Vedtok Redaktørplakat

Eit einstemmig universitetsstyre ved Universitetet i Bergen vedtok i går at nettavisa På Høyden skal få Redaktørplakat.

PÅ HØYDEN-STYRET TILSETT NY REDAKTØR: Det nye På Høyden-styret får mandat til å tilsette den nye redaktøren. – Dei viktigaste spørsmåla her er uavhengigheit og avstand. Begge delar tilseier at eit anna organ enn universitetsstyret gjer tilsettinga av redaktør, sa rektor Sigmund Grønmo.

Foto: uib

Under møtet i universitetsstyret i går vart På Høyden sin redaksjonelle og organisatoriske plattform drøfta. Universitetsstyret vedtok framlegget om at På Høyden skal få Redaktørplakat (sjå faktaboks) og at det skal oppnemnast eit eige styre for På Høyden. Universitetsleiinga skal ha ei liste med kandidatar klar til det første universitetsstyremøtet i haustsemesteret.

Det nye På Høyden-styret skal rapportere direkte til universitetsstyret, og På Høyden vil ikkje lenger vere ein del av den ordinære organisasjonsstrukturen.

Debatt om formålsparagraf

Framlegget til formålsparagraf for På Høyden vart gjenstand for debatt i styret. Fleire av styremedlemmene var skeptiske til ordlyden i den første setninga i formålsparagrafen slik den låg føre i saksframlegget, "På Høyden skal arbeide for å fremme Universitetet i Bergens (UiB) grunnleggende verdier slik de er nedfelt i Universitets- og høgskoleloven og universitetets strategi".

– Formuleringar som ”å arbeide for å fremme” er ein uheldig ordlyd i denne samanhengen. I saksframlegget vert det understreka at det er viktig at På Høyden søker om medlemsskap i Den Norske Fagpresses Forening. Slike formuleringar kan vere problematiske i høve til ein slik søknad, sa styrerepresentant Sigrunn Eliassen.

I eit intervju med Universitetsavisa førre veke uttrykte også generalsekretær Nils E. Øy i Norsk redaktørforening skepsis mot framlegget til formålsparagraf.

Rektor Sigmund Grønmo understreka under møtet i går at det ikkje er snakk om ei binding til universitetet sin strategi, men om å ha utgangspunkt i UiB sine verdiar slik dei kjem til uttrykk i strategiplanen for 2011-2015.

– Universitets- og høgskulelova gjeld alle universiteta. Nettopp difor er det viktig å gjere det klart kva som er UiB sine grunnleggande verdiar. Mest autoritativt kjem dei til uttrykk i den strategien som universitetsstyret har arbeida med over lang tid, sa han.

 

Fakta/ Redaktørplakaten

* Redaktørplakaten skildrar den ansvarlege redaktøren sine oppgåver når det gjeld å ha pressa sine ideelle mål for auge. Den er meint å sikre redaktøren si uavhengigheit i høve til eigarane.
* Plakaten fastslår at redaktøren skal dele grunnsynet og føremålsreglane til mediet. Men innanfor denne ramma skal redaktøren kunne leie redaksjonen fritt og uavhengig og stå heilt fritt til å forme meiningane til mediet, sjølv om dei i enkelte spørsmål ikkje vert delte av utgjevaren eller styret.
* Den ansvarlege redaktøren har det personlege og fulle ansvaret for innhaldet i mediet.
* Også Lov om redaksjonell fridom i media fastslår at det innanfor ramma av grunnsynet og føremålet til verksemda er redaktøren som skal leie den redaksjonelle verksemda og ta avgjerder i redaksjonelle spørsmål. Eigaren av medieføretaket eller den som på eigaren sine vegne leier føretaket, kan ikkje instruere eller overprøve redaktøren i redkasjonelle spørsmål, og kan heller ikkje krevje å få gjere seg kjend med skrift, tekst eller bilete eller høyre eller sjå programmateriale før det blir gjort allment tilgjengeleg.

Kjelde: Redaktørplakaten og Lov om redaksjonell fridom i media

 

Han understreka samstundes at han støtta framlegget om å endre noko av ordlyden i framlegget tilformålsparagraf. Etter ein langvarig diskusjon, vart universitetsstyret samde om ein ny formålsparagraf for På Høyden. Her heiter det at:

"På Høyden skal være en avis for universitetet i Bergen (UiB) hvor hovedmålgruppen er ansatte ved UiB. På Høydens redaksjonelle virksomhet skal være forankret i Universitetet i Bergens (UiB) grunnleggende verdier slik de er nedfelt i Universitets- og høgskoleloven og universitetets strategi. På Høyden skal bidra til å synliggjøre ulike sider ved universitetets virksomhet innenfor undervisning, forskning og formidling, samt fremme meningsutveksing og fri debatt. På Høyden skal tilstrebe et journalistisk perspektiv i tråd med den frie pressens idealer."

Skal lyse ut redaktørstilling

I saksframlegget vart det foreslått at redaktørstillinga skal utlysast på nytt, at det nye På Høyden-styret skal ha mandat til å tilsette den nye redaktøren og at redaktørstillinga skal vere ei tidsavgrensa stilling med ein fungeringsperiode på tre år. Etter fungeringstida skal redaktøren ha krav på ei anna fast stilling ved universitetet dersom ein ikkje får forlenga perioden. Også endringane i redaktørstillinga vart gjenstand for diskusjon i styremøtet.

– Dei viktigaste spørsmåla her er uavhengigheit og avstand. Begge delar tilseier at eit anna organ enn universitetsstyret gjer tilsettinga av redaktør. Dersom universitetsstyret skal forholde seg direkte til redaktøren, skaper dette ein nærleik som kjem i strid med ønsket om uavhengigheit, sa Sigmund Grønmo.

Framlegget om at det blir det nye På Høyden-styret sitt ansvar å tilsette ny redaktør vart vedteke med åtte mot tre stemmer. Avgjersla om å lyse ut redaktørstillinga på ny vart vedteken med sju mot fire stemmer.

– Uheldig rolleovergang

Fleire av styrerepresentantane stilte også spørsmål ved kvifor redaktørstillinga skal vere ei tidsavgrensa stilling.

– Ved å gjere det på denne måten får vi potensielt ein stab som aukar kvart tredje år. Ei anna problemstilling er spørsmålet om lojalitet. Frå å vere ein redaktør med ei viktig rolle i å fremme debatt, skal personen kanskje inn i eit heilt anna system. Dette verkar uryddig, kommenterte Sigrunn Eliassen.

Også styrerepresentant Peter Haugan peika på det han tykkjer er ein uheldig rolleovergang.

– Det er prinsipielt problematisk å gå frå ei kritisk og uavhengig rolle til ei anna stilling, sa han.

Universitetsstyret vart ikkje samde om kor vidt redaktørstillinga skal vere ei tidsavgrensa stilling, og spørsmålet vert teke opp att når det nye På Høyden-styret er på plass til hausten.

 

Emneord: Media, Forskningsformidling, Universitetspolitikk Av Åse Johanne Roti Dahl i På Høyden
Publisert 1. juni 2011 10:30 - Sist endra 1. juni 2011 15:20
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere