– Eit slikt forskingssamarbeid om nano- og mikroteknologi kan vera med på å skapa ei betre og meir berekraftig framtid. Det kan få mykje å seia både for grunnforskinga og den bruksretta forskinga, sa statsråd Tora Aasland, før ho opna det nasjonale samarbeidet om nanoteknologi ved å trykkja på ein knapp som fekk eit skjermbilete med namna på alle samarbeidspartnarane til å røra på seg.
– Eg er heilt viss på at dette forskingssamarbeidet også kan innfri alle dei forventingane som appellerer til yngre forskarar som vil satsa på nanoteknologi. Dessutan vil dette gi oss nyttig kunnskap som også kan koma til nytte for norsk næringsliv. Difor er det viktig at norske forskingsinstitusjonar markerer seg på dette forskingsfeltet, meinte ho.'
Til saman disponerer NTNU, Universitetet i Oslo, SINTEF og Høgskolen i Vestfold nesten tre handballbaner (over 2300 kvm.) med reintromslaboratorium som no får felles ”inngangsdør”. I laboratoria blir det stilt ekstreme krav til reinleik fordi det blir forska på naturen sine aller minste byggjesteinar. Nanostrukturar blir målte i milliondelar av ein millimeter, går det fram av ei pressemelding.
Satsar 71 millionar
NorFab er ein nasjonal infrastruktur for mikro- og nanofabrikasjon, som er etablert takka vere ei løyving på 71 millionar kroner over fire år frå Noregs forskingsråd. Samarbeidet vert leidd frå NTNU NanoLab.
Mikro- og nanoteknologi har dei siste åra blitt eit viktig forskingsområde og kommersielt vekstområde. Ei drivkraft har vore miniatyriseringa innanfor halvleiarindustrien. Ein reknar også med at mikro- og nanoteknologi vil kunna bidra til å løysa utfordringar knytte til energi, miljø og medisin. For å koma dit blir det kravd ein sterk forskingsinfrastruktur på høgt internasjonalt nivå. Det skal vera NorFab si oppgåve, lovar dei som står bak.
KLASSEBILETE: Forskingsminister Tora Aasland omkransa av leiarar frå UiO, NTNU, Høgskolen i Vestfold og Forskingsrådet etter at ho har utført den offisielle opninga av NorFab. (Foto: Martin Toft)
Der skal både akademia og bedrifter få tilgang til kompetanse og utstyr som dei treng. NorFab vil koordinera investeringar i utstyr, men også laga felles prislister og tilgangsrutinar for brukarane, står det i pressemeldinga frå NTNU NanoLab.
Logg inn for å kommentere
Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere