UiO vil ha matematikkolympiaden i Noreg

I 2020 må Noreg arrangera Matematikk-OL. Det foreslår Matematisk institutt ved UiO som no ber om ein statsgaranti på 20 millionar kroner.

MATEMATIKK-OL:  UiO vil gjerne ha Den internasjonale matematikkolympiaden i Oslo i 2020.

Dersom Noreg får tildelt Den internasjonale matematikkolympiaden i 2020 vil 660 deltakarar frå 110 land koma til Oslo saman med leiarar. Til saman vil arrangøren måtta finna husrom til over 1000 personar, går det fram av eit brev som Matematisk institutt har sendt til Kunnskapsdepartementet.

Deltatt sidan 1984

Matematikk-OL er ein årleg konkurranse for skuleelevar under 20 år. I Noreg går dei seks beste deltakarane i Abelkonkurransen vidare til Matematikk-OL. Noreg har deltatt kvart år sidan 1984, men har aldri vore arrangør. Det første matematikk-OL blei skipa til i 1959.

I søknaden om statsgaranti, peikar MN-dekan Morten Dæhlen og instituttleiar Arne Bang Huseby på korleis konkurransen skal gi dyktige elevar noko å strekkja seg etter. Det skal bli «en mulighet til å møte likesinnede til vennlig kappestrid, utveksle matematikkunnskaper med elever fra andre land samt bidra til et internasjonalt fellesskap på tvers av religion, politikk og etnisitet», skriv dei.

Drammen og Oslo skal vera vertsbyar

Etter planen skal arrangementet delast mellom Drammen og Oslo. Førebuingane med oppgåver skal skje i Drammen, medan resten skal gå føre seg i Oslo. MN-dekanen og instituttleiaren viser til at dei har vore i uformell kontakt med den internasjonale matematikkolympiaden som helsar ein norsk søknad velkommen. På laget har dei med seg Nasjonalt senter for matematikk i opplæringa, Landslaget for matematikk i skulen og Norsk matematisk foreining.

Leiande matematikarar har deltatt

Dekan Morten Dæhlen og instituttleiar Arne Bang Huseby trekkjer fram at tidlegare norske deltakarar har halde fram med ein mastergrad eller doktorgrad i matematikk, og er i dag dyktige matematikarar. Fleire av dei internasjonale deltakarane har seinare blitt leiande matematikarar. Dei viser til at halvparten av vinnarane av den prestisjetunge Fields-medaljen, tidlegare har deltatt i matematikk-OL. Det gjeld namn som Sir Tim Gowers, Terence Tao og Grigori Perelman.

No ber dei altså om 20 millionar kroner i statsgaranti frå Kunnskapsdepartementet. Dei håpar også å få inn sponsorinntekter på fem millionar kroner. Garantien som dei no ynskjer, skal dekkja alle utgifter som dei vil ha under eit mogleg matematikk-OL i 2020.

Emneord: Matematikk, Realfag Av Martin Toft
Publisert 2. mars 2016 12:31 - Sist endra 11. mars 2016 13:19
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere