Klimafestival fengde små og store

Nærare 5000 personar i alle aldersgrupper tok laurdagsturen til klimafestivalen som UiO skipa til på Blindern i helga. Både debattar, soloppvarma mat og el-billøp stod på festivalmenyen.

SÅPEBOBLEBLÅSING: Denne guten prøvde å blåsa ei størst mogleg såpeboble under Klimafestivalen på Blindern.

Foto: Ola Sæther

Dagen starta med at rundt 1200 tidlegare studentar tok turen til Tørteberg for å bli tatt bileta av saman med dei fleire tusen tulipanane. Fleire av dei gjekk vidare til opningsdebatten i Sophus Lies auditorium. Der var det klart for ein miljøduell mellom antropologiprofessor Thomas Hylland Eriksen og miljøvernminister Erik Solheim

Dei blei introduserte av UiO-rektor Ole Petter Ottersen. – UiO skal ta utfordringa klimaendringane gir oss på to måtar. Gjennom forsking og gjennom formidling av tema innanfor området,  slik denne klimafestivalen er eit godt døme på, sa Ottersen før han overlet ordet til debattleiar Silje Lundberg, som er nestleiar i Natur og Ungdom og debattdeltakarene Thomas Hylland Eriksen og Erik Solheim.(biletet under)

Sjølvmotseiinga Noreg

Hylland Eriksen tok sats og starta straks med å fyra av ei verbal haglladning frå hofta.

 – Noreg går omkring som ei stor sjølvmotseiing. Me snakkar om behovet for klimatiltak både i Noreg og i resten av verda, og preikar om kor viktig det er med fornybare energikjelder. Samtidig er me alle saman petromane, eller oljeavhengige. Dette minner meg om då Trygve Lie var generalsekretær for FN og fordømde Sør-Afrika på grunn av apartheid-politikken deira, samtidig som afrikanarar blei nekta inngang på norske restaurantar og utestader, konstaterte han.

– Me må ha nokre insentiv til ei berekraftig utvikling. Det er eit paradoks at Bergensbana i dag brukar lenger tid enn den gjorde for 30 år sidan. Faktum er at at på ein indeks der klimautslepp er eitt av tre hovudelement, saman med lykke og levealder, hamnar Noreg på 88. plass i verda. Den står i kontrast til den offisielle statistikken over kva land det er best å bu i, der Noreg som regel hamnar mellom dei tre beste, slo Hylland-Eriksen fast. 

– Tenester skal vera billege og varer dyre. Viss nokon vil reisa til Thailand, skal det kosta pengar, men inntektsskatten skal i tillegg vera mindre enn i dag, meinte antropologiprofessoren.  

 

– Enkeltpersonar skapar endring

Erik Solheim hellte malurt i begeret til dei som meinte at det var politikarane sitt ansvar å ta tak i klimaproblema.

– Det er stort sett enkeltpersonar som har klart å skapa endringar i verda. Antislaveriselskapet blei starta i England for over 200 år sidan. Dei fekk oppheva slaveriet i dei europeiske koloniane og seinare blei det også oppheva i USA. I dag er Barack Obama USAs første svarte president. På 1970-talet blei me som talte for full barnehagedekning gjort narr av for det. I dag har me klart å få det til.

  Det er viktig kva tiltak Noreg set i gang mot klimaendringane også her i landet. Det er ingen land i dag som ikkje tar dette på alvor. Dei einaste som ikkje trur på det er Det republikanske partiet i USA, Det konservative partiet i Australia og Framstegspartiet i Noreg. Me har behov for ei teknologisk endring som kan gi ei omstilling i næringslivet. Og biletet er langt frå så svart som Hylland-Eriksen teiknar det, meinte Solheim. 

– Eg vil gjerne trekkja fram det norske regnskogsinitiativet. Evalueringar har vist at det er ingen andre klimatiltak som har gjort så mykje for å hindra avskoging. I Brasil har farten i avskoginga gått tilbake med 70 prosent etter at me oppretta regnskogsfondet, understreka Solheim.

– I Guyana har avskoginga  derimot auka i den perioden.  Det er fordi de drar til Georgetown og snakkar med dei statstilsette i staden for å dra inn i regnskogen, kvitterte Hylland-Eriksen med.

Miljøvennlege parti gjekk tilbake

– Dette har du ikkje greie på Hylland-Eriksen, og eg kunne gjerne ha site her ein heil ettermiddag og berre diskutert Guyana. Det har me ikkje tid til no. Tala sin klare tale viser at alle dei partia som snakka om miljø under Stortingsvalet i 2009, SV, KrF og Venstre alle gjekk tilbake. For veljarane var det andre ting som var viktigare enn miljø då dei bestemte seg for partival, konstaterte Solheim.

– I Stortinget får eg aldri kritikk for at eg gjer for lite for miljøet. Det er slik kritikk eg gjerne vil ha. Derimot er det alltid spørsmål om miljøministeren ikkje kan syta for mindre strenge utsleppskrav til lokale bedrifter, fortalde statsråden.

Hylland-Eriksen meinte det ikkje var mogleg å frikjenna politikarane.

– Politikarane må no syna leiarskap. Det må bli mogleg å bruka fem timar på togreisa til Oslo og Bergen, slik at folk føretrekkjer det framfor nesten ti timar i bil, sa Hylland-Eriksen.

I ein klimamonolog appellerte forfattaren Jostein Gaarder til slutt med at me alle måtte ta eit anvar for komande generasjonar og komande tider.

– Vår tid er kanskje den viktigaste for oss, men ikkje for komande generasjonar og komande tider. Difor må me overlata jorda i god stand også til dei som kjem etter oss. Me må utvikla ein gen for at genane våre overlever fleire generasjonar framover, meinte Gaarder.

Miljømyldring på Blindern

Ute på Frederikkeplassen på Blindern var det stand frå fleire fagmiljø. I ein bod demonstrerte dei korleis det var mogleg å koka mat ved hjelp av sollyset. Ein annan stad viste dei fram bilar drivne av hydrogen,  og ein tredje stad heldt NRK P2 direktesending med klimadebattar. Framfor Studentparlamentets Villa Eika opptrådde unge og lovande artistar heile dagen. 

På Halvor Blinderns plass mellom Fysikkbygningen og Helga Engs hus, var det elbilløp. Det var ikkje kappkjøring. Den som fekk best tid, ville vinna. I den eine elbilen sat rektor Ole Petter Ottersen og prorektor Inga Bostad (biletet), medan viserektorane Doris Jorde og Ragnhild Hennum sat i ein annan. 

Det var kanskje litt for lite fart over desse bilane, difor samla mesteparten av publikum seg på øvre del av Blindern. Der fekk dei også sett nedsmeltinga av isfiguren av den siste fiskeøgla forskarteamet til Jørn Hurum (bak på biletet) fann på Svalbard. Då kunne dei sjå dokumentarfilmen ”Death of A Sea Monster”, som handlar om denne fiskeøgla, og filmen er produsert av National Geographic.

  

Emneord: Miljøforskning, UiOs 200-årsjubileum, Forskningsformidling, Realfag Av Martin Toft og Ola Sæther (foto)
Publisert 22. mai 2011 12:55 - Sist endra 24. mai 2011 09:46
Legg til kommentar

Logg inn for å kommentere

Ikkje UiO- eller Feide-brukar?
Opprett ein WebID-brukar for å kommentere