Oslo for våre føter

I dag opnar utstillinga ”Byen og Blindern” i Nasjonalmuseets arkitekturavdeling i Kvadraturen. Der kan me bokstavleg talt leggja Oslo for våre føter for nærare å sjå samanhengen mellom universitetsbygningane og byen.

FLYFOTO SOM GOLV:: Opp frå golvet som er eit flyfoto av Oslo, stig Blindern. Utstillinga heiter "Byen og Blindern" og opnar i dag på Nasjonalmuseets avdeling for arkitektur i Kvadraturen i Oslo.

Foto: Ola Sæther

Om me går inn i Sverre Fehn-paviljongen i Arkitekturmuseet, kan me leggja Oslo for våre føter. Der har heile golvet blitt dekt av eit flyfoto av Oslo frå Tøyen i aust til Bygdøy i sør, til Frognerkilen i vest og til Blindern i nord. Og midt imellom finn me universitetsbygningane i Karl Johans gate. 

– Dette er ein fin måte å visa korleis byen Oslo og universitetsbygningane har prega kvarandre i dei 200 åra Universitetet i Oslo har eksistert.  Ideen fekk me då kuratorgruppa for utstillinga sat saman for å utvikla utstillinga "Byen og Blindern", fortel avdelingsdirektør Nina Berre i Nasjonalmuseet. Dagleg leiar for Museum for universitets- og vitskapshistorie ved UiO og hovudansvarleg kurator, Bjørn Vidar Johansen nikkar og stadfestar at det var slik det skjedde. Alle dei besøkjande kan dermed gå over og på Oslo, og kvar gong dei kjem til ein sentral universitetsbygning, reiser den seg i form av ein modell opp frå grunnen. 

Viser fram gamle framtidsvisjonar

 – I dette rommet viser me fram fleire av dei første teikningane over kva visjonar ulike arkitektar hadde for universitetet i Christiania. Utstillinga viser også korleis dei ulike bygningane var inspirerte av bygningar i andre land. Observatoriebygningen var truleg påverka av Christianborg Slottskirke i København, medan dei tre universitetsbygningane i sentrum har klare førebilete i arkitekt Schinkels museumsbygning i Berlin, fortel Berre ivrig.

I taket heng ulike urealiserte visjonar om bygging av universitetsbygningar både på Tøyen, Solli plass og i Bjørvika. Dei første er frå 1916, 1917 og 1918, medan den siste visjonen er frå 2011. 

– Planen var allereie i 1811 å laga Tøyen om til det store hovudanlegget for universitetet.  Seinare kom ideen om å byggja eit kvalmuseum der. Men planane vekte stor motstand. Det kan du sjå av dette sitatet frå avisdebatten som me har hengt opp på ei av søylene: ” Å få publikum til å dra til Tøyen, er som å be solen om å gå mot øst”. Liknande argument har me også høyrt i samband med diskusjonen om kvar Munch-museet bør liggja, peikar Berre på. 

Låner originalteikningar frå NTNU

I eit av dei andre utstillingsromma i Arkitekturmuseet handlar det i langt større grad om detaljrikdomen og interiøret i bygningane på Blindern.  – Arkitekten var ofte ikkje berre ansvarleg for bygningen, men også for interiøret og møblane. Dette presenterer me gjennom originale teikningar frå samlinga vår, men også ved å visa fram originale møblar henta frå universitetet. Gunneriusbiblioteket ved NTNU i Trondheim har lånt oss originalteikningane til arkitekturprofessor Sverre Pedersen. Det var han som vann reguleringskonkurransen for Blindern. Utstillinga viser dei ulike utkasta som Pedersen og medarbeidarane hans, Eirik Eikrann og Nils Holter laga før dei blei presenterte på eit møte i Gamle festsal  2. februar 1925. Plansjane har ikkje vore vist sidan den gongen, før dei kjem fram i lyset igjen i denne utstillinga, fortel Nina Berre.

 – Akse frå Blindern til Frognerkilen

Visjonen til Sverre Pedersen var ikkje berre  å plassera universitetsbygningar på Blindern.

– Hans plan var å laga ein ambisiøs, panoramisk akse frå Blindern og heilt ned til Frognerkilen. Slik gjekk det likevel ikkje, konstaterer ho.

Dei første bygningane som kom opp var Fysikkbygningen, Farmasøytisk institutt og Svein Rosselands hus.  Arkitektar var Finn Bryn (1890–1975) og Johan Ellefsen (1895–1969) som vann arkitektkonkurransen i 1925 med utkastet som dei hadde kalla for ”Fond”. Dei stod ferdige mellom 1925 og 1936.

– Bygningane er forma i ei brytingstid og har trekk frå nyklassisisme og funksjonalisme, seier Nina Berre.

Film viser byggjearbeida på 1960-talet

Det var likevel i tiåret mellom 1960 og 1970 byggjeaktiviteten verkeleg tok av på Blindern.

– Det var Noregs aller største anleggsprosjekt på den tida, fortel Bjørn Vidar Johansen. Han er svært stolt over at dei har klart å finna ein film som viser byggjearbeida på Blindern. – Den har me redigert ned til eit kvarter, men den viser korleis arbeidarane gjekk fram og korleis lastebilane og anleggsmaskinene såg ut. Det mest tydelege er at det var ingenting som heitte Helse, miljø og sikring (HMS) på den tida. Her går arbeidarane med vanleg skyggelue og ingen hjelm, peikar han på.  Både Bjørn Vidar Johansen og Nina Berre er krye over at dei har fått med dei nyaste bygningane på Blindern på utstillinga også. Det er Georg Sverdrups hus og Ole-Johan Dahls hus.

– Av alle desse bygningane på Blindern, har du nokon favoritt, Nina Berre?

– For meg må det bli Fysikkbygningen med sitt fondmotiv mot byen og sitt sjarmerande og stramme funksjonalistiske uttrykk.

– Og du Bjørn Vidar Johansen?

– Harriet Holters hus er min favoritt, sjølv om det er ganske anonymt. Eg likar bygningen fordi det er ein klar samanheng mellom interiøret og utomhusanlegget. Det er ein organisk og veldig flott bygning, tykkjer han.

Utstillinga ”Byen og Blindern” opnar for publikum fredag 16. september i Arkitekturmuseet. Den skal stå fram til 12. februar. Universitetet i Oslo og Nasjonalmuseet samarbeider om utstillinga.

 NYASTE BYGNING. Utstillinga "Byen og Blindern" har også med ein modell av Universitetet i Oslos nyaste bygninge, Ole-Johan Dahls hus. (Foto: Ola Sæther)

 

 

Emneord: Utstillinger, Universitetshistorie, UiOs 200-årsjubileum Av Martin Toft
Publisert 15. sep. 2011 12:20 - Sist endra 15. sep. 2011 12:42
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere