Ynskjer akademisk boikott av både Israel og Saudi-Arabia

– Både Israel og Saudi-Arabia må boikottast fordi dei driv med apartheid av innbyggjarane sine. Medan Israel driv med diskriminering på etnisk grunnlag, held Saudi-Arabia på med kjønnsdiskriminering, sa førsteamanuensis Lars Gule ved Høgskolen i Oslo og Akershus under ein debatt i formiddag.

VIL HA BOIKOTT: Førsteamanuensis Lars Gule (t.v) ved Høgskolen i Oslo og Akershus vil ha akademisk boikott av både Israel og Saudi-Arabia. NTNU-rektor Gunnar Bovim forsvarar at NTNU-forskarar vil samarbeida med Israel.

Foto: Ola Sæther

Det var under debatten om forskingssamarbeid med omstridde aktørar tidlegare i dag, førsteamanuensis Lars Gule tok til orde for å innføra boikott av begge desse landa i Midtausten 

– Israel er også med i Horisont 2020

Debatten blei sett i gang etter kritikken mot Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) då dei sende ein delegasjon med forskarar til Israel i september saman med olje- og energiminister Tord Lien. Eitt av måla med besøket var å få til auka økonomisk samarbeid med Israel. 

Det var olje- og energiministeren heilt open om i sitt innlegg i debatten.

– Israel har svært mykje å bidra med innanfor informasjonsteknologi. Dei har god erfaring med asymmetrisk krigføring og veit godt at det er mogleg for to eller tre datakyndige som er samla i ein garasje å kunna setja eit heilt kraftverk ut av spel om dei går inn for det. Samtidig kan Noreg bidra med teknologi innanfor fornybar energi og med  petroleumsteknologi til utvinninga av gassfelta som er funne på israelsk og palestinsk kontinentalsokkel i Middelhavet. 

– Me veit godt at det eine gassfeltet, er inne på palestinsk territorium, men den israelske energiministeren har garantert overfor meg at inntektene frå det gassfelt sjølvsagt skal gå til dei palestinske sjølvstyresmaktene. Med tanke på alle reaksjonane som har kome på grunn av besøket mitt, skulle ein kunna tru at det var eg som hadde funne på dette forskingssamarbeidet med Israel. Men landet deltar faktisk også i EUs forskingssamarbeid Horisont 2020 saman med mellom andre Noreg og Sveits, understreka han.  

Kan knyta saman tre land med tre religionar

I innlegget sitt peika han også på at både Kypros og Egypt hadde funne gass i sine delar av Middelhavet.

– Det kan bli bygd ei gassrøyrleidning mellom desse områda som kan syrgja for energiforsyning til nabolanda. På den måten vil eit muslimsk land, eit kristent/muslimsk land og eit Israel med jødedommen som dominerande religion bli knytte saman økonomisk.  Det vil styrkja verdiskapinga i alle desse tre landa, meinte Tord Lien.

Han viste til at Noreg også har eit tett samarbeid med Saudi-Arabia om petroleumsteknologi.  – Det samarbeidet har ikkje vekt dei same reaksjonane som samarbeidet med Israel, konstaterte han. 

Boikott av Israel og Saudi-Arabia 

Lars Gule, som fekk ordet etter at Tord Lien, måtte dra på ein ny utanlandstur, meinte altså at Noreg burde boikotta både Israel og Saudi-Arabia fordi begge landa står bak ein apartheidpolitikk.  – Både Israel og Saudi-Arabia må boikottast fordi dei driv med apartheid av innbyggjarane sine. Medan Israel driv med diskriminering på etnisk grunnlag, held Saudi-Arabia på med kjønnsdiskriminering, sa han.

– Spesielt akademiske institusjonar som er med å laga etiske retningslinjer for bedrifter og organisasjonar, bør sjølve også gjera etiske refleksjonar over kven dei samarbeider med.  Ja, det kan argumenterast for at Noreg også bør boikotta eit land som Kina. Men Noreg vil ikkje ha noko særleg påverknad på Kinas politikk, sjølv om menneskerettsdialogen Norsk senter for menneskerettar kanskje kan bevega Kina bitelitt i ein meir positiv retning.

– Blir tolka som støtte til israelsk politikk

Derimot har Noreg stor påverknadskraft på Israel.  Det blir sagt at det ikkje er ei politisk handling å senda ein regjeringsdelegasjon til Israel, så blir det tolka heilt annleis av israelske styresmakter.  Der blir det tolka som støtte til israelsk politikk, sa Lars Gule.  Han meinte det var godt grunnlag for å seia at Israel både bryt folkeretten og menneskerettane.

– No har det vore ein slags fredsprosess i 20 år utan at noko har skjedd. Derimot byggjer mange paragrafar i det israelske lovverket opp under direkte diskriminering av dei palestinske innbyggjarane i landet. Eg hadde difor hatt mykje meir tiltru til dei etiske refleksjonane til NTNU enn til Frp-statsråden Tord Lien,  sa Lars Gule. 

– Komplisert

NTNU-rektor Gunnar Bovim vedgjekk at det ikkje var noko enkelt spørsmål å ta stilling til.

– Det er komplisert. Men når me blei med på turen til Israel så var det av faglege grunnar og ikkje av politiske. NNTU oppfordrar til samarbeid mellom forskarar på tvers av land og politiske regime. Me ser det som eit gode at både forskarar og studentar frå autoritære regime kjem til NTNU, og kanskje tar med seg nokre nye tankar tilbake til heimlandet. 

– Difor har me også hatt doktorstipendiatar frå både Iran og Kina på universitetet vårt.  Det vil ikkje seia det same som at me støttar Kinas okkupasjon, praktisering av dødsstraff eller undertrykking av eigne innbyggjarar.  Og det er heller ikkje rektors kontor som skal bestemma kven forskarane våre skal samarbeida med til ei kvar tid, slo han fast. 

– Universitetsautonomien er ikkje absolutt

Leiaren for Studentane og akademikarane sitt internasjonale hjelpefond (SAIH), Inga Maria Nymo Riseth argumenterte sterkt for at norske forskingsinstitusjonar burde ha ein boikott av Israel når det gjeld forskingssamarbeid innanfor petroleum.

UEINIGE: Olje- og energiminister Tord Lien var ikkje einig med Inga Marie Nymo Riseth i SAIH om at norske universitet burde avstå frå forskingssamarbeid med Israel. Begge deltok i debatten om forskingssamarbeid med omstridde aktørar i formiddag. (Foto: Ola Sæther)

– Universiteta sin autonomi er ikkje absolutt. Den skal nemleg ikkje krenkja andre sine rettar. Dei skal heller ikkje lata seg styra, men ta eigne standpunkt. Universiteta skal leia forskinga i rett retning. Dessutan skal dei respektera internasjonale lover,  trekte ho fram. 

Så viste ho til korleis Israel okkuperer Golanhøgdene som er syrisk land, har uavklarte grenser til Gaza, til Libanon, til Egypt og til Kypros. I fylgje henne driv Israel også ressursutnytting på okkupert land, noko som er ulovleg etter internasjonal lov.  – Folk har rett til å ha herredøme over sine eigne naturressursar.

Det siste punktet ho trekte fram var at Israel ikkje hadde skrive under på FNs Havrettstraktat, noko som nabolanda hadde gjort.  

– Konklusjonen min er derfor at norske universitet bør avstå frå dette forskingssamarbeidet fordi det er for stor risiko for at vil bidra til brot på folkeretten, sa Inga Maria Nymo Riseth.

Samarbeider med Technion

I Noreg er det truleg Universitetet i Stavanger som har det tettaste samarbeidet med Israel. Dei samarbeider nært med universitetet Technion, stadfesta dekan Øystein Lund Bø ved Teknisk-naturvitskaplege fakultetet.   – I vårt universitetsstyre var det ein representant som ville at me skulle seia opp avtalen med Technion. Men forslaget blei nedstemt med 10 mot 1 stemme i 2015.  Ein av forskarane våre har vore gjesteforskar ved det israelske universitetet. Samtidig har me tatt opp ein israelsk og ein palestinsk student på masterprogrammet vårt.  Dei fylgjer undervisninga frå Israel.

– Burde hatt forskingsetiske debattar tidlegare

Etter hans meining burde dei nasjonale forskingsetiske komiteane tatt ansvar for å skipa til forskingsetiske debattar langt tidlegare. 

– Me har samarbeid både med Kina, Russland, Iran og fleire arabiske land. Ja, me har til og med studentar frå Nord-Korea.  Men lener oss til norsk utanrikspolitikk. Difor samarbeider me heller ikkje med aktørar som er svartelista av Statens pensjonsfond, understreka han. 

 

Emneord: Palestina, Israel, Etikk Av Martin Toft
Publisert 28. okt. 2016 13:08 - Sist endra 28. okt. 2016 14:24
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere