Fire lovande UiO-forskarar får millionstøtte

UiO stakk av med fire av dei fem startstipenda som Det europeiske forskingsrådet (ERC) har delt ut til lovande forskarar i Noreg. Dei får 11 millionar kroner kvar. Alle dei fem forskarstipenda går til menn.

UNG OG LOVANDE: Matematikkprofessor Snorre Harald Christiansen er ein av fire UiO-forskarar som får 11 millionar kroner frå Det europeiske forskingsrådet.

Foto: Ola Sæther

Det er psykologiprofessor Anders Fjell, matematikkprofessor Snorre Harald Christiansen, økonomiprofessor Bård Harstad og forskar Hugo Lundhaug ved Det teologiske fakultetet som er dei fire frå Universitetet i Oslo som no kan setja 11 millionar kroner kvar inn på forskingskontoen sin. Den einaste som bryt UiO-dominansen, er kjemiprofessor Kenneth Ruud frå Universitetet i Tromsø.

Får starta forskargrupper

Desse fem forskarane er dermed plukka ut av Det europeiske forskingsrådet som spesielt lovande, unge forskarar. Difor får dei slike ”Starting Grants”. Pengane skal mellom anna setja dei i stand til å etablera eigne forskargrupper, og gi dei ein snøggstart som forskingsleiarar.

Psykologiprofessor Anders Fjell skal sjå på minnet, og forska på bitar av informasjon som er lagra i hjernen og rekonstruera eit bestemt minne ved hjelp av dei.For første gong  får ein teolog frå UiO tildelt dette startstipendet. Den heldige er Hugo Lundhaug, som skal forska på dei gnostiske evangelia som finst i Naq Hammadi-manuskripta.

Økonomiprofessor Bård Harstad skal forska på korleis miljøpolitikken må tilpassa seg dei økonomiske drivkreftene og kan vera ein funksjon av det politiske systemet.Den fjerde av dei som innkasserer milliongevinsten frå Det europeiske forskingsrådet, er matematikkprofessor Snorre Harald Christiansen. Han skal kombinera teknikkar frå numerisk analyse og kvanteteori for mellom anna å simulera måten komplekse materialar oppfører seg på.

Tretten får pengar frå NFR

Også dei tretten søkjarane som kom vidare til trinn 2 i søknadsprosessen og som kunne fått pengar, dersom Starting Grant-budsjettet var stort nok, vil få finansiering av Noregs forskingsråd på opptil 75 prosent av den summen dei søkte om å få frå Det europeiske forskingsrådet (ERC). Finansieringa går over budsjettet for Fri prosjektstøtte (FRIPRO), melder Noregs forskingsråd.

Emneord: Forskning, EU, Økonomisk institutt, Psykologi, Internasjonalisering, Matematikk, Teologi Av Martin Toft
Publisert 12. sep. 2011 15:08 - Sist endra 13. sep. 2011 12:42
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere