Klokka 11 i dag kom kronprinsesse Mette-Marit til Realfagsbiblioteket ved Universitetet i Oslo. Ho var invitert av Norsk Bibliotekforeining som ho er den høge beskyttaren av. Kronprinsessa blei tatt imot av overbibliotekar Live Rasmussen, som har tatt initiativet til at Realfagsbiblioteket i dag også fungerer som ein sosial og fagleg møteplass for studentane.
- Ho var svært interessert og stilte intelligente spørsmål til oss både om nye og gamle bøker. Dessutan gav me henne innblikk i geologiske skattar, som me skal digitalisera. Me viste henne også originale koparstikk frå hovudverket til Carl von Linne. Sidan me visste at ho var opptatt av grøn te, viste me henne litteratur om det. Og dessutan fortalde me henne litt om formidlingsverksemda vår, fortel Live Rasmussen til Uniforum. Til saman varte besøket i rundt ein time.
Tidlegare på dagen besøkte kronprinsesse Mette-Marit Deichmanske filial på Majorstua.
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere