Får millionar for å løysa gåta bak nervesjukdomen ALS

Stiftinga ALS Norsk Støttegruppe har delt ut 2 750 000 kroner til fire norske forskarar som nettopp har sett i gang banebrytande forsking på nervesjukdomen ALS. Ein av dei er medisinprofessor Joel Glover ved UiO.

VIL LØYSA GÅTE: Medisinprofessor Joel Glover har saman med andre norske forskarar fått millionar frå Stiftinga ALS Norsk Støttegruppe for å løysa gåta bak nervesjukdomen ALS.

Foto: Ola Sæther

Fakta

ALS: amyotrofisk lateralsklerose

Såkalla motonevron sjukdom som råkar dei motoriske nevronane i hjernen, hjernestammen og ryggmargen. Når sjukdomen råkar motonevronene i ryggmargen, vil dette gi lammelsar og muskelatrofi, oftast i hendene og føtene. Når det er hjernestammen sine motonevronar som blir påverka, kan det oppstå lammelsar i dei musklane som styrer tunga, svelget og respirasjonen. Om lag 15 prosent av tilfella er arvelege. (Kjelde: Store norske leksikon)

Differensiering:

Differensiering kan forklarast med at arveanlegga i dei enkelte cellene blir aktiverte på ulike måtar, og forskjellige prosessar blir sette i gang. (Kjelde: Store norske leksikon)

Induserte pluripotente stamceller:

Desse kraftfulle stamcellene blir laga ved å ta i bruk fire bestemte genar som ved hjelp av eit virus opnar DNA-et og skrur på stamcellene. Fordelen med desse omprogrammerte cellene er at dei kan hentast frå pasienten sin eigen kropp, dei blir derfor ikkje fråstøytte av immunforsvaret til pasienten. (Kjelde:Bioteknologirådet)

ALS (amyotrofisk lateralsklerose) er ein sjukdom som i stadig aukande grad øydelegg nervar i ryggmarg og hjerne slik at pasienten litt etter litt mister kontrollen over den viljestyrte muskulaturen.

Eksisterer ingen kur

Ifylgje støttegruppa fører sjukdomen til at pasienten svært fort blir dårlegare og dårlegare. I dag finst det ingen kur for sjukdomen. Så langt er det heller ikkje funne noko klart svar på kva som er årsaka til sjukdomen. Organisasjonen samlar inn pengar til forsking på ALS.

Det er forskarane Joel Glover, UiO, Trygve Holmøy, A-hus/UiO, Ioanna Sandvig, NTNU og Geir Bråthen, St. Olavs Hospital som står bak dei to forskingsprosjekta som før helga fekk tildelt over 2,7 millionar kroner frå Stiftinga ALS Norsk Støttegruppe.

Nye forskingsmetodar

Medisinprofessor Joel Glover ved Universitetet i Oslo fortel at forskinga dei no er i gang med var umogleg til for kort tid sidan.

– Nyhendet er at vi også i Noreg er i gang med ei forskingstilnærming som  starta i USA og nokre få andre land for nokre få år sidan. No kan me utføra dei same typane av studiar på norske ALS-pasientar, og få dette materialet inn i større internasjonale studiar til nytte for alle, opplyser Joel Glover til Uniforum.

– Spolar cellene tilbake

Han forklarar at forskinga går ut på å laga såkalla iPS-celler (induserte pluripotente stamceller) frå ALS-pasientar. Dette blir gjort ved å ta ein hudbiopsi (skjera ein bit av huda og lata hudcellene gro i ei skål. Red. merknad) og så utføra ei mellombels genmanipulering som skrur på genane som regulerer cellene sitt potensial for differensiering (aktivering på ulike måtar. Red. merknad), slik at cellene blir til tilnærma embryonale stamceller som kan aktiverast på alle moglege måtar.

– Det er på ein måte å spola cellene tilbake til deira tidlegaste opphav, fortel Joel Glover. Han viser til at framgangsmåten først blei oppdaga i 2006 og førte til Nobelprisen i medisin i 2012.

– Resultatet er at ein då har stamceller som ber ALS-sjukdomen. Neste steg er å laga dei motoriske nervecellene som blir råka av ALS frå iPS-cellene. Og då har me ein cellemodell der sjukdomsmekanismar kan studerast i laboratoriet på måtar som er umoglege å få til hos levande individ med sjukdommen, forklarar Joel Glover.

Både hans og Gareth Sullivans forskingsgrupper på Nasjonalt senter for stamcelleforsking ved Oslo universitetssykehus og UiO, har i løpet av dei siste tre åra bygt opp eineståande ekspertise på dette området i Noreg. Det går ut på å laga ulike typar nerveceller frå iPS-celler, og på den måten kunna etablera «in vitro»-modellar, altså laboratoriemodellar av nevrologiske sjukdomar, som til dømes Parkinsons sjukdom og Alzheimers.

Kan studera mange nevrologiske sjukdomar

– Når det gjeld ALS, skal me altså laga motoriske nerveceller, seier Joel Glover.

Ekspertisen som no er bygt opp på ALS i Noreg, vil føra til at forskarane kan finna ut meir om kva som er opphavet til sjukdomen og andre nevrologiske sjukdomar.

– No kan me tilby norske forskarar, særleg kliniske forskarar, heilt nye moglegheiter for å få innsikt i dei patologiske prosessane som ligg til grunn for nevrologiske sjukdomar. Dette kjem også eit aukande tal pasientgrupper til gode, trur Joel Glover

Emneord: Medisin, ALS, Forskning Av Martin Toft
Publisert 1. mars 2016 15:46 - Sist endra 11. mars 2016 13:24
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere