medan me skriv om tyngre saker som det er naudsynt å driva med langlesing for å få med seg, synest Berg.

– Universitas og Radio Nova får pengar tildelt direkte frå Velferdstinget, medan Argument har fått det via Kulturstyret. Det er heilt i orden, men me hadde gjerne sett at dei hadde bestemt kor stor løyvinga til Argument skulle vera på tidleg på året, i staden for at me må venta minst ein månad fram i tid, fortel han.

I 2016 måtte Argument altså for første gong skjera ned talet på utgjevingar frå fem til fire.

– Me håpar å unngå det i 2017, derfor vonar me at me får naudsynt økonomisk støtte, seier Berg.

Vil ha ei langsiktig løysing

–Trur du at de har noko håp om å få det?

– Me har inntrykk av at UiO ynskjer å støtta den type foreining me er, men paradoksalt nok fell me mellom stolane finansielt fordi me er tverrfaglege, sjølv om UiO ynskjer tverrfagleg samarbeid. Om me ikkje får pengar med ein gong, vil me takla det i 2017, men om det blir skåre inntil beinet kvart år, blir det til slutt ingenting igjen. Derfor ynskjer me ei løysing me kan leva med i ti nye år, seier Pedersen Berg.

Uniforum har førebels ikkje lykkast med å få ein kommentar frå UiO-leiinga i denne saka.

 

Emneord: Studentforhold, Økonomi Av Martin Toft
Publisert 3. jan. 2017 17:21 - Sist endra 4. jan. 2017 09:19
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere