Siri Hatlen: – Me gløymde fagpersonane

– Då me høyrde lyden frå frustrerte fagmiljø, kom me på at me hadde gløymt å ta fagpersonane med i samanslåingsprosessen. Det vedgjekk avgått direktør for Oslo universitetssykehus, Siri Hatlen i ein debatt om leiarskap i akademia torsdag 18. august.

EINIGE: Både Egil Myklebust (t.v.),  Knut Aarbakke og Siri Hatlen  er einige om at det er langt lettare å snakka om vilje til leiarskap ved universitet og høgskular no enn for ti år sidan.

Foto: Ola Sæther

Det var Unio, Forskarforbundet og Universitets- og høgskulerådet som hadde fått den tidlegare direktøren for Oslo universitetssykehus, Siri Hatlen til å stilla opp i ein debatt om vilje til leiarskap, med tidlegare Hydro-direktør Egil Myklebust og leiar for Akademikarane, Knut Aarbakke som sparringspartnarar. Siri Hatlen gjekk av som direktør for Oslo universitetssykehus tidlegare i år etter at  ho ikkje fann det forsvarleg å gjennomføra dei innsparingane ho blei pålagd å gjera av styret for Helse Sør-Øst.

– Rett med samanslåing

– Det var rett å slå saman Rikshospitalet, Ullevål og Aker til Oslo universitetssykehus. Undersøkinga på førehand viste at det ville gi store fordelar både innanfor forsking og pasientbehandling. I prosessen var me svært flinke til å passa på at det var medverknad frå dei tilsette. Difor var me opptekne av både HMS-arbeidet og økonomien i fusjonsprosessen. Midt i dette løpet gløymde me altså fagmiljøa. Då var utviklinga komen så langt at det var umogleg å stansa prosjektet. Men me var komne dit at me måtte stilla spørsmål om me hadde tolka oppdraget til styret vårt rett og om me hadde valt dei rette løysingane. Då fann me ut at det var viktig å ta nokre steg tilbake, understreka ho.  

Mantraet hennar var likevel: – Leiinga skal landa avgjerder, når dei er tatt. For meg personleg har det vore fantastisk å vera leiar for kunnskapsbedrifter, slo ho fast.  

Møtt med skepsis

Tidlegare Hydro-direktør Egil Myklebust var også ekstern representant i styret for Universitetet i Oslo frå 2002 til 2009.

– Dei første åra var det stor skepsis til mi rolle som ekstern styrerepresentant. Mange meinte at UiO ikkje hadde behov for styrekompetanse utanfor institusjonen. Då eg gjekk ut av styret i 2009, var den diskusjonen stilna heilt. Sjølvsagt er Universitetet i Oslo heilt forskjellig frå Hydro,som må produsera for å overleva og for å ta vare på dei tilsette og lokalsamfunna. Økonomiske resultat bør ikkje vera eit mål for eit universitet. I framtida vil det likevel bli endå større kamp om dei offentlege løyvingane. Det blir difor viktigare for universitetet å prioritera kva det skal satsa på. Og eit universitet som får mellom 75 og 80 prosent av midlane sine frå det offentlege, må tenkja gjennom dette, meinte han.

Vil ha ekstern styreleiar

Egil Myklebust meinte at det var viktig for universitetsleiinga å sjå mellom fem og ti år inn i framtida.

– Eg trur det vil bli stilt endå sterkare krav til dokumentasjon på at universitetet oppfyller samfunnsoppdraget sitt. Det er sterkt behov for at universitetet er klar i sin strategi og sine prioriteringar. I rektorperioden til Arild Underdal brukte me tre år på samrøystes å vedta ein strategi for UiO. Rett etter vedtaket gjekk Arild Underdal av, og det kom inn ein nyvald rektor som skulle gjennomføra måla i den strategiske planen. Han var ikkje heilt einig i alt, og det blei difor valt ei mellomløysing. Personleg meiner eg at uansett om rektor er vald eller tilsett, bør ein av dei eksterne styrerepresentantane vera styreleiar. Då kan styreleiaren ha direkte kontakt med eigarane våre, medan rektor kan representera universitetet overfor resten av samfunnet, tykte han.

Dårleg arbeidsmiljø reduserer levealderen

Leiaren for Akademikarane, Knut Aarbakke meinte at ei av dei viktigaste oppgåvene til leiinga ved ein arbeidsplass, var å leggja forholda best mogleg til rette for dei tilsette.

– Desse menneska har krav på fråvær av eit arbeidsmiljø som gjer dei sjuke. Ei undersøking frå Israel viser at dårleg arbeidsmiljø reduserer den gjennomsnittlege levealderen med 2,4 år. God leiarskap tyder også å visa interesse for dei tilsette og korleis det går med dei.Styringsretten kom først, men den akademiske fridomen avgrensar styringsretten. Det vil ikkje seia at me ikkje treng leiarskap. Det blir heller det me kan kalla for fridom med ansvar, for å gjenta tittelen på rapporten frå Mjøs-utvalet, sa Aarbakke.

– Også i ein kunnskapsinstitusjon må alle spelarane spela kvarandre gode i ei samhandling, nett slik Rosenborg-trenaren Nils Arne Eggen sa, la Aarbakke til.

– Klarare roller

Møteleiar Jan Grund frå den nyfusjonerte Høgskolen i Oslo og Akershus, lurte på om Siri Hatlen ville ha hard eller mjuk leiarskap.

– Det er behov for både å støtta folk og leia dei framover. Eg har opplevd å sitja i styret for NTNU både med vald rektor som leiar for styret og med tilsett rektor med ekstern styreleiar. Det eg kan seia om det, er vel at rollene blei mykje klarare med den sistnemnde modellen. Før rektor blei tilsett, var det også ein nominasjonsprosess på alle einingane. Rektor fekk sjølv plukka ut dekanane. Me klarte også å få fakulteta til å koma med forslag til tematiske satsingsområde for forsking, med klar melding om at dei måtte prioritera. Det lykkast me med, sa Hatlen.  

– Leiarskap er ein eigen kvalifikasjon

Egil Myklebust viste til at leiarskap er ein eigen kvalifikasjon og at det er fullt mogleg for ein utan forskarbakgrunn å leia forskarar.

– Eit godt døme på det er oppdraget me fekk med å gjera noko med den vanskelege situasjonen på Rettsmedisinsk institutt ved UiO. Der var krisa komen så langt at sjølv dei tilsette såg at det var behov for å gjera noko.

– Då tilsette me ein glimrande leiar som mellombels direktør. Det første han gjorde var å kalla inn heile leiargruppa til eit møte dagen etter at han begynte. Det var første gong på ti år at den blei kalla saman. Og dei som ikkje kom, ville ikkje bli med på dei viktige avgjerdene som skulle takast. Alle kom, og han klarte å få alle til å trekkja saman. Frå ei leveringstid på over eitt år, gjekk leveringstida ned til tre månader og no er den på halvannan månad. Denne direktøren hadde ingen forskarbakgrunn, men han var ein fantastisk dyktig leiar. 

Knut Aarbakke var einig med Egil Myklebust.

– Leiarskap er ein eigen kvalifikasjon. Difor må det også setjast i gang ein eigen leiarutviklingsprosess ved institusjonane, oppfordra han til.

Alle tre var einige om at det var langt lettare å snakka om vilje til leiarskap ved universitet og høgskular no enn for ti år sidan.

Leiaren for Unio, Anders Folkestad meinte han hadde svaret på kvifor det er blitt slik.

– Den gongen blei det diskutert om det skulle innførast ein slags ”management”-modell, slik dei hadde i det private næringslivet. No blir leiarskap diskutert på universiteta og høgskulane sine eigne premissar. Då blir det ein heilt annan diskusjon, konstaterte han.

 

 

 

 

Emneord: Universitetspolitikk, Arbeidsforhold, Arbeidsmiljø, Personalbehandling/politikk Av Martin Toft
Publisert 19. aug. 2011 15:15 - Sist endra 22. aug. 2011 10:55
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere