– Kvalitetsreforma heldt ikkje det den lova studentane

– Kvalitetsreforma var naudsynt, men har ikkje oppfylt dei resultata som var førespegla for studentane, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen til Uniforum. Kvar fjerde student fell frå, viser tilstandsrapporten for høgare utdanning.

AKILLESHÆLEN:  – Det store fråfallet er akilleshælen vår, meiner kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen. Kvar fjerde student sluttar før planlagt tid, viser tilstandsrapporten for høgare utdanning.

Foto: Ola Sæther

I 2015 var det 245 000 studentar ved universiteta og høgskulane i Noreg. Det er fleire enn nokon gong tidlegare. Likevel fullfører berre fire av ti studentar studiet sitt til planlagt

tid.  Det står i tilstandsrapporten for høgare utdanning, som blei lagt fram av Kunnskapsdepartementet i dag.

– Akilleshælen

– Det store fråfallet er akilleshælen vår, meiner kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen. Regjeringa er opptatt av at fleire studentar må fullføra studia sine. Høgare utdanning og forsking er nøkkelen til å klara den omstillinga me står overfor og for å gjennomføra det grøne skiftet. I stortingsmeldinga om utdanningskvalitet vil dette bli heilt sentrale problemstillingar, seier han.

I tilstandsrapporten går det fram at det meste av fråfallet skjer dei første to semestera, og 71 prosent av dei studentane som fell frå, har tatt 30 studiepoeng eller mindre. Mange ombestemmer seg også, og skiftar studium.  

Kvalitetsreforma blei innført i 2003. Då var lovnaden at studentane skulle få betre oppfylging og slik skulle det bli lettare å få til betre gjennomstrøyming av studentane både på den nye bachelorgraden og den nye mastergraden.  – Kvalitetsreforma var naudsynt, men har ikkje oppfylt dei resultata som var førespegla for studentane, seier Røe Isaksen.

Betalte studieavgift i 70 semester utan fullført grad

No viser det seg altså at kvar fjerde student fell frå. Som eit ekstremt døme på dårleg gjennomstrøyming trekte kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen fram ein masterstudent som hadde studert i 70 semester, og enno ikkje var ferdig med mastergraden sin.

Torbjørn Røe Isaksen peikar på at på fleire studium,  som til dømes masterstudiet i psykologi, er det nesten ingen som sluttar. Han vil likevel ikkje koma med noka tilråding om at universiteta bør innføra fleire lukka studium og innføra strengare opptakskrav. – Det er det heilt opp til universiteta og høgskulane å avgjera, understrekar han overfor Uniforum.  – Denne regjeringa kjem i alle fall ikkje til å blanda seg inn i studieporteføljen til universiteta, slik den borgarlege danske mindretalsregjeringa har gjort, legg han til.

– Må læra av dei som lykkast best

Samtidig oppfordrar han alle dei høgare lærestadene om å gå grundig inn i rapporten.

– Det er store skilnader mellom ulike institusjonar og ulike studium. Her må institusjonane inn for å læra av dei som lykkast best, seier Torbjørn Røe Isaksen i ei pressemelding.

Studentane blir yngre

Rapporten viser også at talet på studentar som er under 20 år, har meir enn dobla seg dei siste ti åra. Fleire og fleire studentar startar altså på studia rett etter at dei er ferdige med den vidaregåande skulen. Også talet på studentar over 30 år har auka, har den prosentvise delen av dei gått ned frå 30 prosent i 2006 til 28 prosent det siste året.

27 prosent av professorane er kvinner

I løpet av dei siste ti åra har 60 prosent av alle studentane vore kvinner. Det er likevel framleis langt fleire professorar som er menn enn kvinner.  I 2015 var 27 prosent av professorane kvinner.  Mellom førsteamanuensane var det 44 prosent kvinner i fjor. 

Fakta i tilstandsrapporten:

I 2015 var det registrert 245 000 studentar i høgare utdanning¨

Talet på studentar har auka med 27 prosent sidan 2006

Talet på masterstudentar har vakse med 52 prosent sidan 2006

I 2015 blei det uteksaminert 43 700 studentar frå universitet og høgskular

Det blei utført 32 250 årsverk i sektoren i 2015

Universitet og høgskular hadde driftsinntekter på 45 milliardar kroner i fjor

Talet på utanlandske statsborgarar mellom  uteksaminerte doktorgradskandidatar auka frå 35 prosent i 2014 til 37 prosent i 2015

NTNU er etter fusjonane 1. januar 2016 det største universitet i Noreg med 36700 og 6700 tilsette.

Les meir om tilstandsrapporten for høgare utdanning

 

 

 

Emneord: Universitetspolitikk, Studentsaker, Studentforhold, Undervisning Av Martin Toft
Publisert 2. mai 2016 13:00 - Sist endra 2. mai 2016 17:09

Bedre diagnoser -  før vi skriver ut resepter!

Før vi fortviler over dagens frafall og gjennomføringstid - og før vi bestemmer hva som trengs - er det viktig å avklare hva som er problemene.

Ved mange gode læresteder andre steder i verden er det ikke noe problem at gode studenter begynner på ett studium, for så å innse at det er noe annet de egentlig brenner for. Ved mange ikke-norske læresteder teller ikke dette som en svikt ved utdanningsinstitusjonene - men snarere en konsekvens av hva det vil si å studere ved et universitet.

Det er også forhastet å fortvile over gjennomføringshastighet før vi vet mer om årsaker til såkalte 'forsinkelser': skyldes det at den offentlige studiefinansieringen krever andre inntektskilder i høykost-byer? teller statistikken foreldrepermisjoner som 'forsinkelse'?

.. og at den såkalte 'kvalitetsreformen' ikke har lyktes 100% kan jo sikkert delvis skyldes universitetenes prioriteringer - men bevilgende myndigheter må også ta sin del av ansvaret. Kombinasjonen er i alle fall at 'kvalitets'orienterte norske universiteter har helt andre forholdstall mellom studenter og lærekrefter enn ved de beste universitenene i verden - hvorav mange er offentlige: se på tilsvarende forholdtall ved Berkeley University, eller  University of North Carolina at Chapel Hill...

Andreas Føllesdal - 4. mai 2016 00:04
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere