Paolo Macchiarini skuldig i forskingsfusk

Skandaleforskaren Paolo Macchiarini og tre av medforfattarane hans er skuldige i forskingsfusk. Det kunngjorde Karolinska Institutet i går.

SKULDIG: Paolo Macchiarini er skuldig i forskingsfusk. Det er konklusjonen frå Karolinska Institutet, som har gått gjennom den første av fleire vitskaplege artiklar der han er hovudforfattar.

Foto: Karolinska Instituttet

Det var tidlegare i år det blei avslørt i Sveriges Television at medisinprofessoren og kirurgen Paolo Macchiarini hadde bløffa både kollegaer og pasientar om korleis det ville vera mogleg å få erstatta øydelagde luftrøyr med syntetiske luftrøyr, som Macchiarini sjølv hadde utvikla.

Les: Han avslørte skandaleforskeren ved Karolinska

Skandalen førte til at både rektor Anders Hamsten ved Karolinska Institutet og den nasjonale universitetskanslaren trekte seg frå stillingane sine. Også fleire av medlemane i Nobelforsamlinga, som deler ut Nobelprisen i medisin, har gått ut av komiteen fordi dei tidlegare har gått god for forskinga til Paolo Macchiarini.

Fusk i vitskapleg artikkel

No har ei ny gransking ved Karolinska Insitutet konkludert med at Paolo Macchiarinis vitskaplege artikkel ”Experimental orthotopic transplantation of a tissue-engineered oesophagus in rats” er basert på forskingsfusk. Artikkelen blei publisert av Nature Communications i 2014, med Paolo Macchiarini som hovudforfattar og tre andre medforfattarar.

Både Macchiarini og medforfattarane har drive med forskingsfusk, er dommen frå Karolinska Institutet. Men for to av medforfattarane, som er juniorforskarar, er det formildande omstende.

Granska på nytt

Ifylgje ei pressemelding frå Karolinska Institutet er dette den første av fleire artiklar av Paolo Macchiarini som blir granska på nytt etter at den førre rektoren Anders Hamsten frikjende forskarane for forskingsfusk, men peika på at artiklane innheld både slurv og feil.

Etter at Sveriges Television i dokumentarprogrammet ”Experimenten” avslørte korleis Paolo Macchiarini hadde drive med tvilsame forskingsmetodar og livsfarlege transplantasjonar og rektor Anders Hamsten hadde gått av, bestemte vikarierande rektor Karin Dahlman-Wright å ta opp igjen gjennomgangen av fleire vitskaplege artiklar som har Paolo Macchiarini som hovudforfattar. Difor bad ho også om å få ei vurdering frå gruppa som dei kallar for ”expertgruppen för oredlighet vid Centrala etikprövningsnämnden.”

Deira konklusjon på innhaldet i den første vitskaplege artikkelen til Macchiarini kom tidlegare i år, og dommen deira var endå krassare enn dommen frå Karolinska Institutet, som altså blei publisert igår. Der blir berre tre av medforfattarane dømde som medskuldige i forskingsfusk i denne artikkelen, ikkje alle, slik den Centrala etikprövningsnämnden konkluderte med.

Frifann fleire medforfattarar

Karolinska Institutet meiner at dei andre medforfattarane kom med så få bidrag til artikkelen, at dei ikkje hadde høve til å vurdera innhaldet i resten av artikkelen. Difor må dei frifinnast for forskingsfusk, heiter det i grunngjevinga frå Karolinska Institutet, som er basert på råd frå Kungl. Vetenskapsakademiens arbeidsgruppe for forskingsfusk.

To av dei som er kjend skuldige i forskingsfusk, er seniorforskarar og er ikkje lenger tilsette ved Karolinska Institutet. Difor får det ingen arbeidsrettslege konsekvensar for dei. To andre blir rekna som juniorforskarar, som har vore i eit slags tillitsforhold til dei to seniorforskarane. Dei slepp difor unna med ei åtvaring frå Karolinska Institutet.

Les også desse artiklane om Macchiarini-saka:

Slik skal Karolinska gjenreise sitt akademiske omdømme

Hard kritikk mot Karolinska Institutet

"Burde ikke vært ansatt"

Emneord: Etikk, Forskning, Sverige Av Martin Toft
Publisert 21. des. 2016 14:29 - Sist endra 21. des. 2016 15:32
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere